Anmeldelse:

Kammermusikkfestivalen: Is a Rose

TSO tar oss gjennom ein vakker reise i amerikansk klassisk musikk, med Caroline Shaw som den store stjerna.

Publisert Sist oppdatert

Som tradisjon tro ved Trondheims kammermusikkfestival, er det på torsdagskvelden Trondheims symfoniorkester (TSO) speler verkene til festivalkomponisten i Olavshallen. I år er intet untak då sjølvaste Carloine Shaw er heidersgjest for denne anledninga. Denne dobbelt grammy- og pulitzer-pris vinnade komponisten skulle eigentleg vert i Trondheim sjølv og spelt saman med TSO, men grunna innreiseforbod blei dette ikkje noko av. Saman med Shaws sine verk, speler også TSO verka til to andre kjente amerikanske komponistar, nemleg den klassiske komponisten Joseph Bologne og 1900-talls komponisten Samuel Barber.

Som ein glad musikk-konsumer er min kunnskap på klassisk musikk amatørmessig på sitt beste. Derfor var verkeleg spent på kva eg gjekk i møte, då skildringa av konsertplanen var ein solid cocktail av klassisk musikk frå dei 230 siste åra. Det heile startar med ein lydhelsing frå Caroline Shaw som skildrer sine verk og forklarer sin samanheng med dei to andre komponistane. TSO sit og varmar opp, dei er eit halvt orkester, dirigenten Clemens Schults kjem ut på scena. Han helsar, vi klappar, så brakar det heile laust med ein overture frå ein Bolognes få overlevande verker «L'amant anonyme overture». Den lystige klassiske musikken kjennast på kroppen. Her kjem heile strykerekkas rekkevidde godt fram. Dirigenten dirigerer med heile kroppen i sving, det er verkeleg ein fryd å sjå på. Det skrifter mellom intense intervall hos strykerekkene til meir rolege deler. Overturen går frå sin lystige stemning til ein lett dyster tone. Deretter går det heie over til ein sukkersøt suite. På 10 korte minutter får TSO gjennom Bologne sine verkar, fram mange typiske element i den klassiske musikken, noko som gjer seg godt då dette er ein fin kontrast til den meir «moderne» musikken som kjem seinare.

LES OGSÅ: Anmeldelse av kulturnatt!

Bologne sine stykker er over. Mezzosopran Ingeborg Gillebo kjem ut på scena. No er det tid for kveldens tittelverk, nemleg Caroline Shaws «Is a rose». Strykerekka startar og ein høyrer umiddelbart at det er ein heilt anna stemning enn sist stykke. Dette er mykje meir subtilt i stemning og kjensle. Mezzosopranen syng på engelsk, ein av dei første gangane i livet mitt skjønnar eg kva som blir songen i eit klassisk verk. Gillebo syng «a rose is a rose is a rose», eit nikk frå Shaw til Gertrud Stein og Shakespare. Orkesteret gir mezzosopran godt spillerom, nokre gonger roar dei heilt ned og plukker strengene sine med ein lav puls. Då syng vokalisten saman med eit cembalo, ein kombinasjon som er ufatteleg vakker. Mot slutten, samtidig som orkesteret plukkar på strengene, så nynnar heile orkesteret med Gillebo, samtidig som perkusjonen aukar i intensitet, eit kraftig klimaks for stykket.

Før konserten avsluttar med Shaw, så blir det spilt to stykker av Samuel Barber, komponert på 1930-tallet. Orkesteret går frå halvt til fult symfoniorkester og dei startar med stykket «Overture for the school of scandal». Stykket startar veldig dramatisk, men går over til sentimentale parti. Kor det hele bygger seg opp mot ein lystig avslutting. Ein merkar tydelig at det no er eit fult symfoniorkester. Neste stykke som blir spilt er «Adagio for strings», som er brukt mykje i film og popkultur. Med ein kjennskap forankra i dette stykket, så forstår eg kor gode TSO faktisk er, då dette var ei verkeleg vakker framføring av musikk, som eg har høyrt fleire gongar før. Ein kan høyre eit sukk gå gjennom publikum.

Siste stykker som blir spilt er «The Observatory» av Shaw frå 2019. Tre intervall med full orkestral makt startar det heile. Det skiftar mellom kaos og klarhet i stykket, nokre gangar jobbar musikerane for fult alle saman, andre gongar er det kun pianoet som spelar. Strykkerekka spelar tidvis notar som minnar om Bolognes tidlgiare spilte verk før det blir avbrutt av blåserne. Stykket er ein vakker fusjon av moderne, klassisk og til dels pop. Det heile avsluttast med eit stort smell. Ein vakker avslutning på ein vakker konsert.

Powered by Labrador CMS