LITEN OG RUND: Vegetarpizzaen kommer i tallerkenstørrelse.

Burger og pizza på Dovrebanen

Ein smakebit av menyen til SJ nord.

Publisert

Ein medpassasjer manøvrerer seg gjennom toget med ei varm grillpølse i handa. Lukta blir hengande i lufta etter at han har forsvunne inn i neste vogn. Svolten vaknar, men tørr brødskive og sveitt ost fristar lite. Med over fire timar att på toget er det ikkje vanskeleg å overtyde seg sjølv om at eit varmt måltid er ei nødvendigheit for å halde ut.

Restaurantvogna SJ nord (Dovrebanen)

Dovreburgar: 169 kr

Pizza - 4 norsk ostar: 119 kr

Du går målretta mot midten av toget og vinkar glasdørene til den vesle restaurantvogna opne. Det er ikkje mange sitteplassar å velje mellom, men du finn ein ledig vindusplass i ein skinnstol. Landskapet susar forbi i snaue 70 kilometer i timen. Maten blir servert etter rundt ti minutt – rykande halvfersk – til noko mellom kiosk- og høgfjellspris. Ingen studentrabatt. Ulikt anna hurtigmat ser måltidet like apetittvekkande ut i verkelegheita som på menybileta.

Dovreburgaren står vakkert oppstilt på papptallerkenen, med eit lite dryss Sørlandschips på sida. Elgburgaren har berre eit snev av viltsmak og minner mest om karbonadane på vegkroa. Brødet er saftig og lett og har ei porøs skorpe som smuldrar i store flak. Soppmarmeladen, som ifølge menyen skulle ha vore der, verkar heilt fråverande. Eit tynt lag med heimelaga hamburgardressing får innhaldet til å henge saman, men her har dei ikkje vore sjenerøse på verken smak eller mengde.

SALT SNACKS: Burgeren serveres med Sørlandschips på siden.

Skiver av sylteagurk ligg på lur mellom laga. Coleslaw kjem som eit friskt og litt pussig innslag og samansetninga av ingrediensane overskyggar det vesle hintet av elg framfor å framheve det. Kva var i vegen med vanleg salat og tyttebærrømme? Elgburgaren har loge på cv-en, men smakar likevel godt – hovudsakeleg på grunn av tre skiver perfekt sprø bacon.

Togmenyen inneheld også to typar pizza. Den med fire norske ostar kjem i tallerkenstorleik og med eit lass ruccola. Du får også tilbod om rømmedressing. Botnen er god på smak og har krønsj i kantane, men er ein smule klissete i midten. Flekkar med tomatsaus gir ein overdriven smak av tomatpuré og dei har vore litt vel ivrige med oreganobøssa. Under laget med grøn ruccola kan du telje deg fram til fire ostar i ulike fargar, truleg gulost, blåmuggost, fetaost og cheddar. Pizzaen luktar og smakar smått av søt blåmugg, men dei andre tre ostane er meir beskjedne. Vegetarpizzaen er som ein oppgradert, krympa versjon av grandiosa og fungerer greitt som reinsleg fingermat.

Eit besøk i restaurantvogna kan vere verdt det for den varme maten. Porsjonane er små, men store nok til å kvele drønnet av svolt på veg over Dovrefjell. Likevel blir det nok nistepakka neste gong.

LES OGSÅ: Sprinkelseng og babymat på Lyche

Powered by Labrador CMS