Kommunen tilrår bruk av munnbind på bussen

Ingen nye koronatiltak frå kommunen, men du blir tilrådd å halde deg unda avgangar med mest trengsel.

Publisert Sist oppdatert

Det blei forventa nye koronatiltak då kommunen kalla inn til pressekonferanse onsdag morgon, men det har berre kome nye tilrådingar. Ein blir først og fremst råda til å skjerpe dei smittevernreglane som allereie er sett, samt vere ekstra varsam på bussavganger med mest folk. Trass i drastisk auke i talet på koronasmitta i Trondheim dei siste to vekene, er det ikkje på same nivå som Bergen og Oslo.

LES OGSÅ: To nye smittede studenter tirdag

Kommunedirektør Morten Wolden nemner særleg tre faktorar som er avgjerande for å behalde kontrollen:

1. Reglane må følgjast.

2. Få kontroll på utanlandssmitta.

3. Grep om kollektivtransporten, der det spreiast.

– Det er ikkje krise, men vi har absolutt grunn til å skjerpe dei tiltaka vi allereie har, seier kommuneoverlege Tove Røsstad.

Det er meldt om nye nasjonale tiltak, og kommunen har difor kome med tilrådingar i staden for nye koronatiltak.

LES OGSÅ: Alle skoleeksamener gjøres om til hjemmeeksamener

Tilrår munnbind på kollektivt i rushtida

Med bussar fulle av folk er det vanskeleg å overhalde smittevernreglane, noko studentar tidlegare har peika på som problematisk. Røsstad kjem med ei sterk tilråding om å bruke munnbind på dei avgangane som er mest pressa, for å unngå spreiing.

Avdelingsdirektør Grethe Opsahl i AtB, seier at bussane stort sett har tilstrekkeleg kapasitet, med unntak av nokre få avgangar i rushtida. Bussane rundt klokka 07.00 og 14.00 er særleg pressa med tanke på skule og arbeid, og Opsahl håpar arbeidsplassar legg til rette for at ein kan ta andre avgangar.

LES OGSÅ: En snublestein som rommer enormt

Unngå visse avgangar

På si nettside oppfordrar AtB til å utnytte den kapasiteten dei har og å unngå dei avgangane med størst trengsel. Her trekk dei blant anna fram linje 3, ei velkjend strekning for studentar på både Gløshaugen og Dragvoll, som ein avgang kor det er tendensar til trengsel. Som alternativ føreslår AtB linje 12, sjølv om det også her er trengsel på enkelte avgangar.

I tillegg blir det oppfordra til ekstra merksemd ved bruk av kollektivtransport generelt. Ein bør halde avstand, også på haldeplassane, vise omsyn ved av- og påstiging, ikkje reise dersom ein er sjuk og vente på neste avgang dersom bussen er full. Det blir også nemnt at ein bør nytte seg av sitteplassene framfor å stå ansikt til ansikt.

LES OGSÅ: Hvorfor er det så vanskelig for studentdemokratiet å snakke om konkrete gjennomslag?

Nye reglar for flybussen i vente

Ifølge ordførar Rita Ottervik og Røsstad, kjem mykje av smitta frå utlandet. Det blir difor arbeidd med ei forskrift der munnbind på flybussen blir obligatorisk, og Trondheim kommune er i kontakt med både Avinor og Stjørdal kommune for å få kontroll på smitta frå utlandet.

Powered by Labrador CMS