Tek grep om det Trondheim treng

Trondheimsforfattaren hadde aldri planar om å utgje bok. No har ho gitt ut sin andre og har idéar om kva den tredje vil handle om.

Publisert

Namn: Hilde Stålskjær Osen

Yrke: Forfattar, kokk, dokumentarfilmskapar og fotograf

Alder: 44

Aktuelt med: Novellesamlinga Fra nå av blir det lettere og Lamomat på Rosendal teater

– Dei har mykje god mat her, seier Hilde Stålskjær Osen medan ho studerer menyen på Sellanraa grundig. Ho står med sekken over den eine skuldra og ser gjennom dei lokalbaserte rettane med eit nysgjerrig og kyndig blikk.

Me går gjennom det ettermiddags- travle kafélokalet og set oss ved eit rundt bord av middels storleik. Haustfargane slår inn gjennom dei store vindauga og foreldre hastar i veg til barseltreff på utsida. Det er ei driftig dame som sit framfor meg. Ho er utdanna fotograf, filmskapar og kokk, i tillegg til å ha teke fatt pennen og utgjeve to bøker.

Den trondheimsbaserte multikunstnaren er no aktuell med novellesamlinga Fra nå av blir det lettere og fortel at ho trivst med å ha mange jarn i elden.

– Eg har ikkje lyst til å jobbe heiltid som noko som helst, seier ho oppriktig og faldar hendene i ein laus knute.

– Eg vil variere med det eg held på med. No jobbar eg hovudsakleg med tekst og mat.

Draumen om deltid

Ho er opprinneleg utdanna fotograf og dokumentarfilmskapar ved Den Danske Filmskolen (DDF), men søkte nye beite for fem-seks år sidan.

– Eg blei lei av film og sende inn ein tekst til Cappelen Damm, samtidig som eg fullførte ei kokkeutdanning. Då byrja eg å jobbe parallelt med mat og skriving, seier multikunstnaren og verkar nøgd med dette.

– Eg har alltid likt å skrive og det er mykje meir lystprega enn det filmskaping var. I skrivinga kjem ikkje det tekniske i vegen og forstyrrar. Det er berre meg sjølv og arket.

Forfattaren har alltid likt å skrive, men ho hadde aldri noko mål om å gje ut bok. Ho fortel at ho skreiv ved sida av filmskapinga, men berre for seg sjølv som hobby.

– På eit tidspunkt innsåg eg kor mykje tid eg hadde brukt på det, og skjønna at eg burde ta det på alvor.

«Show, don’t tell»

Ho endra kursen i karriera, men har likevel ikkje klipt seg heilt ut av film- skaparverda. Stålskjær Osen fortel at filmutdanninga også har vore nyttig i skrivearbeidet.

– Filmutdanninga på DDF var litt spesiell og handla om at me alltid skulle vise. Me fekk ikkje lov til å bruke voiceover eller fortelje ting med ord, men måtte heller vise alt med handling. Mykje av den kunnskapen brukar eg direkte i tekstarbeidet. Ting er ikkje uttala direkte, men heller gøymt i skildringa av miljø og personar. Det er meir underfortalt.

Ho sende inn ein tekst som blei med i debutantantologien Signaler og seinare ein del av debutromanen hennar Vi bare kjører, så ser vi i 2018. Året etter mottok ho Saabye-­stipendet overrakt av Lars Saabye Christensen sjølv. I vår kom forfattaren ut med si andre bok Fra nå av blir det lettere, som er ei novellesamling.

– Eg likar novellesjangeren. Romanar kan ofte bli litt for lange. Ei novelle kan ein, på ein god dag, skrive på éin dag.

LES OGSÅ: Nå øker strømstøtten til studenter

Novelle av nødvendigheit

Ho fortel at ho ofte blir inspirert av stemningar som ho observerer og vil utforske.

– Generelt vil eg sei at novellene berre kjem til meg. Det startar som ei setning som eg forbind med ei følelse, og så skriv eg berre vidare på den. Setninga blir også ofte ståande som den første i novella.

Skrivinga er aldri planlagt på førehand og forfattaren står ofte opp midt på natta for å skrive ned ein tanke. Novellesjangeren blei valt av nødvendigheit for at kvardagen med sin fire år gamle son skulle gå opp.

Fra nå av blir det lettere består av både nye og gamle noveller. Eg har fått høyre at dei fleste er noveller om folk som ikkje har det så bra, men eg hadde ikkje noko overordna tema, seier ho.

Ein realitetssjekk i glansbiletet

ALLSIDIG: Sjølv om Stålskjær Osen har gått bort frå filmskaping, brukar ho utdanninga også i skrivinga.

Stålskjær Osen har for tida ein skrivepause, men innrømmer at ho truleg vil utforske morsrolleproblematikken i sitt neste skriveprosjekt. Dette handlar også fleire av dei nye novellene hennar om.

– Det er eit viktig tema som ikkje blir snakka så mykje om. Mange trur at sidan ein er skapt kvinne, er ein automatisk eigna til å vere mor, seier ho og rynkar augnebryna betenkt.

Ho nemner sonen sin fleire gonger i løpet av intervjuet og det er ingen tvil om at ho elskar han. Samtidig meiner ho at førestillinga om det å vere mor har behov for ei nyansering.

– Vi får fortalt ei ganske eindimensjonal forteljing om lukke og idyll, og at det er noko alle må oppleve, men å vere mor er ikkje for alle. Det handlar mykje om personlegdom og kva ein vil ha ut av livet. Om ein har kapasitet til å leve sitt eige liv og ha ansvaret for nokon andre sitt samtidig.

