Ikkje noko festmøte når mistillitsforslag står på dagsorden

Sakskartet for laurdagens Samfundsmøte er rydda for handsaming av mistillitssak –men kva skjer om samfundetleiar må gå av?

Publisert Sist oppdatert

Saka er oppdatert med ordlyd for mistillitsforslag, og difor er òg den delen av saka som baserte seg på tidlegare ordlyd (henta frå Samfundet sine heimesider klokka 20:54 og publisert 21:46) fjerna kl. 23:22.

Dette er det ordrette forslaget (oppdatert 27. oktober 23:06)

KSG-styret stiller mistillitsforslag til samfundetstyret.

På bakgrunn av en hendelse som tok sted natt til 08.10.2022 ønsker KSG-styret å rette et mistillitsforslag til Samfundets leder. KSG-sjef plikter å gjennomføre ønsket til KSG-Styret, og derfor ønsker avtroppende og påtroppende gjengsjef et mistillitsforslag på kommende samfundsmøte.

Grunnlaget for mistillitsforslag baserer seg på at KSG-Styret representerer den fornærmede. Vedkommende har opplevd en ubehagelig opplevelse som gjør det vanskelig å stille selv. Det er skjerpende at Samfundets leder har et tillitsverv av høy grad, og reaksjonen til hendelsen ikke er møtt med ydmykhet. Ønsket til fornærmede er derfor at det stilles mistillit om Studentersamfundets leders egnethet i rollen personen besitter.

På førstkommende samfundsmøte vil KSG-Styret presentere hendelsen på vegne av den fornærmede.

Tysdag 25. oktober skreiv Under Dusken at Kafé- og Serveringsgjengen ved Samfundet fremjar mistillitsforslag mot samfundetleiar Jonas Strøm Scheie etter ei hending natt til 8. oktober.

Forslaget skal handsamast på Samfundsmøte laurdag 29. oktober klokka 18:00, og både mistillitsforslaget og dagsorden for møtet ligg no på Samfundet si heimeside.

Handsaminga av forslaget er sett opp som punkt nummer fem av sju på Styret sitt forslag til dagsorden. Nestleiar Una Onsrud i Styret stadfestar overfor Under Dusken at det ikkje vil vere temadel på Samfundsmøtet denne laurdagen, og det vil òg seie at det ikkje vert festmøte med tema «Monster» slik det opphavleg var planlagt.

Samfundet sine lovar gjer det klart at det må vere minimum 100 stemmar for forslaget og alminneleg fleirtal. Med andre ord må minst halvparten av dei avgjevne stemmane vere for forslaget, og desse må altså utgjere minimum 100 stemmar.

Kva skjer om forslaget går gjennom?

Lovane seier òg at dersom leiaren for Samfundet går av etter mistillit, går òg resten av styret av, og at leiaren i Rådet då skal leie val av ny samfundetleiar. Vidare skal nyval haldast så snart som mogleg på eit Samfundsmøte dersom eit samfundsvedtak gjer at nokon må gå av.

– Dersom mistillitsforslaget går gjennom, må vi i Rådet finne eit nytt tidspunkt for val, uttala leiar Sveinung Heide Vaskinn av Rådet tidlegare til Under Dusken.

Rådet er eitt av Samfundet sine tre styrande organ og organet som avgjev offisiell tolking av Samfundet sine lovar. På spørsmål om kva som skjer med resten av Styret dersom leiar vel å gå av frivillig i forkant av handsaminga av saka, svarar Heide Vaskinn at resten av styremedlemma går av uansett årsak dersom Styrets leiar går av.

– I tillegg må ein sjå på Samfundets Debattkomité som ei forlenging av Styret, slik at dei òg går av, informerer han.

Under Dusken kommer tilbake med mer.

LES ÒG: Onsdag samla studentar seg i protest

Powered by Labrador CMS