Debatt:

Nyårsforsett: trynsleikja med NTNU

Ja, skal vi det? Neidå, me nynorskbrukarar brukar ikkje slike tulleord, i motsetnad til enkelte eksamenssett. Det er framleis mykje som kan gjerast for dei språklege rettane til studentane.

Publisert Sist oppdatert

Du sit der, stressa, eksamen byrjar og ein bunke med bokmål vert slengt på pulten framfor deg. Så må du rekke opp handa og plage ho Britt, som ser forvirra på deg. «Nynorsk? Hvad er nu dette for slags sprog», så må du sitje og vente medan ho joggar rundt Sluppen på leiting etter eit halvhjarta forsøk på omsetjing av eksamenen. Og klokka tikkar... «Kvisleis reikne ut matematiske leikamheiter?» Kva skal det tyde?

Dette er ei skildring av ein heilt vanleg start på eksamen for fleire nynorskbrukarar.

Nokon kan no kanskje tenkje: Er det så farleg? Det kan moglegvis verke som ei fillesak, men for ein nynorskbrukar er dette ei konkret og handfast påminning om språksituasjonen i Noreg.

Det er heller ikkje enkelt å sitje der på eksamen, superstressa, og rive seg i håret fordi ein ikkje har gode norske fagtermar å bruke. NTNU har hatt altfor lite fokus på omsetjing av engelske termar til norsk, noko som er uheldig både for oss studentar som skal ut i det norske arbeidslivet og for norsk som eit samfunnsberande språk som skal nyttast på alle samfunnsområde, jf. Språklova (LOV-2021-05-21-42). No i januar trådte den nye språklova i kraft. Denne språklova skal styrkje norsk språk i alle delar av samfunnslivet og fremje likestilling mellom både bokmål og nynorsk. Nett difor har NTNU sett ned eit språkpolitisk utval som skal revidere universitetet sine språkpolitiske retningsliner. Kan 2022 bli det året der nynorskbrukarane ved NTNU endeleg kan oppleve å forstå eksamensoppgåva (samt få ho på nynorsk) og få fagtermar som ikkje gjer oss djupsindig språkforvirra? Me ønsker oss betre språkleg stemning og nærleik mellom studentane og NTNU, følgjeleg trynsleikjing.

LES OGSÅ: Stengt bibliotek gjer det vanskelegare for Simen å levere bachelor

Her er det viktig at NTNU som utdanningsinstitusjon tek sin del av ansvaret. Me oppmodar det språkpolitiske utvalet til å sikre at både nynorsk og bokmål blir ivaretekne. Helst gjennom utvikling av norsk fagterminologi – og å gjera dette tilgjengeleg for studentane. Helst på nasjonalt plan. Samt sikre skikkeleg norsk- og nynorskopplæring til dei tilsette, og skaffe ein god kvalitetssikring av eksamensoppgåver og anna tekst.

Då vil studentane få sine språkrettar følgde opp, og både nynorskbrukarane og bokmålsbrukarane blir ivaretekne. Då vil studentane faktisk vete kva eksamensoppgåvene spør om. Om NTNU nokonsinne førestiller seg denne framtida, då snakkar me søt musikk og nok eit nyårsforsett oppfylt.

Og ikkje minst trynsleikjing, då.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS