MEKANISKE FORELESNINGER: Aksel Tjora frykter innspilte videoforelesninger og robotsensurerte flervalgseksamener.

UAs redaktør meiner professor Aksel Tjora burde heldt kjeft:

– Veldig spesielt at ei avis dempar open diskusjon, svarar Tjora.

Publisert Sist oppdatert

NTNU-styremedlem og professor Aksel Tjora fekk nyleg kritikk frå redaktør i Universitetsavisa Tore Oksholen, etter at han stemte i mot tilsettinga av Anne Kristin Børresen som dekan ved det Humanistiske fakultet. Tjora reagerte på tette band mellom Børresen og rektor Anne Borg, nærmare bestemd at Borg hadde vore Børresen sin mentor på 2000-tallet.

Oksholen meiner at Tjora ikkje hadde grunnlag for å svekke rektors autoritet i denne saken.

Til Under Dusken seier Tjora at Oksholen sitt innlegg er meiningslaust og han undrar seg over korleis redaktøren vil halde liv i ei universitetsavis ved å dempe debatt og open diskusjon.

– Eller, det er rettare sagt ein artikkel med litt for mange meiningar. Redaktøren skriv først eit tendensiøst referat frå styremøtet kor han har skrive meir enn lytta, for deretter å kritisere meg for å meine det han meiner at eg meiner. Eg har valt å halde kjeft og ikkje svare skriftleg på det vrøvlet som er skrive, kor han fabrikkerer mine meiningar og korleis eg førebur meg til styremøter, seier Tjora.

Tilsettinga av Børresen som ny dekan ved HF-fakultet kjem samtidig som fakultetet byrjar arbeidet med å gjenopprette tillit og arbeidsmiljø ved gamle Institutt for historiske studier, som i 2019 blei delt i to etter langvarig personalkonflikt. Tjora reagerte i UA på at Børresen hadde vært part i konflikten ved dåværende IHS.

LES OGSÅ: Må flytte for å fullføre studiet

Meiner Tjora svekker legitimiteten i gjenopprettingsarbeidet

Redaktør i Universitetsavisa, Tore Oksholen, seier at dette ikkje er eit forsøk på å dempe debatten, men at det heller er ein kommentar til ei ytring som Tjora fremja.

– Det er ei konkret tilbakemelding på eit konkret utspel på eit spesifikt møte, og må ikkje tolkast i vidare kontekst enn det, seier Oksholen. Det er ikkje eit forsøk på å legge lokk på debatten.

Han nemner også at han brukar mykje plass i artikkelen på å skryte og snakke opp Tjora sitt engasjement. Det er ytringa på nettopp dette møtet Oksholen meiner var uheldig.

– Det kan kanskje verke odiøst å be han halde kjeft, men eg synest det passa, seier han.

Oksholen skriv i artikkelen, at Tjora ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for det han fremjar, og at det einaste han oppnår er å svekke legitimiteten i gjenopprettingsarbeidet. Tjora er ueinig.

– Det må Oksholen gjerne meine, men eit etablert prinsipp bak eit gjenopprettingsarbeid er at det ikkje kan leiast av ein tidlegare part i konflikten. Kvifor Oksholen ikkje vil stille spørsmål ved posisjonar i dette arbeidet er vanskeleg for forstå, seier Tjora

Til dette svarar Oksholen at det er for tynt å berre kome med eitt eksempel.

– Tjora trekk slutningar omkring forholdet mellom Borg og Børresen i dag, men gjer det berre med eitt eksempel. Det gjer at det er dårleg underbygd. Det er for tynt å berre kome med eitt eksempel.

Leiinga ved NTNU har ingen kommentarar til det Tjora uttalar.

Powered by Labrador CMS