Balestrand Badeklubb - Balestrand Badeklubb VOL. 1

Gigantisk album frå produktiv badeklubb.

Publisert Sist oppdatert

Etter Keiser Wilhelm sin stil tok Kjartan Lauritzen med seg eit heilt lag med musikarar heim til Balestrand i sommar. Laget bestod av mange fleir talent enn dei vanlege frå Vibberfanger. Albumet har heile 21 låtar og omtrent like mange artistar er med, dette gjer høyreopplevinga svært variert. Vi får alt frå trapbeats til industrielt galskap og massevis av superfengande hiphouse og klubb.

Dutty Dior og Ditto er ein naturleg duo. Dei er med på dei same tre låtane, og beatsa til ferske Ditto er best i det Dutty slenger på dei vakre hooksa sine. Oslorapparen skin her med den eineståande skrivinga si som gjer han så fantastisk flink. «Edderkopp I Håret» er ein av desse låtane, og er samstundes ein favoritt frå skiva. Primadanna har alltid pleid å hoppe på eit par låtar og smelt inn eit hardt vers på alt Kjartan har sluppe, han følg opp tradisjonen på både sistnevnte og «Byen Til Balestrand».

ANMELDELSE: Fight The Fight – Deliverance

Balestrand Badeklubb sameiner artistar eg aldri hadde trudd kom til å samarbeide. Plutselig høyrer vi Eirik Aas på eit typisk rapvers, etter han i nokre år han bygd opp ein roleg og følsom sound. Andre hestar som Rafi og Ingo har i motsetnad ikkje gjort så mykje dei siste åra, og det er forfriskande å høyre dei rappe med heftigare stemning enn i den vanlege Hester V75-låta.

Kjartan Lauritzen er hovudperson på albumet. Han er bindeleddet som gjorde prosjektet mogleg. Han får far sin, Sigurd, til å introduserere og avslutte albumet. Kjartan sjølv er med på elleve låtar og lager porno i øyrane mine på omtrent kvar låt. Før Kjartan kom seg til den sounden han nylegast har hatt, stod han sjølv for kokkeleringa og lot oss smake på mykje forskjellig. No ser vi han prestere på høgt nivå, på alle slags beats laga av ein fjord av produsentar. Kjartan serverer ein råsterk klubblåt i «Fallskjerm» av Bearson, trap på «Byen Til Balestrand» og heller i ein fin vin på «Samma D» av Leander. Kjartan har rett og slett invitert ei rå oppstilling av kokkar og dei fyller eit bord på størrelse med frokostbuffetten på Kvikne Hotell som består av alt du kunne tenke deg.

LES OGSÅ: 41 prosent av skader på el-sparkesykkel skjer i fylla

Powered by Labrador CMS