Det eg sit igjen med er kor mykje me har fått til

Eg skulle ynskja media, politikarar og sinte gubbar i kommentarfeltet kunne sjå det studentmiljøet eg ser.

Publisert Sist oppdatert

Eg har kjent på mykje irritasjon knytt til korleis byens studentar har vorte framstilt denne hausten. Me har blitt tildelt rolla som syndebukk i ei rekke saker. Det kan verka som at alle byens 40 000 studentar sit oppå kvarandre i parken i fadderveka, alle bidrar med festbråk i nabolaget kvar helg og alle synes ein god fest trumfar smittevern. Sjølv statsministeren kasta seg no nyleg på denne bølga.

I motsetning til kommentarfeltet til Adressa, er eg nemleg veldig imponert over kor gode studentane har vore på smittevern. Studentane har hatt låge smittetal heile hausten. Diverre er ikkje me, som resten av befolkninga, immune mot smitte. Når smitten fyrst no har treft oss opplev eg likevel at dei aller fleste har vore ansvarlege, ved å både testa seg og gå i karantene når det har trengtest.

På trass av alt dette blir studentane skore over ein kam og hetsa om i kommentarfelt og i lesarinnlegg. Dette vert ofte gjort av mennesker som tilsynelatande sit med underleg mykje innsideinformasjon om korleis studentane eigentleg oppfører seg bak lukka dører. Eg skulle gjerne sett at Gunnar (54) og Ruth (63) kunne roa seg ned i kommentarfeltet og faktisk hatt grunnlag for påstandane dei kjem med om oss, men det verkar til å vera for mykje å be om.

LES OGSÅ: Nattmat om dagen, det siste måltid

Det er likevel ikkje Gunnar (54) og Ruth (63) som har lagt grunnlaget for denne generaliseringa. Skulda vil eg heller plassera hos media og ei rekke politikarar som dei siste månadane ukritisk har skore byens studentar over ein kam. På deira vakt har små grupper fått definera 40 000 studentar.

Dette biletet er ikkje representativt. Studentmiljøet i Trondheim er eit lappeteppe av små og store organisasjonar, som alle har gjort sitt ytterste for å ivareta smittevern og gjeldande restriksjonar. Som alle andre i denne tida har også me gjort nokre feil, men det er også gjort mykje riktig.

Sjølv med tidenes dårlegaste utgangs- punkt har studentane fått til utruleg mykje denne hausten. Eg er imponert over evna dykkar til omstilling. Eg er rørt over eigenskapen dykkar til å gjera det beste ut av ein vanskeleg situasjon. Eg er stolt over at dykk ikkje har latt kritikken i media knekka engasjementet dykkar.

Trondheim er Nordens beste studieby, det har korona nok ein gong bekrefta. Det er studentane sitt vanvittige engasjement som gjer at me framleis kan smykka oss med denne tittelen, og det engasjementet kan verken statsministeren eller sinte gubbar i kommentarfeltet ta frå oss.

Powered by Labrador CMS