Éi røyst avgjorde da Samfundet sa nei til å droppa Equinor
På kveldens Samfundsmøtet skulle Storsalen røyste over ei intern meiningsytring mot vidare spons frå Equinor. Slik gjekk valet føre seg.
På laurdagens Samfundsmøte røysta medlemmane av Studentersamfundet over ei intern meiningsytring fremma av Samfundetmedlemmar Max Lødøen og Norunn Krokeide med følgjande ordlyd:
«Studentersamfundet i Trondheim og UKA bør ikkje bli sponsa av selskap som driv med utvinning av fossil energi»
142 medlemmar røysta for forslaget, 130 medlemmar røysta mot og 13 røysta blankt. Meiningsytringa gjekk dermed akkurat ikkje gjennom. Det måtte nemleg være 50 prosent fleirtal for at ytringa skulle gå gjennom, men 142 røyster utgjorde kun 49,8 prosent. Det mangla altså éi røyst for å få gjennomslag.
Tidlegare på kvelden vedtok Storsalen resolusjonsforslaget «Samfundet erklærer klimakrise» med 207 røyster for, 0 røyster mot og 2 blanke røyster.
LES OGSÅ: Klimakrisen i anmarsj: – Det haster noe jævlig men det blir ikke gjort noe
Dyrare øl eller oljepengar?
Krokeide og Lødøyen innleia diskusjonen med ein kort appell om omfanget av klimakrisa der dei understrekte at me står ved eit vendepunkt kor aktiv klimahandling er tidskritisk.
– For fem dagar sidan sendte klimapanelet til FN ein siste advarsel om akutt klimahandling. Dei signala me som organisasjon sender til store bedrifter vil gi effekt for kva som skjer vidare.
Leiar av Finansstyret Dag Herrem understrekte frå talarstolen viktigheita av ein ressurssterk hovudsponsor og er bekymra for den økonomiske situasjonen til Samfundet utan stønad frå Equinor.
–Dette vil etterlate eit hol i budsjettet som det vil vere vanskeleg å tette utan at de som studentar tek rekninga.
På spørsmål om kva prisaukingar det er snakk om, svarar Herrem at ein eksempelvis kan sjå for seg å auke ølprisane med 25 prosent.
Senka forventingar utan Equinor
UKEsjef Kari Johanne Sørensen Bøckman la fram UKA si avtale med Equinor. Ho fortalde at UKA si oppgåve er å gje overskot til Samfundet ved å lage festival.
– UKA har samarbeidspartnarar for å ha økonomiske krefter til å gjere store ting og kunne ta risiko ved større prosjekt. Utan ein slik partnar vil UKA ta ei heilt ny form og me må senke forventningane til festivalen.
Ho påpeikte også at UKA vil få færre frivillige utan Equinor som hovudsamarbeidspartnar og fortalte at sponsoren gir studentane store framtidige arbeidsmoglegheiter.'
–Hyklarar
Det var fleire som ytra seg kritisk til at ein Storsal som tidlegare var einstemmige om å erklære klimakrise, fortsatt er open for fossile sponsorar.
Samfundetmedlem Marcus Grand viste til appellane til prinsipp og minte salen på at posisjonen mange studentar tek til klima- og sponsorsaka er prega av dobbeltmoral.
–Me er nokre hyklarar. Me stemte nettopp for at Samfundet skal erklære klimakrise, men klarer ikkje bestemme oss for om me skal få stønad frå fossile sponsorar eller ikkje.
LES OGSÅ: Debatt: Hvor lenge skal vi akseptere grønnvasking av fossilindustrien?