Bokanmeldelse

Kort og konsist frå Édouard Louis

Édouard Louis’ tidlegare bøker er politiske knyttnever køyrd inn i magen på alle dei som ikkje forstår kva som feilar verda. En kvinnes frigjøring er nok ein fulltreffar.

Publisert Sist oppdatert

Tittel: En kvinnes frigjøring

Forfatter: Édouard Louis

Sider: 108

Forlag: Aschehoug, omsett av Egil Halmøy

«Det er merkelig, vi hadde begge startet livet som historiens tapere, hun som kvinne og jeg som det ab- norme, avvikende barnet», skriv Louis. Skildringa av «det abnorme, av- vikende barnet» kan ein lese i Louis’ debut Farvel til Eddy Belleguelle, ei sensasjonell utlevering og ein analyse av eigen arbeidarklasseoppvekst i Fran- krike. En kvinnes frigjøring er like mykje utlevering og analyse, men samstundes er boka eit gjennomført morsportrett.

Boka målar bilete av ei kvinne som er offer for politikken i samfunnet. Ho har ikkje lang skulegang, og oppgåva hennar i livet blir å vere mor og kone. Gjennom små forteljingar frå barndommen sin framstiller Louis mora si som sta, stolt og hardfør.

LES OGSÅ: Kulturredaksjonen gleder seg til høsten

Mora gjennomgår ei forvandling etter at ungane er blitt vaksne. Ho skil seg frå ektemannen og flytter frå landsbyen i Nord-Frankrike til Paris, og gjer ei slags klassereise. «Hva betyr å forandre seg?» spør Louis i slutten av boka. Mora har meir fridom, kjenner seg meir lukkeleg, men kjenner seg likevel annleis enn middelklassens parisienner. For å ikkje gi lesaren eit inntrykk av at alt gjekk bra, og dermed gløyme politikken, spør Louis enda ein gong: «Er en forandring fremdeles en forandring hvis den er så begrenset av klasseundertrykkelse?»

Boka er stundom prega av gjentakingar som ikkje nødvendigvis gir noko til karakterskildringa. Louis gjentar fleire gonger at mora er eit resultat av krefter utanfor henne sjølv. Det kan verke som om mora skal vere eit bilete på den gjengse arbeidarklassekvinna.

Kjem det politiske prosjektet i vegen for noko anna? Moglegvis er det inkje poeng i å spørje. Louis er utprega politisk. Han seier sjølv at skrivinga for han er eit «revolusjonært våpen». For å tydeleggjere prosjektet sitt skriv han: «Jeg har blitt fortalt at litteraturen aldri bør ligne et politisk manifest, men jeg kvesser allerede hver eneste setning slik man kvesser en kniv.».

Powered by Labrador CMS