Frå foto til film

Forfattaren går frå framtid til fortid og mimrar tilbake til livet som student, der ho var éin av seks personar som kom inn på dokumentarlinja ved DDF i København i 2003. På det tidspunktet gjekk ho på fotoskulen Fatamorgana og kom ved ein tilfeldigheit over ein eksamensfilm frå den prestisjetunge filmskulen og blei inspirert.

– Eg tenkte: noko så vakkert! Den skulle eg ynskt det var eg som hadde laga.

Den nyutdanna fotografen var i utgangspunktet ikkje så interessert i film, men blei fanga av det særeigne uttrykket i filmane ved skulen si dokumentarlinje.

– Det var meir kunst enn journalistisk arbeid, fortel ho.

Ho skildrar korleis dokumentarar ikkje skapar noko ut frå ingenting, slik som fiksjon gjer, men at ein faktisk må finne dei riktige folka og stadane.

– Verkelegheita byr på dialogar eg aldri i verda kunne ha kome på å skrive frå eige hovud. Dei ekte møta handlar om å observere, ikkje styre.

Dokumentarlinja passa Stålskjær Osen godt og ho treivst med å gjere mykje av arbeidet på eiga hand slik at ho kunne behalde kontrollen. Ofte hadde ho ansvaret for både regi, foto og lyd. Samtidig var ho ein del av eit fellesskap, og ho skildrar eit målretta studentmiljø innad i klassa.

– Det var knallhard konkurranse om kven som fekk det til best. Me var pliktoppfyllande på eit heilt anna nivå. Ein skulle helst gå 100 meter lenger enn dei andre, fortel ho og utdjupar:

– Det var jo fordi me visste at me skulle ut i verda der alt handlar om å få pengar frå eit filminstitutt. Ingen får fast jobb og det er veldig konkurranseprega. Me levde på pulverkaffe.

LES OGSÅ: KSG fremmer mistillitsforslag mot samfundetleder

På jakt etter alle verdas smakar

For fem-seks år sidan syntest ho all organiseringa og teknikken kring filmskapinga gjekk for treigt.

– Eg hadde ikkje heilt lysten på det lenger. Både arbeidet med å utvikle idéar og filmprosjekt og det å kikke på film. Eg greier ikkje lenger å sjå noko anna enn det tekniske. Eg blir fort ueinig med vala dei har teke. Film blei på ein måte litt øydelagt for meg, fortel ho oppriktig.

Heldigvis var ikkje filmskaping hennar einaste lidenskap, og ho kom i gang med andre prosjekt innan felt ho framleis har interesse for, mellom anna matkulturen ho kom borti som student. Nørrebro, der ho budde, er eit multikulturelt område med mat frå alle verdsdelar. Dette var med på å inspirere det ho no brukar mest tid på.

– Det er ein dagleg inspirasjon å vere svolten. Eg hadde det heilt fantastisk som student på norsk studielån i København. Det var billig øl, vin og mat. Eg hadde tilgang på små autentiske restaurantar med heimelaga mat og inviterte ofte på middagsselskap der eg kokkelerte sjølv, seier Stålskjær Osen entusiastisk.

Det er dei små, billige og autentiske restaurantane som er det største saknet for trønderen.

– Trondheim er kjempebra på fine dining. Det er fantastisk at dei finst, men det er jo ikkje restaurantar ein har råd til, og dermed gleda av, å gå på særleg ofte, seier matentusiasten litt oppgitt.

Ho skildrar flotte, kritikarroste restaurantar med fleirerettars måltid og dyktige kokkar og fortel om korleis dei fleste nyttar slike restaurantar til eingongsbesøk, berre for å ha opplevd dei.

Den skjulte mattradisjonen

Livrett?

Salta uer med potet og gulrøter. Helst laga av mamma og pappa.

Favorittfilm?

Dog Days av Ulrich Seidl. Fantastisk film. Utruleg dyktig filmskapar.

Favorittbok?

Fuglane av Tarjei Vesaas. Kvar setning er som eit dikt. Middag eller dessert? Heller to middagar enn dessert.

Film eller litteratur?

Litteratur. Studenttips: Ikkje kaste mat. Test deg og leik deg utan å bruke oppskrift. Plutseleg har du gjort ei oppdaging av gull.

Stålskjær Osen saknar den enkle spisestaden på hjørnet og trur det skjuler seg mykje verdifull og spennande matkunnskap innanfor familiane sine fire veggar.

– Eg saknar desse enkle og billige restaurantane som famnar heile verda. Der kona står på kjøkkenet og mannen serverer. Mange restaurantdrivarar av anna etnisitet har ein spennande mattradisjon, men brukar det ikkje på jobben fordi dei trur det blir for spesielt. Eg håpar det er meir openheit i befolkninga enn dei antek, seier ho.

Denne brannfakkelen inspirerte til prosjektet ho no brukar mest tid på.

– Eg har starta opp eit matprosjekt i samarbeid med Trondheim kommune og Rosendal teater, der eg skal lage mat saman med husmødre frå Afghanistan, Syria og Somalia. Dei står utanfor arbeidslivet, men er dyktige kokkar med skikkelege mattradisjonar.

Matprosjektet blir kalla Lamomat og vil resultere i ein pop-up-restaurant på Rosendal teater i midten av november. Stålskjær Osen legg vekt på at det skal vere eit folkekjøkken som alle skal ha råd til og gler seg til å få smake nye rettar ho ikkje har prøvd før.

– I dei fleste miljø veit ein kven som er den beste kokken, det er berre å spørje litt rundt, forklarar ho og tek på seg raud leppestift før fotografering.

LES OGSÅ: Kroppen er som et grensesnitt mot verden

Powered by Labrador CMS