Handlingsfattig og rikt frå Fosse

Jon Fosse fullendar storverket om ein mann som allereie er ferdig med å leve. Og svært vakkert er det.

Publisert Sist oppdatert

Eit nytt namn. Septologien VI-VII

Jon Fosse

Samlaget, 2021

331 sider.

Asle er ein einsam mann. Han bur avsides utanfor Bjørgvin, med berre éin nabo, Åsleik, som han strengt tatt ikkje likar så godt. Etter at Ales, kona hans, døydde for fleire år sidan, kjennest det som at det ikkje er eit eigentleg liv han lever. Det som røynleg var Asle sitt liv, er det han hadde saman med Ales. Det som kom før og etter Ales, det tel liksom ikkje, tenkjer han.

Gjennom dei fem første delane av Septologien, som har kome ut i dei to binda Det andre namnet (2019) og Eg er ein annan (2020), har me blitt kjende med livet til Asle, både i notid og fortid. Gjennom stadige tilbakeblikk har me blitt kjende med oppveksten hans, korleis han blei biletkunstnar og trefte både kona Ales og dobbeltgjengaren sin, som også heiter Asle. I Eit nytt namn, som utgjer dei siste to delane, er det minna om forelskinga og ekteskapet til Ales som står i sentrum.

LES OGSÅ: No kjem den endelege avstemminga: – Største vedtaket på nesten 100 år

Me slepp aldri ut av tankane til hovudpersonen vår, men har fri tilgang til den ustanselege straumen av minne og tankar som konstant trenger seg på. Asle glir inn og ut av refleksjonar om målekunsten og den katolske trua si, sjølvgranskingar og tilbakeblikk på det som står tilbake som dei skilsettande hendingane i livet hans.

Fosse formidlar dette lyrisk og stilstikkert gjennom uendelege setningar (det finst ikkje punktum i desse bøkene). Den eine tanken følger den andre, utan stans. Likevel er det aldri verken keisamt eller masete, som alltid er risikoen med denne typen framstillingar. Tankestraumen bølgjer att og fram mellom ulike lag av minne og handlingstrådar, som gir forteljinga ein flyt og eit driv som er lett å bli sogen inn i.

Forfattaren har funne fram til eit ope og enkelt språk, som samtidig har ei enorm djupne i seg. Repetisjonane over dei same setningane og motiva fungerer på same vis som Asle tenker at målekunsten hans fungerer. Han har eit indre bilete som han prøver å få ned på lerretet. Jo nærmare han kjem dette indre biletet i måleriet, jo nærmare er han å røre ved ei slags sanning. Noko som alltid er nærverande og samtidig umogleg å fange heilt inn.

LES OGSÅ: UKAs kulturprogram satser på å ha noe for absolutt alle

Føre denne siste boka i Fosses storverk Septologien, var eg svært spent på om forfattaren ville klare å runde av forteljinga på ein tilfredsstillande måte. Her er det mange spørsmål som Fosse (kanskje litt typisk) ikkje gir svar på. Men likevel sit eg igjen med kjensla av eit verk som er fullenda, som har kome i mål. Det er sårt og vakkert, og eg gler meg til å lese Septologien om igjen.

Powered by Labrador CMS