SIT håper på å kurere haustdrepresjonen:
Spring Awakening
SIT sin oppsetting av dramamusikalen Spring Awakening hadde premiere 28. oktober. Med fleire musikalar bak seg blir forventingane høge, men dei er klare for å lage show i år også.
Studentersamfundets Interne Teater (SIT) er klare for å vise fram det dei har jobba mot i over eit år; musikalen Spring Awakening. I samarbeid med Studentersamfundets Orkester (SO) er dei klare for premiere den 28. oktober. Etter å ha jobba med stykket sidan september 2019, har dei fått tid til å modnast og dette vil truleg vise seg i scenografi, kostyme, skodespel og song.
LES OGSÅ: Vi må snakke om hvordan vi snakker om kunst
Kjærleik og seksualitet
Vi tok oss ein prat med dei hovudansvarlege for oppsettinga av stykket, og det er tydeleg kven som er trygge i rollene sine. Det er ikkje journalistane i Under Dusken. Vi kjem ramlande inn i møtelokalet deira og treff på ein samansveisa gjeng som et nachos i lag. Dei er omringa av tidlegare bragder hengande på veggen, og er ivrige på å fortelje om kva som er i vente.
– Stykket handlar om ungdom i ei verd av kristenkonservative vaksne, der liva deira som unge krasjar med kva som blir forventa av dei. Oppsettinga utforskar identitetskaping, kjærleik og seksualitet gjennom mellom anna nysgjerrighet på eigne kroppar og følelsar, seier produsent Cathrine Storemyr.
Musikalen er både humoristisk og alvorleg, og publikum får bli med på ei reise gjennom konsekvensane av ungdommane si kunnskapsløyse. Stykket tar opp det å ikkje ha tilgang til informasjon, noko som også er relevant for ungdommar i dag. Dei opplev å få avgrensa informasjon i eit algoritmekammer som berre viser dei det dei allereie er einige i.
– Det er veldig fint om studentar kan kjenne seg igjen i noko av det som utspeler seg på scenen, seier ein av regissørane Marte Sonni til Under Dusken.
LES VÅR ANMELDELDELSE AV SITS OPPSETNING AV GREASE
Prosessen bak
Utveljinga av musikalen var ein gjennomtenkt og demokratisk prosess, der kunstnarisk ansvarleg i SIT, saman med kunstnarisk råd, hadde lest gjennom ei rekke stykke. Etter å ha tatt omsyn til både ressursar, besetning, plass og tematikk, blei dei einige om å setje opp det som på slutten av 1800-talet originalt var utgitt som eit skodespel. Det tyske stykket blei seinare gjort om til ein musikal i 2006. SIT har allereie byrja å eksperimentere litt med musikalsjangeren, med både Grease (2018) og Peer (2014) i baklomma, og dei var motiverte for ein ny storsalsmusikal.
– Det blir eit show utan like. Eller, ein tragedie utan like, seier den andre av regissørane, Fredrik Vildgren.
Med premiera rett rundt hjørnet er det ein roleg, men fokusert stemning i øvingslokalet. Dei varmar opp og tøyer ut som profesjonelle idrettsutøverar, og ein kan merke at gjengen har kontroll. Utover øvinga går den avslappa atmosfæren over til ledig latter og nøyaktige presiseringar av kva som burde utbetrast.
Det utviklar seg til og med ein diskusjon om korleis ein skal uttale den latinske teksten, trass i at det er eit daudt språk der ingen veit korleis noko blir uttala, og det er tydeleg at stykket er gjennomarbeidd. Sjølv om ikkje alt av trinn og vokal som er på plass, samarbeider gjengen godt mot det som blir årets hovudproduksjon.
LES OGSÅ: En ny hverdag for sykepleierstudentene