Kåseri:

ILLUSTRASJON: Tallak Lie

Sukk frå Sisyfos og seterrjomen

Publisert Sist oppdatert

Aristoteles sa at alle ting har ein heim. Ein plass dei høyrer til, eit magnetisk sentrum som trekk dei mot seg. Og nokre gonger kjenner du det. Lukta av fars julekjøken og mors gamle Chanel dreg deg til seg. Slik ljoden av kyrkjeklokker trekk til seg gamle enkjer; slik botnen av fjellet trakk til seg Sisyfos’ stein; slik bananar og lamper og kyr trekk til seg fluger. Du kjenner at sokkane vil liggje i skuffen på barndomsrommet, at skoa dine vil kjenne usalta snø, at finkleda vil glattast på av mors merksame hender. Togskjenene tek deg heim med same magnetiske kraft som tek alt anna heim og skapar kosmos.

Den fyrste dagen fell du på plass. Det er godt å kjenne at ein har noko å falle attende på. Familiehunden vil ikkje anerkjenne deg, han skjønar ikkje verdien av å reise ut og berike sinnet med danning. Men i dei velkjende skogsløypene og den slitne golvflekken foran peisen finn de etter kvart tonen. Alt er på plass, alle er heime og julefreden kan endeleg senke seg over både krybber og fjøs og stover. Det skrikande julemirakelet har stilna, svøpt i jomfruarmar.

Den tredje dagen vert det dekka på rakfisk med lauk og lefse, slik Hellbillies ville ha servert han. «Eit kjemisk produkt verdt ein nobelpris», hevda dei. Akkurat som fjellauren har du vaka fritt i vatnet om sumaren og sidan mogna tolmodig utover hausten. Korkje du eller rakfisken smitta selskapet med listeria denne gongen, men berre fisken vart sungen om av Aslak Haugen. Nik- kande og anerkjennande seier du at heimebrygget var godt og gravlegg den vesle fiskebeten i potet og seterrømme type feit. Prøver å snike inn nokre vaksenord du har tileigna deg etter fem månader med akademia. Årets nyord: krympflasjon.

Den femte dagen står det grøne gli- trande utent og har byrja å drysse for å fylle golvet med noko anna enn gåver. Gjestane har reist og nordmenn over det ganske land er stort sett lei av ribbe og julekake. Dei lengtar til den vanlege rosinbollen som fortærast i lunsjpausen utan brunost på. Det gjekk an å leve då òg, sa Hauge – i kvardagen. Han opplevde både ro og ekstase. Det er visst bra for ein å ha det stille iblant, byggje opp tolsemd, for så i rett rolege tider unngå å kjede seg i hel. Mange sjømenn har forlist på stille hav.

Den sjuande dagen ser du stova med blikket til ein femtenåring. Huset er ikkje så stort lenger. Kanskje det er krympflasjon på fleire frontar? Opphaldet har byrja å surne, julenostalgien har gått ut på dato. Det er merkeleg, dette med mogning – vinar, ostar, dresskledde menn og ein god del aksjer vert visst berre betre og betre med tida. Andre ting vert gløymde vekk i botnen av skulesekken. I kjøleskåpet står den trufaste seterrjomen og mugnar. Du saknar havremjølk.

LES OGSÅ: Burger og pizza på Dovrebanen

Powered by Labrador CMS