Anmeldelse:

Geir Sundstøl – St.Hanshaugen Steel

Noregs hawaiigitarkonges nyaste album er som soundtracket for einsame astronautcowboyars vandring mellom stjernene.

Publisert Sist oppdatert

Frå 1890 til 1969 låg eit svært stålverk på St. Hanshaugen i Oslo, som det fjerde soloalbumet til ein av landets mest legendariske sessiongitaristar er kalla etter. Det er vanskeleg å kategorisere musikken ein finn på albumet utan å drukne i metaforer. Musikken er einsam, han er postapokalyptisk, han er nett som å gå gjennom eit nedstengd stålverk, med rotnande lauv på golvet og ekko i veggane. Samstundes flettar Sundstøl inn så mykje kløktig instrumentering, flytande synthar og trommemaskiner at ein dras ut av det reint jordlege ut i verdsrommet. Namnet hintar også til instrumenta Sundstøl er mest kjend for, som pedalsteel og slidegitar som bringer med seg bilder av forlatte urbane områder og ei verd etter industri.

LES OGSÅ: Emile the Duke - Hvit Skjorte

Sundstøl har virka som gitarist på over 400 album , og spennvidden i den musikalske erfaringa hans skin gjennom i solomusikken. Låta «Ka» passar relativt godt inn i americana. «Våg» og «Kløpper» vrir og vrenger på sjangertrekka med underleg instrumentering og vidåpne lydlandskap. «Hoven», kanskje den beste låta på plata går brått i ei heilt anna retning. Intense saktegåande synthar, rytmiske dulcimerostinat, ordlaust kor, alt over signaturinstrumenta til Sundstøl og smukk bassing frå Mats Eilertsen.

LES OGSÅ: Jedier, allsang og vill jubel

Sjølv om alt på St.Hanshaugen Steel er uforskamma vakkert er dynamikken i plata litt for langt nede. Lydlandskapa er gjennomført, men stemninga i mange låter blir veldig like. «Lyssky», «Smet», og «Omsorg» har ei særs lik stemning, og ender opp med å smelte saman. Eg tar meg stundom i å tenkje at det hadde vært godt å bli skreke litt meir i trynet. Både «Hoven» og avslutningslåta «Pøs» har sterke dynamiske høgdepunkt, men jamt over saknar eg å høyre musikken verkeleg bryte ut i song.

Eg ender med eit delt inntrykk av St.Hanshaugen Steel. I alle detaljar er musikken og dei astrale steppene Sundstøl maler fram er reint til å drukne i, men det skulle vore noko meir her. Eg har lyst til å elske meir av plata, men dei beste delene er så uforskamma bra at eg ikkje har noko anna val enn å anbefale ho på det absolutt varmaste.

Powered by Labrador CMS