Anmeldelse

Eirik Hegdal/Følk - Samlede Vandrehistorier

Også Eirik Hegdal beviser at han kan kombinere folkemusikk med kvass avant-garde – og gjer det sjølvsagt på klassisk Hegdalsk vis.

Publisert Sist oppdatert

Da eg fekk høyre at Eirik Hegdal hadde gjeve ut ei skive med musikk i krysningsfeltet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk må eg innrømme at eg vart litt skeptisk. Det er ein kombinasjon som er enormt i vinden om dagen, fronta av folk som Erlend Apneseth, Nils Økland og Frode Haltli, og som så langt har resultert i nokre av dei mest spanande og innovative skivene dei siste åra. Skilnaden mellom dei og Hegdal, og nok grunnen til min skepsis er at denne musikken stort sett har komme frå folk som kjem frå innsida på folkemusikken – Nils Økland var i mange år leiar for Ole Bull-akademiet, Erlend Apneseth vann Fureprisen i 2013 og Frode Haltli har vunne NM i trekkspel sju(!) gonger. Hegdal derimot har blytung jazz- og samtidsmusikalsk bakgrunn. Det er dog ikkje fyste gong han sett sin fot i folkemusikkens salat, han speler på Trondheim Jazzorkesters album Trondheim Jazzorkester med Sofia Jernberg og Olav Luksengård Mjelva (2019), kor folkemusikken møter stort jazzensemble i nydeleg harmoni. Eg var altså spent på kva denne plata var for noko.

Og dei fyste spora på Samlede Vandrehistorier lot til å bekrefte mine mistanker. Både «Den Lange Leia» og «Kjærlighet På Pinne» er veldig pene låter fundamentert i samspel mellom Gjermund Larsens fele og Hegdals saksofon, i tillegg til Sofia Jernberg og Unni Løvlids fantastiske stemmer, men det er ved fyste øyrekast ikkje så mykje meir der å hente. Men berre vent.

For så! På «Kraftkar» byrjer kappa å vende. Det er ei kraftprestasjon av ein satire på norske folkeviser. Teksta handler om ei dame som saumfarar sin bolig på jakt etter ein mobilladdar og brått finn mannen hennar til sengs med syster hennar. Melodiene og tekstane på plata har Hegdal skreve sjølv, og det er åpenbart at han har gått djupt til verks med å setje seg inn i dei estetiske trekka i skandinavisk folkemusikk for å skape musikk som er truverdig folkemusikk anno 2022. På denne låta tener også Hegdals jazzbakgrunn musikken godt, han har med seg eit stjernelag av norske (og ein svensk) folkemusikarar, og på «Kraftkar» setjast dei saman i hypnotiske og euforiske rytmer.

LES OGSÅ: Frå harpe til glamlender under Transform

Og no byrjer Hegdal å høyrest ut som Hegdal. «Skogen» er eit mystisk landskap som glir sakte forbi innhylla i ei grauttjukk tåke. Larsen og Hegdal ligg og vipper fram og tilbake på kvar sine tonar over Jernbergs mystiske, improvisatoriske vokal og Hans Hulbækmo dreg fram alle moglege underlege, unaturlege lyder frå trommesettet.

Etter dette følgjer platas mest forskrudde spor – «Lillebros lekebåt på egne eventyr». Låta byrjer med pointillistiske rytmer frå trommer og saks, før Jarnberg og Løvlid glir inn med vakker sirenesang. Ein augeblink trur du at du veit kor musikken er på vei, men brått entrer Jarnberg med ein av dei underligste og mest imponerande vokalprestasjonane eg har høyrd på lenge. Ein miks av hvining, frenetisk toneveksling, spastiske vocal fry-lyder som høyres ut som lyder frå hinsides grava; her var det eg for alvor fekk sansen for Samlede Vandrehistorier. Hegdal har langt frå kopiert det andre gjer, han har sett det, registrert kva det er, og kokt det saman med sin heilt eigne sans for musikalitet og resultatet er både det ein skulle forventa og heilt uforutsigbart.

Og så må det nemnast at dette er ei live-innspeling. Og eg tør påstå at dette er ein av dei mest høgkvalitets liveplatene eg har høyrd. Verket ble spelt på Kongsberg Jazzfestival og det er lydlegenden Tor “Torsken” Breivik som sitt bak spakane. På nokre spor har han lagt ved lyden av applaus som berre for å skryte – “ja, høyr, det ER faktisk live”. Bandet som består av to songarar, fele, saksofon og trommer gjev også ein heilt spesiell klang til musikken, i stor grad takka være mangelen på noko ekte bassintrument.

Pedanter kan klage over at «Stirrepols» er litt for treig til å danse pols til, men det er eit fascinerande stykkje musikk som inneheld både ein tiltalande melodi og tette clusterliknande harmonier. «Født som gjøk» likner «Lillebros lekebåt på egne eventyr», bare at den er om mogleg enda meir utfordrande, vokalen er enda særare, pendelen svinger langt over på Hegdal-sida av spekteret.

Plata avsluttast med to av sine sterkaste spor, «Skipper Foxnæs’ dans» og «Samlede Vandrerhistorier». Den fyste er både lyrisk og slagkraftig, ein slags Bizarro-folkedans i ei kjempesær tretakt. På denne låta er bandets lydlandskap på sitt største, Hulbækmos basstromme ljomer over leken i dei andre instrumenta. På «Samlede Vandrerhistorier» er vi i ei stemning som likner den frå «Kraftkar», ei slags forvridd revyvise full av glede og energi og ikkje minst ekte humor – sjelden vare i så avantgardistisk musikk som dette. Ein kan omtrent høyre smila på musikarane.

Og no gjev starten på plata meining. Det er ein reise frå det innbydande og smektande, inn i det rare og vanskelege og så ut igjen i det lune og smarte. Samlede Vandrerhistorier framstår som meir enn berre ei samling viser. Det er eit heilt verk som bør høyrast frå ende til anna. Eirik Hegdal – eg trekk tilbake all mistro – viser seg her nok ein gong som ein av landets mest allsidige og kompetente musikarar.

HVIS DU LIKTE DENNE PLATEN: Erlend Apneseth Trio – Lokk

Powered by Labrador CMS