Anmeldelse

Alex G - God Save the Animals

Alex G overraskar sjeldan, men greier heller aldri å bli kjedeleg.

Publisert

Alexander Giannascoli, kjend under artistnamnet Alex G, har i ein alder av 29 år sleppt sitt niande album. På God Save the Animals serverer han oss tre kvarter med det beste han har å by på som låtskrivar og produsent.

Etter førsteinntrykket å dømme har vi å gjere med hans sedvanlege lune indie-folk. Det klimprast i banjoen og strykast over fela, og lyrikken har referansar til det nære og kjære. Likevel unngår tekstane å bli klisjéfylte i kontekst av musikken. I denne kategorien må «Ain’t it Easy» trekkjast fram som eit høgdepunkt – ein låt så fylt til randen av varsemd og omtanke at eg får litt mageknip. «Runner» er óg ei sterk låt blant dei meir konvensjonelle på plata, og denne gjer deg lyst til å hinke-hoppe bortetter fortauet hand i hand med ein god kompis.

LES OGSÅ: M.I.A. - MATA

Likevel kjem vi ikkje unna at Alex G kanskje først og fremst er produsent framfor låtskrivar, og det blir derfor heller ikkje plate utan at han triksar med forvrenging, støy og leikne vokalfilter. «Immunity» er ei glitrande, karismatisk låt der eit autotuna vokalspor flyt saman med pianoakkordar over ein trap-liknande beat. Saman med «S.D.O.S», «Blessing» og «Cross the Sea», er «Immunity» blant dei meir prosesserte på plata. Digital endring av vokalen i form av overdubbing og pitch-endring er kreative måtar å jobbe rundt avgrensa sangevnar, men fungerer også godt for å gi stemmer til karaktergalleriet han malar.

På toppen finn vi Alex G sin låtskrivarteknikk, der han kombinerer det profane og menneskelege med noko meir flytande og nifst. På botnen av alt ligg den teksturrike produksjonen; ikkje eit einaste av spora kan skildrast som enkle. Han snor seg smidig mellom ulike modalitetar, glir inn og ut av karakter, og skapar til slutt ei samling innbydande låtar med referansar til det guddommelege i kvardagen.

Eg sit att med same inntrykket som etter å ha lytta til eit par Sufjan Stevens-album – dette er ein mann som elskar det han driv med, og tilsynelatande aldri går tom for måtar å uttrykkje det på. Likevel er han alltid tru mot sitt eige image: ingenting overraskar, og alt er interessant. Det er som om han har plukka med seg sine beste kvalitetar gjennom tidene, putta dei i ein blender og destillert det ned til ein miks som viser fram hans beste sider. God Save the Animals er verkeleg eit Alex G-album, i mest mogleg positiv forstand.

LES OGSÅ: Sorry - Anywhere but here

Powered by Labrador CMS