Gripande, men føreseieleg

Lyden av to hender er lettlest og fengande, men han kunne ha vore meir subtil.

Publisert

Tittel: Lyden av to hender (2021)
Forfattar: Sunniva Relling Berg
Sider: 338
Forlag: Samlaget

Lotte satsar alt på å bli konsertpianist og blir difor knust då ho ikkje blir vald som solist til Vårkonserten i Wien. Dette gjer at ho reiser heim til Noreg for å søke råd hjå Jákob, hennar tidlegare pianolærar som er einsleg, mutt og mystisk. Gjensynet med Jákob får ho til å innsjå at ho eigentleg ikkje veit så mykje om historia hans, og om kvifor han gav opp karrieren sin som konsertpianist. Lotte byrjar å nøste opp i Jákob si fortid, samtidig som ho prøver å finne ut av sin eigen kvartlivskrise.

Forfattar Sunniva Relling Berg har tidlegare skrive for barn og ungdom, og debutromanen Utfor (2011) blei nominert til fleire prisar. Med tre ungdomsromanar bak seg er Lyden av to hender hennar første roman for vaksne. Han er ein spennande og god lesnad, men det kan merkast at forfattaren er mest erfaren med ungdomslitteratur.

LES ÒG: Me må tørra å ta innover oss kva 22. juli faktisk var. På laurdag skal Studentersamfundet markera at det er 10 år sidan terroråtaket med teamet Utøya på Samfundsmøtet.

Lyden av to hender er ei lettlest bok og ein kan enkelt leve seg inn i handlinga. Tankestraumane til Lotte og Jákob gjer at ein får ei viss forståing og sympati for gjerningane deira, samtidig som ikkje alt blir avslørt med det same. Mystikken gjer meg nysgjerrig, men karakterane eller handlinga har ikkje nok djupna til at historiene frå fortida og dei framtidige hendingane kjem særleg overraskande på. Karakterane er interessante og samansette, men lite blir overlate til eigen fantasi og romanen kan verke litt enkel. Nysgjerrigheita mi går difor like mykje ut på å finne ut om det eg reknar med hender faktisk stemmer.

Likevel er romanen vanskeleg å legge frå seg. Den lettleste historia gjer boka til perfekt lesing i ferien når ein vil kople av, eller som ei verkelegheitsflukt mellom seansar med tung pensumlesing. Skildringane, som er noko påklistra, er vakre og leikne, og teiknar kjensler og hendingar på ein attkjennande og kreativ måte.

LES ÒG: Flertallet av studentpolitikere i Studenttinget, Velferdstinget og Sit-styret har hatt andre frivillige verv da de ble valgt. – Aldri opplevd konflikt rundt habilitet, sier Studenttinget.

Romanen er fengande nok til at eg blir med heile vegen, men eg er ganske sikker på at 16-årige meg ville vore meir begeistra for dei gåtefulle personane, og ikkje avslørt handlinga like enkelt. Eg er difor usikker på om Lyden av to hender er ein vaksenroman for ungdom eller ein ungdomsroman for vaksne.

Powered by Labrador CMS