Kommentar

15 månader med regjeringa til Støre

Hausten 2021 var den nye regjeringa på plass. Eitt statsbudsjett og meir enn eit år seinare kan ein stille seg spørsmålet: Korleis har denne regjeringa sin politikk påverka studentane?

Publisert Sist oppdatert

Som mange hugsar, men sikkert vil gløyme, starta 2022 med Zoom-førelesingar samstundes som vi freista å ikkje gå på veggen av både keisemd og einsemd. Den 13. januar kom den etterlengta pressemeldinga frå Støre og kompani: Studentane kan endeleg ha fysisk undervising att.

Hybridundervising, framleis høgst reell smittefare og skyhøge straumprisar gjer at Kunnskapsdepartementet den 4. februar sender ut melding om at det som skulle bli første runde med straumstøtte er tilgjengeleg. Med 1500 kroner meir på konto (om ein betaler eigen straum) kunne studentane hutre seg litt mindre gjennom vinteren som heldigvis gjekk over til vår.

Både heimeeksamen og Sluppeneksamen stod for tur att, sannsynlegvis etterfulgt av ein sårt trengt sumarjobb. Haustsemesteret byrjar. Parallelt med fadderveka, forelesingar, øvingar og semesteroppgåver spring regjeringa Støre att og fram i stortingsgangane og sveittar for å få på plass statsbudsjettet for 2023. Den 6. oktober vert den gule lefsa endeleg presentert offentleg.

Essensen av studentpolitikken i statsbudsjettet verkar i hovudsak å dreie seg om innsparing. Eit viktig punkt var at regjeringspartia ville prisjustere, ikkje auke, studiestøtta med 2,8 prosent. Dette vil seie at ein får kring 328 kroner meir i månaden. Dette er ikkje akkurat ein imponerande sum frå eit Arbeiderparti som lova ein auke for å gjeve studentane betre levekår.

LES OGSÅ: Ro, Ro til NM-Gull, mye heder får du da

Etter forhandlingar med SV kunne ein til alt hell høyre statsminister Støre på ein pressekonferanse 29. november erklære at det vert ein auke i studiestøtta på 9022 kroner for studieåret 2023. 6. oktober kjem også pressemeldinga om at utanlandske studentar skal betale for å studere i Noreg. Forslaget er umiddelbart upopulært blant store delar av studentmassen, og det med god grunn.

Prinsippet om at ein i Noreg har og skal tilbyde gratis utdanning, forsvinn ved ei slik innføring. Som fleire har peika på, kjem innføringa til å gjere at ein mister viktige ressursar i både undervising og forsking. Ein vil få ein universitetssektor som har blikket vendt innover, oppteken av sine eigne sparingsbehov, framfor ein som har blikk for internasjonalisering og samarbeid.

Paradoksalt nok kjem pressemedlinga om at regjeringa gjev 13 norske universitet og høgskular 90 millionar kroner til internasjonalt utdanningssamarbeid med partnarar i Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea, USA og Canada. Desse løyvingane vil styrke Noreg som kunnskapsnasjon, meiner regjeringa.

«Eg er glad for å sjå at prosjekta vi no støttar, legg opp til at fleire studentar kan dra på utveksling til våre prioriterte samarbeidsland», sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet i haust. Det verkar altså som om det er viktigare at norske studentar får reise ut i den store verda og lære, enn atinternasjonale studentar får same moglegheita i Noreg.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS