Kåseri

8.mars: Til opplysing

Kjære alle saman, slik kan veka di sjå ut om du ikkje er mann.

Publisert

Måndag, 08:26 - Treng kaffi. Bussen er stappa, får sette på øyreklokkane og få det på med noko bra musikk. Nei, vent no litt. 2 prosent av verdas profesjonelle musikkprodusentar er kvinner… Får heller stire ut vindauget, prøve å meistre kunsten-å-late-som-eg-ikkje-er-brydd-av-den-intense-stiringa frå mann (46).

Tysdag, 12:37 – Treffer gruppa mi i kantina. Vi jobber saman om ein presentasjon. Problemstillinga vår er håplaus, full av skrivefeil er den òg. Skal til å seie det, men gut (23) og gut (21) er her, klare for å sjå på meg som pirkete, masete eller dei tusen andre tinga folk som meg er når dei meiner noko. Javel. På tide å bruke ord som «kanskje», «mogleg», og «berre eit forslag altså».

Onsdag, 10:54 - Kaffi, lesing, skriving, prating, meir lesing, men dopause må ein jo ha for dèt. Det blør visst her ja: shit. Er det noko eg kan bruke til å…? Nei. På tide å rulle halve dorullen i underbuksa og håpe at blodet held seg innanfor flodens breidder.

Torsdag, 03:46 - Får ikkje sove. Difor: tid for å doomscrolle! FN kan rapportere om at 39 millionar jenter i barneskulealder ikkje får gå på skulen. Flott. Og det blir ikkje betre: Nesten ein av ti kvinner i Noreg har vore utsett for valdtekt i løpet av livet, og på verdsbasis er talet enda høgare.

LES OGSÅ: Sex + samtykke = sant?

Fredag, 23:04 - Ute med venar, har det gøy. Fyr som ikkje sluttar å prate, leggje an på ho eine. No må du jo snart skjøne at ho ikkje er interessert, tenkjer vi. Går bort og begynner å prate om tampongar og mensen for at han skal ta hintet. Der blei han borte vekk. Ingenting er eklare enn blod, sant? Blod som ikkje eingong er forårsaka av vald.

02:17 - Den siste bussen er gått, tar beina fatt. 10 meter bak, ein mann. Hjartet hamrar laus i brystet, kjem han til å gjere deg noko? Redd, men mest sint. Sint fordi du, mannen, berre ved å vere gjer at kroppen strammar seg. Sint fordi du, mannen, som sikkert ikkje kjem til å gjere meg noko som helst, kanskje nettopp kjem til å gjere meg noko som helst, likevel. Uvissa er like farleg.

Laurdag, 14:33 - I godt selskap, vi et og hygger oss. Nokon har kjøpt seg ny stilig genser; Je suis féministe står det, med store svarte blokkbokstavar. Kven har laga genseren? Mest sannsynleg ein 16-åring frå Kambodsja som ikkje får særleg stor nytte av denne «féminismen», fordi ho syr klede 14 timar for dagen. Touchè.

Søndag, 10:45 - På veg til kyrkja… Kjære gud, eg har det godt. Takk for alt som eg har fått. Men vi har fortsett ein lang veg å gå.

Amen.

Powered by Labrador CMS