­SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT SPIT

PENGAR: Du treng ikkje betale ei krone for Spitposten!

Spitposten er komen på nett!

Vyrde lesar, det er ein stor dag. Dagen då Spitposten fekk si eiga heimeside. Ei noko forseinka feiring av Spitposten sin 24-årsdag.

Publisert Sist oppdatert
LEIARTEIGEN: Tidleg i 1998 kom første utgåve av Spitposten, og Njål skreiv på leiarplass.

Kva er vel meir passande enn å vende blikket mot den fyrste utgåva av Spitposten frå 1998. Njål i leiarteigen skreiv den gong at hans von var at Spitposten skulle verte eit kritisk auge som ser alt og aldri søv. Det opplagte spørsmålet vert då: Korleis går det med denne vona?

Eg skal ta på meg å svare for ommss alle: Det går ikkje so bra. Sopass ærlege kan vi vere. Sjølv om mykje har gått som han ville, so søv nok Spitposten til tider. Men so er det nettopp difor det er so viktig at vi no kjem på nett! I staden for å vakne frå dvalen kvar tredje veke, med ny utgåve av Fitteblekka, kan vi på ny halde oss vakne og sjå alt.

Vi skal framleis ha attendeblikk, sideblikk og skråblikk på kulturen, Samfundet og einskildindividet, men med eit nådelaust tastatur i tillegg til blyanten. Vi skal framleis slenge spit til dei som ligg nede, men vi skal òg sparke ned dei som ikkje allereie ligg der, men som like fullt fortener det.

Du skal heller ikkje vere redd for at det vert som med Fitteblekka, der alt som kjem på trykk òg kjem på nett, snarare tvert om. Her er alle saker eksklusive, noko på nett og noko på trykk. Dei skal utfylle kvarandre, leve i harmoni og til saman dekkje alt som du, vyrde lesar, treng vite noko om!

Powered by Labrador CMS