Bittersøt sommarflørt

Sommeren ́85 er ein vond, pinleg og forbausande komisk fransk-belgisk film.

Publisert Sist oppdatert

Det er fransk sommar på åttitalet, og vi får sjå korleis ein 16-åring manøvrerer seg gjennom veker med intens forelsking, tap og psykiske påkjenningar. Filmen er Alex si oppleving og skildring av vennskap, kjærleik, utdanning, familierelasjon og død.

Dersom du sit i kinosalen med eit håp om å få sjå ein fransk versjon av Call me by your name (2017) vil du få ei overrasking. Sjølv om lerretet er fylt med nostalgiske bilete av eit framandspråkleg homofilt par og ei svunnen tid (les: åttitalsklede, pastellfargar og neonskilt), sluttar likskapane der. Dette blir sjåaren merksam på allereie i første scene, når Alex byrjar å fortelje historia om korleis eit menneske blei til eit kadaver. Ganske snart blir det gjort klart at det er kjærasten, David, som er kadaveret han snakkar om. Filmen er ei oppnøsting av kva som førte til hans død, og med denne tragedien som bakteppe kan fleire klissete scenar leggast inn, utan at filmen i seg sjølv blir ein klisjé.

Les òg: Samfundet får millionbeløp fra fjorårets semesteravgift.

Eit døme er at David blir introdusert ved at han på heroisk vis seglar inn på lerretet, lyst opp og i bar overkropp, for å redde Alex frå å kantre med seglebåten. Slike korny scenar kan umogleg ha blitt lagt inn utan ironi, og gjer på den måten forteljinga mindre mørk og meir humoristisk. Det er også nokre lidenskapelege scenar, og desse opplevde eg som eit mislukka forsøk på å skape noko vakkert og smakfult, der det heller blei ei blanding mellom kleint og ufrivillig morosamt.

Det er likevel ikkje desse scenane som er så vonde å sjå på, at einaste råd er å vri seg i kinosetet i rein smerte. Det gjeld særleg den upassande oppførselen til David sin mor, som kan opplevast direkte overgripande, både fysisk og psykisk. Sjølv om ubehaget kanskje vitnar om noko vellukka, er det likevel ikkje noko som blir gått skikkeleg inn på, og ein blir sitjande igjen med ei opprivande kjensle.

Les òg: – Noe av det verste som finnes er snobberi rundt vin. Det er råtne druer, liksom.

Dette gjeld også ei rekke andre interessante tema, som det ikkje blir dukka særleg inn i. Blant anna tema som psykisk helse, lærar-elev- relasjon, utdanning, jobb og korleis menn snakkar om kjensler. Denne noko overflatiske skildringa gjer Sommeren ́85 til ei fragmentert oppleving, der interessante tema blir valt bort til fordel for blindande, lidenskapeleg kjærleik.

Sommeren ́85 er likevel verdt å sjå, anten som eit tilskot for å drøyme seg vekk til varmare strøk, eller på grunn av éi scene aleine. Dramathrilleren er basert på boka Dancing on my grave (1982), skrive av Aidan Chambers, og scena der Alex dansar på grava, akkompagnert av Rod Stewart sin «Sailing», gjorde at eg følte meg både opplevingsmessig rikare, og lettare til sinns, då eg reiste ut i den kalde lufta i Trondheim igjen.

Powered by Labrador CMS