AKTIV: «Eg får et lite hòl i livet når elvepadlinga tar slutt på hausten, men så kjem jo eksamen».

Trondheimsstudenten:

På to månadar har Runa runda halve NTNUI

Psykologistudenten Runa Brekke Espedal har berre budd i Trondheim i to månader, men har allereie testa mykje av kva studentbyen byr på.

Publisert Sist oppdatert

– Då eg kom til Trondheim, tenkte eg «skitt, no må eg melde meg på noko, eg treng å halde meg aktiv». Så eg starta med NTNUI Skating i Trikkestallen, seier Runa.

Psykologistudenten tok med seg ei venninne første gong ho prøvde seg, og var litt nervøs.

– Kva skal ein ha på seg når ein skatar? Vi berre stod der med eit brett i handa, og visste ikkje heilt kva vi skulle gjere, men så kom det masse hyggelege folk og spurde om vi ville lære triks.

I skatemiljøet hos NTNUI var det folk på alle nivå, og med ulike bakgrunnar.

– Det er òg mange utvekslingsstudentar som er med hos NTNUI. Når eg dreiv med segling hos NTNUI, var det slik der òg.

LES OGSÅ: – Jo mer du spiller, desto mer gira blir du

Før ho kom til Trondheim, konkurrerte ho i flatvasspadling. Ho blei lei, for då bestod livet berre av trening, eting og soving. NTNUI har òg ei elvepadlingsgruppe, som ho sjølvsagt har testa.

– Elvepadling, det er adrenalin det! Øvst i Nidelva, over Sluppen, er det litt meir stryk, så då kan ein padle i små slags fossar. Padlegruppa har òg ting som skjer kvar veke, men no blir det jo mørkt, så då er det slutt på det òg. Eg får eit lite hòl i livet, men så kjem jo eksamen, seier ho.

Studentkultur = drikkekultur?

Samtalen flyt vidare om andre aspekt ved studenttilværet, og utstrålinga hennar er energisk og oppløftande. Vi kjem inn på eit litt meir seriøst tema, og ho ser meir tankefull ut.

– Det er mykje drikking i Trondheim. Det er kjempegøy å drikke og feste, men ein blir litt lei. Det er liksom så mykje det same, viss det er lov å seie. Det er litt gøy å ete middag i lag utan å drikke, eller ha spelkveld.

Runa fortel at ho sikkert er farga av at ho gjekk på ein konservativ kristen folkehøgskule der ein ikkje drakk.

– Vi hadde fyllastemning der òg. Vi var overtrøytte og rava i fleire timar til jesussongar. Eg meiner at alle burde få oppleve stemninga og fellesskapet når ein er edru, utan at eg eigentleg veit heilt kva eg trur på.

Fridomskjensle og kvardag

– Det er nok det beste med heile studenttilværet, at ein ingenting. Fridomen til å berre bestemme heilt sjølv.

Runa påpeikar at sjølvsagt er ikkje dette noko alle mestrar og likar. Nokon må sikkert ha meir struktur.

LES OGSÅ: NTNU vil ikke legge til rette for koronasyke studenter under eksamen

– No har ikkje eg studert nokon annan plass, men eg trur Trondheim byr på mykje godt organiserte aktivitetar med låg terskel, så ein må berre tørre å melde seg på ting.

Det kan sjå ut som om mange studentar deler same oppleving. Medlemstala til NTNUI viser at dei er Noregs største idrettslag. '

– Eg hugsar i opptaksperioden så hadde eg venar som berre sa «ja, eg skal spele baseball no. Eg kan ikkje reglane eller noko slikt, men eg berre prøvar!»

Det er ikkje éin einaste person Runa kjenner som ikkje ville passa inn i denne studiebyen.

– Nerdar kan nerde saman, dei som berre vil feste kan gjere det. Ein finn eit miljø for alt.

Etter at ho innser at ho berre har fine ting å seie om Trondheim, bryt ho ut:

– Nokon burde betale meg for denne reklamen, og ler.

Powered by Labrador CMS