Så mykje av undervisninga blir digital dette semesteret
NTNU ynskjer studentane sine tilbake på campus mandag 24. januar, men nokre emner vil fortsett vere heildigitale ut semesteret.
På Innsida kan ein lese at: «NTNU oppfordrer alle studenter til å returnere til studiebyen sin, uavhengig av hvor mye fysisk undervisning du får i ukene fremover.».Vi har spurd fakulteta kven som får ha undervisning på campus.
Fakultet for naturvitskap
For studentar på naturvitskapleg fakultet vil 24 prosent av emna vere heildigitale ut semesteret. I ein e-post skriv leiar ved utdanningsseksjonen Eirik Haugnes at:
– Einmetersregelen fører til ei halvering av romkapasitet. Dette gjer at vi ikkje kan ha like mange studenter til stades fysisk.
LES OGSÅ: Frå Ekspertar i team til ekspertar på Teams
Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap
– Det er veldig få emner med heldigital undervisning ved SU, skriv dekan Tine Arntzen Hestbek i ein e-post. Førebels er 14 av emna heildigitale, men Hestbek understreker at institutta endå jobber med planlegging av undervisninga.
Fakultet for økonomi
For studentar ved fakultet for økonomi er 8 av 200 emne heildigitale, medan resten blir fysisk eller hybrid.
– Det er viktig for oss å leggje til rette for mest mogleg fysisk undervisning, vi er sterkt uroa for einsemd og isolasjon for våre studentar, særleg dei som starta i 2019 og 2020, som har hatt omtrent heile studietida så langt i ein unntakssituasjon, skriv dekan Monica Rolfsen.
Humanistisk fakultet
Kjersti Faldet Listhaug, prodekan for utdanning ved det humanistiske fakultet, uttrykkjer at dei har ganske mange emner kor i alle fall delar av undervisninga skal gå fysisk innan alle gjeldande regelverk. Vidare seier ho at det er instituttane som har oversikt over nøyaktig kor mange emner dette gjeld.
Ho kan likevel seie at det er dei store gruppane som ha digital undervisning, men at mindre grupper og spesielle emne må komme på campus.
– På HF er det mange ferdigheitsemne der ein har fysisk undervisning, til dømes drama og teater, i tillegg til utøvande musikk.
Til slutt legg ho til at studentene skal få god informasjon om kva som gjeld dei ulike emna på blackboard.
Ingeniørvitskapleg fakultet
Dekan Olav Bollan seier over telefon at dei vil «innhente informasjon om kva for emne som skal vere fysisk, og at det vil komme ei samla oversikt den 24. januar».
Fakultet for arkitektur og design
Fordi studentane ved fakultet for arkitektur og design nyttar både lokaler ved deira eige fakultet, men óg NTNUs felles undervisningsrom, er det ikkje mogleg for adminsitrasjonen å seie nøyaktig kor mange emne som er på campus eller digitale.
– Mange emne har også ein kombinasjon av fysisk og digital undervisning, som igjen gjer det utfordrande å framskaffe eksakte tall, seier Gunnhild Hatlen, seksjonssjef for utdanning og forskning.
Vidare seier ho at dei har stor grad av fysisk undervisning ved deira fakultet, fordi dei har mykje nødvendig ferdigheitstrening og fysiske prosjekt i eigne lokaler.
– Dei fleste av våre studentar har ein god del undervisning på campus, og sannsynlegvis meir enn gjennomsnittsstudenten på NTNU. Grunngjevinga for at enkelte emne er heildigitale er den same for heile NTNU; med gjeninnføring av éinmeteren er det redusert kapasitet i NTNUs lokaler og noko av undervisningen må dermed gå digitalt.
Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk
50 av 390 emne blir heildigitale, for her er det òg mangel på rom fordi einmeterregelen er innført igjen. Vegard Rønning ved IV-fakultetet påpeiker også at:
– Kriteria ved NTNU er at alle studenter skal ha noko fysisk undervisning, spesielt førsteklassestudentane skal ha ein betydelig andel.
Medisin og helsevitskap
Toril Forbord, prodekan for utdanning, skriv at det er dei konkrete læringsaktivitetane som avgjer om undervisninga er digital eller fysisk.
– Eitt emne kan ha nokre tradisjonelle førelesningar men også gruppearbeid, seminarer, PBL, TBL, ferdigheitstrening, simulering, lab-arbeid, klinisk undervisning, praksisstudier og fleire. Veldig mange av desse læringsaktivitetane blir fysiske dersom smittevernreglene og kapasiteten i læringsareala tillet det.