PRIORITERING: Raaen og Hopsø prioriterar halv pris på periodebillett.

Arbeidarpartiet lovar halv pris på periodebillett

I dag lanserte fylkesordførarkandidat i Trøndelag Per Olav Hopsø og ordførarkandidat Emil Raaen ei historisk kollektivsatsing for neste valperiode. Om alt går etter planen kjem månadskortet for studentar til å koste 270 kroner neste år.

Publisert

Fylkestinget og bystyret har vedtatt at det skal brukast 650 millionar ekstra kroner dei neste åra på drift av kollektivtransport. Av desse midla vil Arbeidarpartiet prioritere å halvere prisen på periodebillett.

– Vår ambisjon er at dette skal innførast så fort som mogleg i 2024, men det kjem jo sjølvsagt an på korleis det skal løysast teknisk, seier Raaen.

Studentprisen på månadskort kjem til å gå frå 540 kroner til 270 kroner, som i løpet av eit år blir til 3240 kroner spart. Dei andre periodebillettane halverast også i pris, men enkeltbilletten kjem fortsatt til å koste det same, altså 43 kroner for studentar.

Hopsø fortel kollektivtransporten har fått eit stort løft etter pandemien. Tal frå ATB viser at folk i Trøndelag aldri har reist så mykje med buss som i 2023.

– Dette er veldig bra, men vi treng at endå fleire reiser kollektivt, seier han.

Hopsø gir fleire grunnar til at det offentlege bør auke tilretteleggjinga for å velje buss framfor bil.

– Vi må leite etter løysingar som bidreg til at innbyggjarar i Trøndelag opplev ein litt lettare økonomisk kvardag, samtidig som ein oppmuntrast til å velje ein meir miljøvennleg reiseveg.

RANHEIM BUSSTOPP: Politikarar og journalistar møtte opp på pressekonferansen på Ranheim busstopp.

Frå dyrast til billigast

Raaen fortel at pengane som skal brukast på det store priskuttet, ikkje hentast frå andre offentlege utgifter, men allereie er sett av på eit budsjett for miljøtiltak. Miljøpakka er eit samarbeid mellom staten, Trøndelag fylke og kommunene i Trondheimsområdet for betre transport og mindre utslepp.

– Med dei 650 millionane som er sett av til Miljøpakka, meiner vi at dette er mogleg å få til den neste valperioden, seier ordførarkandidaten.

LES OGSÅ: Cezinando og Blæst kommer til UKA

Medie- og koordineringsansvarleg Lise Haug Nilsen i Velferdstinget meiner løftet er på tide.

– Det er ubegripelig at ein så stor studentby som Trondheim, kor 20 prosent av innbyggjarane er studentar, skal ha dei høgaste kollektivprisane. Vi i Velferdstinget har jobba mykje opp mot kommunen og fylkeskommunen for å få ending på dette, seier ho.

Sjølv om Nilsen er fornøgd med løftet om halv månadskortpris, understrekar ho at det trengs fleire tiltak i kollektivtilbodet.

– Det er ei positiv prioritering, men eg håpar at han opnar for å gå vidare med andre saker, som å sette fleire bussar i rutene og utvide tilbodet.

UTVID TILBODET: Nilsen og Onsrud er glad for billegare billett, men ynskjer fleire bussavgangar.

Trange bussar

Arbeidarpartirepresentantane fortel at satsinga har som mål å endre reisevanene til trønderar, og å skape ein kollektivkultur. Dei meiner at kollektivsystemet vi har per no er laga for fleire passasjerar.

– Ein kan ikkje få i pose og sekk. Vi kjem ikkje til å utvide tilbodet utover slik det er i dag. Det er mogleg å frakte fleire passasjerar i dagens kollektivsystem.

Likevel opplever dei som tek kollektivt til jobb og campus dagleg at det sjeldan er sitteplass og at bussane nokre gonger er så fulle at dei ikkje har plass til alle som skal på. Hopsø utelukkar ikkje ei framtid med fleire bussar.

– Viss mange nok nytter kollektivtilbodet og den økonomiske situasjonen blir sjåande annleis ut enn i dag, kan vi gjere noko for å utvide kollektivtilbodet, seier han.

Samfundetleiar Una Onsrud meiner det er urealistisk å endre reisevanene til folk og samtidig få plass på dei bussane som går per no.

– Det er fortsatt rom for forbetring i tilbodet, sjølv om prisen blir senka. Bussane er jo allereie fulle både på veg til Dragvoll og når ein skal heim på kvelden.

Likevel er ho fornøgd med løftet om reduksjon av billettprisane.

– Samfundet og dei andre studentorganisasjonane har i lang tid jobba med å sende eit signal om at kollektivprisane er alt for høge for studentar. I dag utgjer bussbillett nesten seks prosent av studielånet, så det er ein enorm utgift i kvardagen til ein student. At han blir halvert har stor betydning, seier Onsrud.

LES OGSÅ: Milliardæren beklaget til studentene, men lokket med 80 000 nye arbeidsplasser

Powered by Labrador CMS