Kultursjef i ISFiT Katja Brødholt

– Eg er veldig stolt av kulturprogrammet og alle friviljuge som har vore med på å realisere det

Kultursjefen i ISFiT gir oss eit lite innblikk i verdas største internasjonale studentfestival, og kva ein bør få med seg.

Publisert Sist oppdatert

– ISFiT handlar om å rette fokus mot andre perspektiv, fortel kultursjef Katja Brødholt ivrig over telefonen.

Annankvart år kjem studentar med ulike nasjonale og kulturelle bakgrunnar til Trondheim for å snakke om, diskutere og utveksle meiningar kring spennande og engasjerande tema. Årets tema er polarisering. Målet med temaet er å få studentar frå heile verda til å reflektere over eige bidrag til polarisering og følgjene av dette.

LES OGSÅ: 300 studenter trenger et sted å bo

– Festivalen løfter fram historier, opplevingar og narrativ ein vanlegvis ikkje får høyre om i Trondheim. Til dømes kan ein få høyre om korleis miljøkampen påverkar land i Afrika, der det kjem aktivistar fra Frankrike og Kenya som fortel og gir ein spennande vinkel i diskusjonen. Dette er ein del av debattprogrammet.

ISFiT har kring 300-400 friviljuge og rundt 400 deltakarar frå heile verda. I løpet av ti dagar er det workshop for deltakarane, debattar, teater, kunstshow, konsertar og mykje meir på tvers av lokale over heile byen. I tillegg er det utdeling av Studentanes fredspris, som i år går til studentmagasinet DOXA.

Eit alternativ til det som vanlegvis skjer i byen

Brødholt har ansvar for dei kulturelle innslaga som skjer under festivalen, og er tydeleg stolt over programmet som er sett saman. Ho gler seg til å dele det heile med Trondheim.

– Kulturprogrammet er mangfaldig. Det er noko som treff alle, både om du er deltakar frå Argentina eller har studenthybel på Bloksberg. Alle skal finne noko som passar for seg, seier ho og blir entusiastisk då ho nemner arrangementet som vil føregå førstkomande laurdag.

– Konseptet Uteklubb tek over Storsalen og det blir techno i heile huset med masse dansing.

ISFiT skal vere eit alternativ til dei vanlege arrangementa ein elles ser på Samfundet og i byen, og det er ikkje berre på det runde raude det skjer i løpet av festivalen. Brødholt trekk fram hendinga A(rt)ctivism - LGBTQI + Voices in art som døme, der arrangementet både er i Kunsthallen og i Bodegaen.

– Kunstnarane skal snakke om perspektiva sine kring kunst og aktivisme, samt korleis kunsten kan vere aktivistisk. Det trur eg blir veldig spennande, seier ho, og legg til:

– Når du kjøper billett til dette arrangementet får du også inngang til etterfest med rave i Bodegaen.

Kunsthallen blir vertskap for panelsamtala om skeiv aktivisme og Karmaklubb sitt show, før Karmaklubb fortsett festen i Bodegaen Samfundet. På same tid som det er rave i Bodegaen, vil det vere indie med Pom Poko i Storsalen.

– Det vil, som sagt, vere noko for alle, seier Brødholt nøgd.

Kultursjefen nemner også Nidarosdomen, som skal huse konserten til Thomas Dybdahl.

– Det blir fint å kunne vise fram noko av den beste musikken Noreg har å by på, og samtidig kunne vise fram eit så storarta lokale. Det trur eg mange gler seg til og gler seg over.

I tillegg trekk ho fram dragshow med Pangina Heals som eit høgdepunkt.

– Dragkulturen har ofte eit USA-fokus. Pangina Heals er drag-queen frå Thailand, så her blir det løfta fram eit anna perspektiv. Etter showet vil det opnast opp for spørsmål frå publikum. Det er også mogleg å kjøpe billett der ein får møte, snakke og ta bilete med drag-stjernene. Dette blir veldig spennande; det er heilt vilt det dei får til, seier Brødholt.

Ho legg oppglødd til at dette er eit av arrangementa ho definitivt vil få med seg.

Eit lågterskel kulturtilbod

Brødholt håpar at så mange som mogleg skal finne vegen til festivalen, og fortel at festivalen inneheld mange lågterskelarrangement.

– Det kan vere fint å vite at mange av arrangementa er heilt gratis, til dømes alle debattane, filmvisinga av Pleasure og kunstshow med Sporty ponni på Klubben.

ISFiT blir arrangert frå 9. til 19. februar.

LES OGSÅ: Dette bør du få med deg under årets ISFiT

Powered by Labrador CMS