SKREMMANDE: Formidlinga vekker eventyrglede, men det er ikkje eit barneeventyr.

Anmeldelse:

Prisvinnande teater i eige stove

Havboka, ei teaterframsyning som film, viser det skremande og obskure ved havet, formidla på ein harmonisk, fortvilande og gripande måte.

Publisert Sist oppdatert

Havboka

Lengde: 75 minutter
Regissør: Ole Anders Tandberg
Pris: 95,-
Kan sees: Til september 2021

Når ein set seg for å sjå eit teaterstykke som filmversjon heime i stova, er det mykje som kan gå gale. Eg frykta forstyrring, distraksjonar, dårleg internett, dårleg lyd, liten skjerm og bortkasta pengar. Frykta var grunnlaus. Etter at eg trykte «play» kunne verken snopet mitt eller støyen frå naboane løyse meg frå det som føregjekk på skjermen.

Teaterstykket er sett saman av fakta om havet, og fiskeskrøner fortalt av ein fiskar og ei håkjerring, begge spela av Jan Sælid. Stemma hans grip tak i meg med det same, og fører meg djupt ned i håkjerringa sitt rike på botnen av havet. Eg ser ein einsleg lenestol, skrot og tomme spritflasker, og ein nostalgisk TV-skjerm. Scenen badar i eit blått og kaldt ljos frå fjernsynsapparatet.

LES OGSÅ: Foreleserne mener norsk er best for læringen – ender likevel ofte opp med å måtte undervise på engelsk

Samtala mellom håkjerringa på scenen og fiskaren på TV-en verker i starten som ein konflikt kring kven av dei som er overlegen – urskapninga eller mennesket. Håkjerringa kan bli meir enn fem hundre år gamal, har giftstoff i blodet, parasittar i augo og ein overdimensjonert revesaks i gapet. På scenen verkar han primitiv, men klok. Fiskaren som jaktar på håkjerringa har brei kunnskap om havet, ulike artar og ny teknologi. Han fortel skrøner og vitskap med gnist i augo. Lidenskapen menneska har for havet, kjem godt fram i begeistringa hans.

Med få rekvisittar og fokus på kva som blir fortalt, er mykje overlate til eins eigen fantasi. Sælid si heilt spesielle evne til å få publikum på kroken gjer at forteljinga dominererer, men sjølve motivet blir likevel ikkje gløymt. Det digitale teaterstykket er glimrande utført også visuelt. Ljossettinga, filminga og musikken harmonerer med handlinga. Det eg frykta ville gå tapt på skjerm kom heller tettare innpå.

LES OGSÅ: NTNU: – Velger å åpne da både myndighetene og kommunene sier at vi kan gjøre det

Formidlinga vekker eventyrgleda i meg, men det er ikkje eit barneeventyr. Dei obskure, fascinerande og poetiske skildringane om det fantastiske havet, utviklar seg til å bli skremmande og fortvilande opplysningar om dagens situasjon. Teaterstykket er ein miljømessig og eksistensiell vekkar, og viser at teater også kan gripe publikum gjennom ein liten skjerm. Eg er ikkje i tvil om kvifor stykket har vunne prisar. Det er vel verdt å investere 95 skarve kroner for ei teateroppleving utanom det vanlege.

Powered by Labrador CMS