Ingen revy utan klassisk revypositur.
Ingen revy utan klassisk revypositur.

Bånn gass med Razzmatazz

Årets revy er ein godtepose av talentfulle utøvarar.

Publisert Sist oppdatert

Me var klare for fest då det var forbudstid, og me er klare for fest no. Det passar dermed utmerka at Erna har gitt klarsignal, Trondheim har gjenopna, og publikum sit klar i ein fullsett Storsal på bypremieren fredag kveld. Etter 18 månadar med forbod, tar revyen oss gjennom kjente og kjære problemstillingar med denne tida, samt ein stemningsrapport på kva me har å ta igjen.

Allereie etter første nummer verkar det til å vere full fest og hurumhei og det er vanskeleg å ikkje bli gira av skodespelarane på scenen, sjølv om det er tilnærma umogleg å nå deira nivå av ekstase. Kostyma er fulle av fargar med turkis, lilla, gult og raudt, puffermer, tversoversløyfer, vestar og slips. Kulissene er fulle av ljos og bandet speler livlege jazzete tonar. Det er liv og røre i bandet, blant publikum og mellom skodespelarane. Dette er den dominerande stemninga under årets revy, og me får ein smakebit på både klassiske revy-sketsjar, strålande musikkinnslag av både song og instrument, og også solide dansenummer.

UKA tar oss inn i «Tom Ketils paradis».
UKA tar oss inn i «Tom Ketils paradis».

Dette kjem i tillegg til ein jamt over gode skodespelarprestasjon frå samtlege, det er det ingenting å utsetje på. Skodespelarane har god kontakt med publikum, og er ikkje redde for å nytte sjansen til å ta med seg kjente og kjære ordførerar og rektorar i fleire av nummera, til stor glede for publikum.

LES OGSÅ: Moshpit-bonanza under Arif

Revyen er med andre ord variert i både innhald og framføring. Her blir både publikum og band med på fest og moro. I nokre tilfelle mot det makabre, der festen fortsett trass i død. Andre gonger mot det skrekkelege, der dei speler på kjente horror-tropar i ein elles vanleg koronakvardag, men i dei fleste tilfella med lystige blikk.

Det overraskar nok ingen at det er meir enn ein vits om Reitan i denne revyen.
Det overraskar nok ingen at det er meir enn ein vits om Reitan i denne revyen.

Jacob Wulff Wold leverer to solide sketsjar med utgangspunkt i relativt enkle memes, der desse eleverast gjennom glimrande kontakt med publikum og perfekt lengde på kunstpausane.

Det blir sjølvsagt ingen fest utan musikk og dans, og dette er kunnskap årets revy tek på alvor. Rikke Skindlo imponerar stort med si flotte stemme og sitt særeigne bodskap i «Tilbake til normalen», der det blir tatt opp eit betent tema på ein lettsindig måte. Også Thea Kristine Fremstad gjev inntrykk med sin kraftfulle framføring som gammal pang i gullkjole, der ho syng og beveger seg dramatisk og oppgitt kring nyheita om at Reitan har kjøpt seg inn på Huset i «Det e itj min sak».

LES OGSÅ: Jedier, allsang og vill jubel

Med kreative innslag som den gira fotballspelaren med karriereskifte, antibac-ballett-battle og kvinnene på Club4, i nummeret «Tom Ketils paradis» vitnar revyen om gode koreografar og talentfulle skodespelarar. Sistnemnde nummer kan nok også reknast som eit av dei mest gjennomførte nummera i kveldens framsyning, og det verka som at alt klaffa i denne.

Revyen er heller ikkje redd for å ta oss med til meir alvorlege tema, og i det solide nummeret «Han klarer seg jo bra» framført av Fredrik Vildgren, får vi servert eit pianostykke med klar song om korleis han ikkje eigentleg gjer det. Ein sit halvvegs og ventar på ein punchline som heldigvis aldri kjem. Og ut frå talet våte auga, rår det inga tvil om at settingen ikkje er eit hinder for at poenget når fram. Trass i dette viktige temaet, er det framleis rom for fest og moro, og overgangen tilbake til dette vitnar om ein god komposisjon. Revyen var snart tilbake i latter og glede, men det er ikkje til å stikke under ein stol at dette vesle innslaget er til ettertanke.

Livet har vore annleis dei siste 18 månadane, og vitsar kring dette fell i god smak hjå publikum. Det verka som at dei fleste kan kjenne seg igjen i meterlang pinsett i nasen og forstyrringsproblematikk på zoom. Det er bekreftande latter under hybelsketsjen, der 20 kvadratmeter står I kontrast til showet lånehaien serverte både leigetakaren og publikum. I denne revyen er det både rom for å minnast korona, gløyme korona og endeleg kunne le av korona.

Brysam handsprit er relaterbart for mange.
Brysam handsprit er relaterbart for mange.

Sjølv om latteren ikkje sit like laust under alle nummera, er revyen jamt over ein godtepose av talentfulle utøverar av ulik slag. Revyen i år har ikkje eit openbart høgdepunkt, som Britannia-musikalen under UKA-19, men er heller jamnt god. Her får både musikarar, skodespelarar, dansarar, kostymedesignarar og kulissbyggarar skine, noko som også blir endå tydlegare når gjengen står stolte på scenen etter velluka fullføring av premiere.