Anmeldelse

Kim André Arnesen/Nidarosdomens Jentekor /Trondheimsolistene- Tuvayhun: Beatitudes for a Wounded World

Kim André Arnesen og musikarane han har med seg, leverer ei skive med vakker, djupt røyrande og tidvis sukkersøt musikk

Publisert

Eg var så heldig å få vere til stade på noregspremiera av verket Tuvayhun i Nidarosdomen i 2019, ein konsert som framleis står som ein av mine mest formative musikalske opplevingar i Trondheim. No er verket kome på plate, og sjølv om opplevinga kan hende ikkje er like stor som å vere fersk student i ein mørk dom, er dette framleis storslagen og røyrande musikk.

På høveleg norsk heiter plata Tuvayhun: Saligprisingar for ei såra verd, og «tuvayhun» er eit arameisk ord som tyder salig. Musikken og tekstane hentar mykje frå den bibelske Bergprekena, kor Jesus truleg sa akkurat dette ordet. Bodskapet i musikken er nokså åpenbar, han handlar om den syriske flyktningekrisa, men tekstane Anthony Silvestry har laga til musikken er snekra saman slik at det generelle bodskapet om medmenneskelegdom står fram sterkare enn noko spesifik humanitær krise. Musikken som omkransar disse tekstane er salig vakker; her kjem Arnesen sin stil ham ekstremt til nytte.
Høgdepunkt som «I am Poor» og «Rachel’s Song» er fylde av ei stille form for intensitet som stråler av frustrasjon over ei urettmessig verd. Det einaste punktet kor musikken blir i overkant sentimental er på «I Hope» – eit spor kor Nidarosdomens Jentekor akkompagnert av seige strykarakkordar seier kvar si håpefulle setning. Dette er jo ikkje gale i seg sjølv, men det er litt i overkant klissent i samanlikning med resten av musikken i Tuvayhun.

LES OGSÅ: Ei eiga musikalsk verd inne i Nidarosdomen

Når koret fyst er nemnt, må eg trekkje fram dei utruleg sterke vokalprestasjonane på plata. Kirsti Huke og Mohammed Al-Majzoub syng virtuose liner inspirert av arabisk folkemusikk tilsynelatande utan å blunke – særs sistnemnte i rolla som Jesus gir ein kjærkommen intimitet til musikken. Denne intimiteta svarar nydeleg til varma til jentekoret og Huke som stundom skaper ei varm svøpe av musikk og andre gong ei sfære av forrykande folkemusikk som på «The Face of God». Satsane veksler stort sett mellom disse to primære estetikkane, anten stillfaren song fylt av melankoli eller danserytmer frå ei anna verd. Dette kan også bli litt mykje i lengda – særs song, melankoli og lågmælte instrument kan ein bli veldig mett på, men det er framleis akkurat nok variasjon til å halde ein interessert.

På dei meir energiske spora får instrumentalistane verkeleg skine. Særs Hans Fredrik Jacobsen på fløyte og Hans-Kristian Kjos Sørensen på cimbalom imponerar i sine lengre lekne og improvisatoriske soloparti, men ein skal ikkje gløyme det fantastiske teppet Trondheimsolistene legg under dei. Både vokal- og instrumentprestajonane er så sterke at dei nesten forsvinn som utøvarar slik at berre musikken er att.

Tuvayhun: Beautitudes for a Wounded World er fylt av kjærleik til verda, plata ynskjer å vise kor mykje vakkert ho inneheld til tross for at ho virker kald og ubarmhjartig. Arnesen sin polerte, venlege stil får skine her, og han har laga musikk som er både original og kjend, han er sart og hardtslåande på same tid. Han er også sentimental og tidvis i overkant repetitiv, men det trekk ikkje nok ned til å kalle Tuvayhun for noko anna enn salig vakker balsam for sjela.

LES OGSÅ: Spinnvilt og flytande samtidsgull

Powered by Labrador CMS