EKSTRA MØTE: Fredag 26. mars hadde formannskapet eit møte om koronasituasjonen.

Framleis ikkje aktuelt med endring i forskrift

Formannskapet i Trondheim avventar med å gripe inn i kva som er lov heime hjå folk.

Tysdag 23. mars hadde formannskapet i Trondheim kommune eit møte der blant anna smittesituasjonen sto på sakslista. Sidan då har det vore ei auking i talet på smittehøve i kommunen, og formannskapet hadde fredag 26. mars eit ekstra møte om koronasituasjonen.

Smittesituasjonen under kontroll

Kommuneoverlege Tove Røsstad starta med at sjølv om det har vore noko meir smitte dei siste dagane, så er situasjonen under kontroll og smittekjeldene kjende. Ho fortalde vidare at det er heimel i smittevernloven for å innføre avgrensingar for kor mange gjestar ein kan ha i eigen heim. Slike avgrensingar må vere forhaldsmessige.

– På bakgrunn av det er vår vurdering at per i dag, kor smittesituasjonen er under kontroll, så har vi ikkje fagleg grunnlag for å anbefale å setje ei anbefaling for kor mange gjestar du kan ha i eigen heim, forklarte ho.

Vidare presiserte ho at dette kan endre seg om vi får ei oppblomstring av smitte, men nett no er det for inngripande å forskriftsfeste slike avgrensingar.

LES OGSÅ: Hev studiestøtta og gjør alt til stipend under koronaen

Bekymra for store festar

Det har vore fleire høve av festing i Trondheim som bryt med gjeldande anbefalingar. Politiet kan likevel ikkje gripe inn med sanksjonar, ettersom det ikkje bryt med faktiske forbod. Det var på bakgrunn av dette at det blei fremja forslag om å forby private selskap med meir enn ti personar i eigen heim under formannskapet sitt møte tysdag den 23. mars.

– Eg blei veldig uroleg over festtrykket i delar av byen i helga. Det kan ikkje vere slik at 40-50 ungdommar samlast, og set heile byen sin smittesituasjon i fare, uttalte formannskapsrepresentant Erling Moe då han fremja forslaget.

Kommunedirektør Morten Wolden innleia fredagens møte med å nemne at det har oppstått tre mindre smitteutbrot sidan førre formannskapsmøte, og at han hadde vore i møte med blant anna politiet på onsdag. Her var festar med meir enn ti deltakarar tema.

– Politiet gjev uttrykk for at dagens nasjonale forskrift, nasjonale anbefalingar, og kommunen si eiga anbefaling ikkje gjev tilstrekkeleg heimel for at politiet kan gripe inn og eventuelt bøteleggje festdeltakarar, sa han.

Neste ordinære møte i formannskapet er onsdag 7. mars, men dei er klare til å stille på kortare varsel dersom det blir naudsynt.

LES OGSÅ: Nå kan du bli studentenes representant

Powered by Labrador CMS