No kjem den endelege avstemminga: - Største vedtaket på nesten 100 år

Går vedtaket gjennom, kan det stå eit nytt påbygg til Samfundet til UKA 2023.

Publisert Sist oppdatert

Den 18. september arrangerast den aller siste avstemminga om planane for nybygget skal realiserast.

Studentersamfundet har samla inn godt over halvparten av det som trengs for å ferdigstille eit nybygg på fengselstomta, og er klare for å starte opp byggeprosjektet. Før fyste spade settast i jorda, må likevel forslaget om byggestart godkjennast av Storsalen.

I følge leiar av Samfundet, Fredrik Akre, er avstemminga i Samfundet ei godkjenning av nybyggprosjektet

– Denne godkjenninga gjer at finansstryret kan signere med ein entrepenør, så lenge totalsummen er innanfor 200 millionar kroner. Avtalen blir då inngått den 24. september.

Avstemminga vil vere ope for alle som er medlem av Samfundet, og det vil vere mogleg å delta fysisk og digitalt.

LES OGSÅ: Finansiering av Nybygg i sluttfasen

Ikkje den siste

Akre kan også informere om at dette ikkje vert den siste avstemminga med tanke på utsjånaden av nybygget. Sjølv om design og fasade allereie er vedteke, er det fleire element som står att.

– Vi har lagt opp til at studentane skal få bestemme kva for konsept vi skal ha på dei nye fellesareala. Seinare skal det stemmast over om vi vil ha dansegolv eller biljardbar, denne helga skal vi stemme ja eller nei til nybygget.

Om sjølve avstemminga har alle frivillige på Samfundet fått ein e-post med informasjon, og i løpet av 17. September skal alle medlem av Samfundet også få ein slik.

Fredrik forsikrer også om at alle på møtet vil få nok informasjon til å ta ei velinformert avgjerd.

I tillegg til informasjonen ein får på møtet, kan ein også finne relevante dokument her. Til slutt oppfordrar leiaren alle medlem til å stemme, enten ved oppmøte eller digitalt.

– Dette er enormt stort. Noko så viktig har ikkje blitt vedteke på nesten 100 år. Engasjer deg!

Powered by Labrador CMS