NASJONALSANG: Markeringa blei avslutta med allsang av «Sámi soga lávlla».

Saknar samisk merksemd i Trondheim

På måndag den 6. februar arrangerte Samfundet og Saemien Studeenth Tråantesne lunsj og festtaler i Storsalen i høve av den samiske nasjonaldagen.

Publisert Sist oppdatert

Lihkku beivviin! Vuorbbe biejvijn! Læhkoeh biejjine!

Eller for de som ikkje les flytande samisk: gratulerer med dagen (som var). Måndag den 6. februar feira me nemleg den samiske nasjonaldagen, som markerast til minne om det første samiske landsmøtet som vart halde nettopp her i Trondheim i 1917.

Starten på ein ny tradisjon?

Det er ei høgtideleg stemning når ein entrar Storsalen denne måndagen. Ein blir servert velkomstdrink i døra, og langborda fremst i salen er kledd med kvit duk og levande lys. Det er med andre ord dekt til fest.

OPNINGSTALE: Samfundet-leiar Una Onsrud innleia dagens markering

Markeringa opna med ei tale frå Samfundet-leiar Una Onsrud. I bunaden sin ønskte ho velkommen og innleia med å fortelle om det historiske bakteppet for feiringa av dagen. Vidare fortel Onsrud at ho sjølv ikkje har vore med på å feire nasjonaldagen tidlegare, men påpekte viktigheita av at ein organisasjon som Samfundet er med på feiringa.

I salen sit det oppmøtte i alle aldrar. Ved første augekast kan det sjå ut som om det stort sett er studentar som har tatt turen denne ettermiddagen. Ser ein litt nærmare, kan ein derimot sjå at det er også ein stor del «vaksne» i forsamlinga. Også Onsrud synes demografien blant dei oppmøtte var overraskande.

– Eg synest alltid det er stas når det kjem vaksne på huset, så det er veldig hyggeleg!

Duodji

Duodji er samisk tradisjonelt handtverk og kunsthandverk. Ordet er en fellesnemning for både det å skape noko og det som blir skapt. På norsk omtalast det gjerne som «samesløyd».

Samfundet har ikkje tidlegare hatt tradisjon for å feire dagen. Sist det var markering var på eit festmøte under koronaen i 2021, då nasjonaldagen fall på ein laurdag. Onsrud har trua på at det kjem til å endra seg i åra framover.

– Me håpar at dette arrangementet kan bli endå større framover, og at det blir ein kultur på huset for å feira dagen ordentleg, fortel ho.

HØGTIDELEG: Olsen fortel at lua berre blir brukt ved spesielle høve.

Samar som heldt saman

Etter servering av lunsj trer leiar i SST, Therese Olsen, opp på scena ikledd Sør-Tromskofte. No skal det viktigaste punktet på programmet i Storsalen haldast, sjølve festtala. Olsen illustrerar storleiken av denne dagen og mimrar tilbake til familiens feiringstradisjonar, som kanskje ikkje var så store, men ein fest samanlikna med grunnlovsdagen. Då brukte dei å dra på svenskehandel, fortel ho.

Saemien Studeenth Tråantesne (SST)

Saemien Studeenth Tråantesne er ein samisk studentorganisasjon som ønskjer å fremje samisk språk og kultur, og generelt auke synleggjeringa av det samiske. Organisasjonen vart oppretta i Trondheim den 22. september 2016.

Organisasjonen som ho representerar er ein samisk studentorganisasjon som ønsker å samle dei samiske studentane i Trondheim og synleggjere samisk språk og kultur. Olsen skisserer det som litt tilfeldig at ho nettopp vart leiar der.

– Eg havna eigentleg i SST fordi broren min var med, og så i fjor då dei trengte ny leiar så velte eg å stille.

Vidare fortel ho at studentar som kjem frå plassar kor det samiske har stått veldig sterkt, kan oppleve å møte ein kultur kor samer har ein mindre tydeleg plass, som i Trondheim.

– Me vil tilretteleggje for at folk kan finne eit samisk miljø kor ein treffast fleire gonger i månaden og finn på hyggelee ting som lunsj eller doudji-kveldar.

LES OGSÅ: I 2017 ble 100-års jubiléet Tråante markert

Kjenne seg liten

Sjølv om Olsen har funne ei tilhyrsle i SST, gir ho uttrykk for at ein ofte kan kjenne seg liten som same i ein by kor det samiske ikkje kjem så tydeleg til uttrykk.

FESTKLEDD: Leiar i SST, Therese Olsen ikledd Sør-Troms/Ofoten-kofta for anledninga.

– Det er vanskeleg å finne eit samisk miljø, dersom ein ikkje kjenner andre samer i byen, og ein finn sjeldent samiske arrangement verken her på Samfundet, eller i byen elles.

Samfundet-leiaren er samd i at det ikkje er ei stor merksemd rundt den sør-samiske kulturen i Trøndelag og Trondheim på Samfundet i dag, men noterar at det har vore både fleire samiske artistar og joik på huset tidlegare. Ho håper likevel på å betre synleggjeringa framover.

– Det er litt det me ønsker med å markere den samiske nasjonaldagen sjølv om det er ein måndag, og ikkje ein laurdag. Det er viktig å bruke i alle fall den eine dagen i året på å sette ekstra søkelys på den samiske kulturen, som for mange elles ikkje er så synleg.

Powered by Labrador CMS