Vinnaren av Lorck Schive kunstpris er klar

Steinar Haga Kristensen vinn med utstillinga ULTRAIDENTIFIKASJONSPAVILJONG prisen på 500 000 kr.

Publisert Sist oppdatert

Blant dei fire nominerte til Lorck Schive kunstpris 2021, vinn Steinar Haga Kristensen (f. 1980) prisen på ein halv million kroner. Prisen ble delt ut på Trondheim kunstmuseum fredag kveld.

VINNAR: Steinar Haga Kristensen er vinnaren av Lorck Schive Kunstpris 2021

Vinnarutstillinga, med namnet ULTRAIDENTIFIKASJONSPAVILJONG, er sett saman av blant anna keramikk, dataspel, måleri, møblar, hekla barneklede og trykk.

Under Dusken sin kunstmeldar har tidligere skrive om utstillinga: «Man kan forveksle utstillingsrommet med et loppemarked. Tiden flyr fra meg i et rom med så mye å se på og oppdage.»

Kristensen er utdanna ved Statens kunstakademi i Oslo og Akademie der Bildenden Künste i Wien.

Styret i Christian Lorck Schive og hustrus legat skriv i grunngjevinga for nominasjonen av Kristensen at «Arbeidene hans framstår ironisk og inderlig på samme tid. Inderlig og kanskje med lengsel til skaperkraften i kunsten, men med ironisk distanse til kunstens rolle i et politisk og økonomisk marked.»

LES OGSÅ: UKA slipper nye artister: Disse skal lage liv i Klubben

GJENTAKING: Haga Kristensen har relativt like trykk, men figuren ber på forskjellige gjenstandar.

I tillegg til Steiar Haga Kristensen var Matias Faldbakken, Kira Wager og Tori Wrånes nominert til prisen. Dei fire nominerte fekk 150 000 kr til å produsere verk som har vore stilt ut på Trondheim kunstmuseum sidan 20. Mars.

Lorck Schive kunstpris har blitt delt ut annakvart år sidan 2013. Tidlegare vinnarar er Lene Berg og Marianne Heier (2013), Vanessa Baird (2015), Vibeke Tandberg (2017) og Eline Mugaas (2019).

Utstillingane med dei fire kunstnarane er framleis opne for publikum på Trondheim kunstmuseum i Bispegata fram til 19. september.

Powered by Labrador CMS