VNMS – VNMS TAPES

2020 er VNMS sitt år.

Publisert Sist oppdatert

Trondheim sitt kreative kollektiv VNMS har laga store bølger i Trondheim og Noreg i 2020. Bulmboy$ slapp albumet Ukjent Hav i februar til stor ros, og i april fulgte Gerald Ofori opp med den magiske EPen Ultraviolet. Nå har VNMS sluppet sitt første prosjekt sammen, nemlig VNMS TAPES. Det nye prosjektet bringer saman Bulmboy$ og Gerald Ofori sin stil og tek produksjonsnivået deira til nye høgder.

VNMS TAPES har VNMS med seg venner - blant annet Loverboy frå Undergrunn som sleng seg med på «SER SYNER». Låta er ein maktdemonstrasjon frå Grif som syner sin fantastiske utvikling som produsent. Det får han til gjennom inklusjon av nye element i dei allerede sterke trapbeatsa sine. I låta får vi ein grov gitarsolo, sammen med andre instrument. Dette skaper ein mykje betre heilheit enn det vi kunne fått med enkle trommebeats, som vi heilt ærleg ser for mykje av i trapmusikk om dagen.

LES OGSÅ: Stjerneskudd blant trøndersk hip hop

På «BLUE LADY» får vi nok eit nytt eksperiment: spansk rap. Ein sjanger som har teke verda med storm. Inklusjonen av spansk i låta syner VNMS sitt allsidige lydbilete. I tillegg nytter Bulmboy$ slutten av låta på å vidareføre min favorittaugneblink frå Ukjent hav, nemleg bruken av skits. Som vi fekk i hiphouselåta «Ruteknusing».

«MEDUSA» var første gang vi fekk høyre Gerald Ofori på norsk, saman med talentet Xalomon frå Bulmboy$. I 2020 har VNMS klatra til topps. Alle suksessfulle rapkarrierar treng ein låt som kastar opp to fingrar til alle som ikkje hadde trua i starten. Det er deilig å sjå VNMS rettferdiggjer ein slik låt i det vi høyrer oss inn i andre halvdel av albumet.

LES OGSÅ: Den norske duoen Jouska har sluppet debutalbumet Everything Is Good

Gerald Ofori har lenge utvikla produksjonsevnene sine, og tek stor plass på albumet. Han produsert beaten på låta «TRAPPEN ELLER HU», som brått er den sterkaste låta på heile albumet. Ofori har brukt ei stund på å utvikle eit lydbilete med både R&B og traprap. VNMS TAPES er årets tredje beskjed frå Trondheim til hiphop-Noreg om at dei også er på ballen, og at dei er klare for å ta like stor plass som Oslo og Bergen.