Stengt bibliotek gjer det vanskelegare for Simen å levere bachelor
Studentar har ikkje kunne fått kome inn i Gunnerusbiblioteket sidan november i fjor. Årsaken er rehabilitering av bygget, men kva tid det vil opne er fortsatt usikkert.
Bachelorstudent i arkeologi Simen Nilsen er ikkje nøgd med at bygget er stengd.
– Det er veldig dårleg at det ikkje kan brukast, og veldig dumt for oss arkeologistudentane å ikkje ha tilgang på biblioteket, då det er egna for oss. Vi skriv bacheloroppgåva no, og vi treng tilgang til eit bibliotek.
Det er mogleg for studentar å bruke Oria, samt bestille bøker til Lysholmbygget. Nilsen kan fortelje at det har vorte tungvint.
– For å søke på Oria må ein ha spesifikke namn på bøkene, og det er ikkje alltid ein har. Og når ein bestiller bøker tek det gjerne to-tre dagar før ein får bøkene. I dag har det for eksempel gått fem dagar sida eg bestilte ei bok, og den har ikkje kome enda.
Håper NTNU kan gjere unntak
Nilsen skriv bacheloroppgåva si dette semesteret, og han håper NTNU skal kunne gjere unntak for visse grupper.
– Eg skulle ønske dei kunne gjere eit unntak for oss arkeologistudentane sida vi ikkje er så mange.
På NTNU sine nettsider står det at Gunnerusbiblioteket er stengd på grunn av smittevern og ventilasjon. Nilsen seier at dei treng meir informasjon om utviklinga.
– Eg saknar info om når det åpner igjen. Vi har fått litt informasjon om at vi kan bestille bøker til Lysholmbygget, men det står ikkje mykje om kor lenge det skal vere stengt, eller kor lenge dei antek det vil vare.
LES OGSÅ: Fire av ti voksne angrer på studievalget
For farleg å opphalde seg på biblioteket
På NTNU sine heimesider står det at biblioteket er stengd på grunn av smittesituasjonen og manglande ventilasjon. Seksjonssjef og leiar av Gunnerusbiblioteket Stein Olle Johansen kan fortelje at biblioteket er stengd på grunn av rehabilitering av taket og utskifting av ventilasjonsanlegg. Ventilasjon er ein føresetnad for å hindre smitte.
– Det har også vore farleg å opphalde seg på lesesal. Det er dessverre ingen studentar eller andre brukarar som har fått fysisk tilgang til biblioteket sidan midten av desember på grunn av manglande ventilasjon. Rehabilitering av taket har no blitt utbetra og vi begynner å sjå slutten på det, men ventilasjonssystemet er fortsatt slått av.
Johansen forstår at det er problematisk for studentar som skal levere bacheloroppgaver og treng tilgang til bøkene.
– Dei får alle bøkene dei vil via bestilling i Oria, men det har vært vanskeleg den siste veka på grunn av høgt sjukefråver. Gunnerusbiblioteket har gjennom heile pandemien tatt i mot og ekspedert førespurnadar om lån av bøker og tidsskrifter, men utleveringsstad har naturlig nok vore ved andre seksjonsbibliotek.
LES OGSÅ: Studiebarometret 2022: Lærerutdanninga på bunn igjen
Johansen fortel at det har vore vurdert å gjere unntak ved å opne dei fysiske lokala for visse grupper studentar, men at det er vanskeleg sidan biblioteket er eit bibliotek for alle NTNUs studentar og fag. I tillegg kjem dei HMS-faglige vurderingane.
– Det er fleire studentar enn kun arkeologistudentane som skriv bachelor og treng tilgang til biblioteket. Innafor rammene som er gitt forsøker vi å etablere eit tilbod med fysisk tilgang for alle studentar til samlingane i 1. etasje som hovedsakleg er arkeologi, og nokre leseplassar i første omgang.
Han innrømmer og at dei har vore dårleg å gi informasjon, men at det skal kome i løpet av fredag 11. februar. På grunn av manglande ventilasjon vil det i første omgang vere publikumsareala og samlingane i første etasje ved Gunnerusblioteket som opnast og for eit avgrensa tidsrom. Alle samlingane vil imidlertid vere tilgjengelig for lån via biblioteket sine nettsider, Oria og øvrige seksjonsbibliotek ved NTNU.
Skal bli byens flottaste bibliotek
Endringane har stått i programmet i mange år. Det gjeld mellom anna utskifting av ventilasjonssystemet og rehabilitering av taket over lesesalen. I 2020 ville NTNU eigendom setje i gang prosjektet.
Johansen er usikker på når heile biblioteket kan opnast igjen. Han har vore i kontakt med HMS-seksjonen i dag, og ventilasjonsanlegget blir ikkje ferdig på ei stund. Etter råd frå dei og i tråd med arbeidsmiljølova blir det ei avgrensa opning i første omgang med avgrensa åpningstid og avgrensa antal leseplassar.
Han seier at han gleder seg til bygget blir ferdig.
– Ventilasjonssystemet skal bli mykje betre, og det blir byens flottaste bibliotek med 24 nye takvindu med utsyn mot skyer og himmel.