GJENBRUK AV KOSTYME: SIT hadde henta seg kostyme frå kostymelageret, so desse kunne kjennast att for dei blant tilskodarane som har sett ei og anna oppsetjing på Huset tidlegare.

Teatermelding

Fjong teaterføljetong om Lundamo motell

Studentersamfundets Interne Teater leverer mykje rart gjennom semesteret, og med såpeoperaen Lundamo Motell: The Return i fleire akter sikrar dei sundagsunderhaldinga framover.

Publisert Sist oppdatert

Utan å veta heilt kva eg skal forventa, går eg mot Knaus tidleg sundag kveld. Klokka 18 skal vi returnera til Lundamo motell. Ikkje at eg har vore der før, men Samfundets Interne Teater har visst det. Og det er sjølvsagt SIT som skal taka oss med dit denne gongen òg.

INVITERTE SAMFUNDSMØTET: Baron Shappard vitja sjølvaste Storsalen på laurdag for å invitera til Lundamo motell neste dag.

Éin av skodespelarane kjem ned trappa og ser ut til å vera ganske overgjeven over kor mange som er til stades. Altfor mange til at alle kan få plass på Knaus. Heldigvis er speletida kort, so løysinga med å køyra to førestillingar fungerer godt. Og det er vel verd det, for intime Knaus er det perfekte lokalet for denne oppsetjinga. Eg er redd dei må førebu seg på minst to førestillingar, moglegvis meir, dei komande sundagane. Spør du meg, og det gjer du jo om du les denne meldinga, so er nemleg dette noko alle bør få med seg. Eit førebiletleg døme på ansvar for eige initiativ.

Vel på plass inne på Knaus får vi ei kort innleiing som gjev noko kontekst, men òg nokre fleire spørsmål. Dette mellom anna fordi SIT i dag visst ikkje veit heilt kva SIT gjorde for 20 år sidan. Ein herleg måte å byggja noko nytt og fjongt på ein tradisjon, eller i alle høve på noko gamalt. Ein kort video introduserer rollelista, og so er vi i gang.

Introduksjonen, kulissane, tangentspelet og ljossetjinga gjer det lett å koma inn i universet vi skal få vera i det neste kvarteret. I tillegg er karaktergalleriet stort og variert nok til at det kjennest komplett, men lite nok til at ein greier å ha oversikt. I tillegg får vi, med både munnleg annonsering og sprittusj på papp-plansjar, god hjelp til å veta når handlinga utspeler seg. Kjenningsmelodien er passande nok tonane frå songen om mannskoret Polyfon på veg til Lundamo, og ikkje minst får vi ein cameo av Tormod (Gjestland).

MEIR KULTURLESING? Vi har òg meldt SIT, saman med SO, si meir planlagde oppsetjing av Urinetown

Skodespelet er herleg overspel med ein viss ironisk distanse, kanskje spesielt der det skin gjennom at dette prosjektet vart starta på måndag. Det er heilt på sin plass at latteren sit laust hjå publikum, men jammen har SIT klart å gjera det spanande òg. Avslutningsvis får vi sjølvsagt ei kort oppsummering av spørsmåla vi må finna ut av dei komande sundagane, og eg kan ikkje seia anna enn at eg gler meg (og at det nesten er for lenge til neste sundag).

Bortkomne dokument og mistenkjelege karakterar

KJENNING I REFLEKS: Allereie fyrste veka i drift fekk motellet ein høgst celeber gjest.

Tykte du dette høyrdest spanande ut, men var ikkje der og fekk med deg denne fyrste episoden? Her kjem mi oppsummering av handlinga so langt, slik at du kan hoppa inn og fylgja med frå neste sundag av. NB: Røpealarm!

Den fyrste karakteren vi møter på scena, er Grazini Vazzelini (Bendik Johansen) med ei lommelykt. Han kjem til motellet som arving og ny direktør, og påpeiker at det ikkje har vore nokon der på tjue år, sjølvsagt til blinkande ljos og musikk som hjelper på grøssinga.

Kona Vendela Vazzelini (Sigrid Alstad) kjem òg på scena, og påpeiker at det ikkje har vore nokon der på tjue år, nok ein gong til blinkande ljos og musikk som hjelper på grøssinga. Saman ynskjer dei seg eit attendeblikk til den siste dagen det var folk på motellet, altso for 20 år sidan. Det får dei, naturlegvis.

Attendeblikket syner foreldra til Grazini, sjølvaste Dino (Sigurd Moen) og Sølvi (Anna Bowe) Vazzelini som vert via av presten (Sigrid Festøy). Dette får dei sjokkerande nok ikkje gjere i fred, for inn kjem Sølvi sin far, Arne Christensen (Fredrik Fossan-Waage) for å sabotera. Han har ei bombe, og Sølvi legg på flukt med spedbarns-Grazini, medan Dino skal gøyma skøytet til eigedomen. Attendeblikket tek slutt medan Dino, med denne sabotøren hakk i hel, er på veg inn mot rom 219.

HJELP FRÅ FAMILIEADVOKATEN: Den mistenkjelege Gru utgjev seg for å vera til hjelp for Vazzelini-paret, men underteikna er Skrech-eleg spent på kva som skjer vidare med denne karakteren.

Attende i notid, men ei veke etter at Grazini og Vendela fyrst kom til Lundamo motell, sjekkar fleire gjestar inn på hotellet – nei, motellet – som imponerande nok allereie er i drift. Tormod får rom 217, før Baron Sheppard (Olav Ødegård) kjem inn og ynskjer seg rom 219. Det finst visst ikkje, so han får 218. Vidare kjem det fram at Grazini og Vendela treng å finna skøytet og Dino sitt testamente for å kunna driva motellet vidare, og dei har søkt hjelp av detektiven Skrech Åsmund Gru (Kari Ellingsen), som har vore familieadvokat for Vazzelini-slekta gjennom generasjonar. Sistnemnde spør òg etter rom 219, som framleis ikkje finst, so han får 220.

LES ÒG: Vår melding av årets medisinarrevy

På eit tidspunkt er òg Handverkar Chips (Fredrik Vildgren) på scena og hintar om at han kanskje veit meir enn somme andre her, og Baron Sheppard sår tvil kring Gru sine motiv for å vera til stades og hjelpa. Noko uventa vert stykket til Harry Potter-tilhengjarfiksjon i ein augneblink, når det lynforma arret som Grazini fekk på leggen for 20 år sidan, iler og gjer vondt av at Gru er i nærleiken.

Mot slutten er det middagstid, og den noko klønete Kokken Tor (Fredrik Fossan-Waage) avdekkjer med eit uhell døra til rom 219. Han legg med det opp til ei spanande fortsetjing.

Eg veit ikkje kva som skjer neste veke, men eg veit kor eg skal vera klokka 18 dei komande sundagane. Hadde eg hatt tomlar på føtene, hadde eg gjeve fire tomlar opp, men det har eg ikkje, so det vert diverre berre to.

Powered by Labrador CMS