Me skal aldri gløyma, men heller aldri godta

Me må tørra å ta innover oss kva 22. juli faktisk var. På laurdag skal Studentersamfundet markera at det er 10 år sidan terroråtaket med teamet Utøya på Samfundsmøtet.

Publisert Sist oppdatert

I år er det ti år sidan dagen som får det til å gå kaldt nedover ryggen på oss. Ti år sidan me vart satt ut av bombeåtaket i Oslo, då meldingane om skyting på Utøya byrja å tikka inn. Ti år sidan 77 menneske brutalt vart rivne frå oss i terroråtaket i Regjeringskvartalet og på Utøya.

Den spontane reaksjonen etter åtaket var at dette var eit åtak på heile Noreg. Heile landet samla seg i rosetog, og saman felte me tårer over korleis terroristen gjekk til åtak på oss, vårt samfunn og vårt demokrati. Det var viktig og unikt at me møtte hatet med kjærleik og samhald.

LES OGSÅ: Studenttinget ønsker å fjerne ordningen med studentprester på campus

Den kjærleiken og samhaldet kan likevel ikkje stå i vegen for at me skal ta eit reelt oppgjer med verdisynet bak terroråtaket. Sjølv om terroristen stod åleine om åtaket, er han ikkje åleine om haldningane som låg bak. Det politiske hatet, verdisynet og konspirasjonsteoriane hans lever framleis i beste velgåande, også i rikspolitikken. På trass av dette har me enda ikkje tatt eit tilstrekkeleg politisk oppgjer med desse verdiane når me no går inn i tiårsmarkeringa.

Me må tørra å ta innover oss kva 22. juli faktisk var. Det var eit angrep på AUF og mot Arbeiderpartiet. Terroristen gav seg sjølv heltestatus for at han «strupa rekrutteringa» til Arbeiderpartiet, ved å skyta engasjert ungdom som brann for å skapa eit meir inkluderande samfunn. Det var eit forsøk på å setja ein stoppar for solidaritet, multikulturalisme og mangfald.

LES OGSÅ: Vaksineforsinkelser får konsekvenser for studentene

Det har vore lite rom for å akseptere at åtaket var mot Arbeiderpartiet. Arbeiderpartipolitikarar som har prøvd å fronte dette har vorte skulda for å «dra 22. juli-kortet» eller å «dra politisk gevinst» på terroråtaket. Det har med dette vore liten vilje til å ta eit oppgjer med dei høgreekstreme haldningane som førte til åtaket.

Dette oppgjeret trengst meir enn nokon gong tidlegare. Me ser i dag ei stadig aukande radikalisering i lukka forum. Me lever i eit samfunn der dei høgreekstreme kreftene vert stadig meir organiserte. Etter 22. juli har me også sett eit nytt terroråtak som var tufta på det same verdisynet: åtaket mot moskeen i Bærum. Det er ein reell og overhengande fare for at desse haldningane fører til fleire åtak i åra som kjem.

Me skuldar både dei 77 ofra og demokratiet vårt at me tar eit oppgjer med dette verdisynet. Saman må me kjempa kampen mot rasisme og høgreekstremisme på ein dagleg basis. Det er ikkje nok å ikkje gløyma, me må også gjera det me kan for at slike åtak ikkje skjer igjen.

LES OGSÅ: Færre medlemmer på Samfundet enn før pandemien

Powered by Labrador CMS