Kveldsdukkert i matsøpla

Etter stengetid kjem Bendik og plukkar varer verdt tusenvis av kroner frå søpla. Det nyt både han, venene og miljøet godt av.

Publisert Sist oppdatert
FRUKTFANGST: Bendik Stenberg finn ofte bananar som matbutikkane har kasta.

Klokka nærmar seg elleve ein torsdagskveld og Bendik Stenberg møter oss på den mørke parkeringsplassen foran ein matbutikk eit stykke utanfor sentrum. Med turbukse, gummistøvlar, panneband og ryggsekk ser han mest ut som han kjem rett frå skogstur. Formålet denne kvelden er imidlertid eit anna: han skal vise korleis ein kan redde både miljøet og lommeboka. På nesten lovleg vis.

Søppeldykking, eller dumpster diving på engelsk, er ikkje noko komplisert konsept. Du stikk hendene nedi ein bosskonteinar, tar ut det du kan ete eller bruke og tar det med deg heim. I søpla til daglegvarehandlar kan ein ofte finne matvarer som er fullt brukande, men som er blitt kasta på grunn av datostempling eller utsjånad. Ifølgje matvett.no kastar vi 390 000 tonn mat i Noreg kvart år. 62 000 tonn av desse kjem frå matbutikkane.

LES OGSÅ: To NTNU-ansatte hevder å sett Eikrem bruke Facebook-profil som postet rasistisk innhold

Bendik er ein av over åtte tusen medlemmar i Facebookgruppa “Dumpster Diving & Foodsharing Trondheim”. Han søppeldykka for fyrste gong i 2017 då han gjekk på folkehøgskule. Det var likevel først då koronapandemien sette inn at han gjorde det til ei fast greie.

– Eg fekk plutseleg masse tid, så då blei det mykje dumpstring, fortel han.

No har han gått med på å vise eit knippe videoreportarar, fotografar og journalistar kvar han får tak i den maten som matbutikkane kastar. Vi røper sjølvsagt ikkje kvar det er.

Ikkje berre for lommeboka

– Kom, vi går på denne sida, her er det ikkje like tydeleg kva vi driv på med, seier Bendik, og leier an til skuggesida av kveldens fyrste bosskonteinar.

Han peiker opp mot ei leilegheit som har utsikt mot der vi står. Ein person i vindauget der oppe følgjer med på oss. Lyset frå videokameraet vårt er ikkje særleg diskret.

– Det er berre koseleg, meiner Bendik. Han opner den ulåste konteinaren og kikkar inn.

– Her er det litt forskjellig, seier han.

Er det sjokolade?

– Trur ikkje det, dessverre. Eg hoppar oppi og ser, seier han.

Utan å nøle slenger han beinet over kanten, og er kjapt inne i konteinaren. Han plukkar ut nokre pakkar med sokkar, ei oppblåsbar drakt og sju norske flagg. Ofte gir han tinga han finn vidare til andre.

LES OGSÅ: Kommunen tilrår bruk av munnbind på bussen

Lærdommar til nye søppeldykkarar:

  • Respekter låste konteinarar
  • Ha med hovudlykt, våtserviettar og ryggsekk
  • Dra litt utanfor sentrum
  • Rydd opp etter deg
  • Dra med vener og ha det gøy

– Mykje av mat og snop gir eg til vener, mens “ikkje-mat,” som lesebriller og gardiner, donerer eg til Fretex og Bymisjonen. Viss motivasjonen for å dumpstre berre var eiga vinning, hadde eg ikkje gidda å ta med alt dette. Det handlar om å redusere svinn. Eg synest det blir kasta alt for mykje som kunne blitt gitt vekk.

Fangsten er så där, synest Bendik sjølv, men påpeiker at fråveret av mat ikkje berre er negativt.

– Går eg tomhendt heim, kan eg trøyste meg med at det ikkje har blitt kasta så mykje mat. Men å spare pengar kjem jo som ein stor bonus. Eg brukte kanskje ikkje meir enn eit par tusen kroner på mat gjennom heile vårsemesteret, fortel han.

Matutgifter til heilmjølk, smør, tran og god kaffi kjem han ikkje utanom. Det må han berre ha.

Insta-aktivisme

Som eit bidrag til kampen mot matsvinn, oppretta Bendik i januar ein instagramkonto, der han legg ut bilete av det han finn i Trondheims søppelkassar. Eit innlegg frå februar viser 52 posar potetgull, i juni var det 15 kilo fryste kjøttkaker og no i september la han ut eit bilete av 1500 gule serviettar som han ikkje veit kva han skal bruke til.

– Eg har lyst til å dokumentere. Både for å motivere andre folk til å dumpsterdive, og for å vise fram galskapen i kor mykje som blir kasta. Eg vil vise folk at maten dei har i kjøleskapet som regel er fullt etande, sjølv om han ifølgje datomerkinga er gått ut på dato, fortel han.

Namnet på kontoen, BendiksBossBoks har opphav i ein boks med søppeldykka mat, eller boss, som han gav i gåve til ein basar i fjor. At folk likevel les namnet i den engelske tydinga er ifølgje han sjølv ei vanleg mistyding.

– Kontoen blei omtalt på P3-morgen, men der tolka dei det som “Bendik Boss”. Det er ikkje meininga, presiserer han.

Bossvett i praksis

Andre konteinar for kvelden er meir som vi hadde sett for oss. Store plastsekkar nesten heilt opp til taket. Lukta av søppel tar ein ikkje feil av.

– Her er det ikkje vits å hoppe oppi, konkluderer Bendik raskt. Han veit av erfaring at det som er etande som regel ligg på toppen.

– Sjå, her er det bananar, det finn eg mykje av. Det skal veldig lite til for at dei blir kasta. Folk vil jo ikkje ha dei viss dei er litt brune, så eg lagar ein god del bananbrød, seier han.

Med synleg rutine sorterer han ut dei varene han vil ha med seg. Ein pakke druer ser heilt fin ut. Fleire klasar med bananar som er litt brunflekka i skalet får bli med. Han vurderer ein pakke bacon som enno ikkje er gått ut på dato, men legg han tilbake i konteinaren.

LUKTVERN: Når bosslukta er som verst, kjem bøffen godt opp over nasen.

– Når maten ikkje er for gamal, er det som regel ein annan grunn til at han er blitt kasta, forklarar Bendik, og viser fram det som ser ut som mugg på baconet.

Vi får ei rask innføring i dumpster-vett: svinekjøtt luktar viss det er dårleg, mens kjøtt av storfe stort sett er greitt å ete. Fisk og kylling skal ein passe seg for. Skaldyr tek han aldri, men det har meir å gjere med at han ikkje synest det er noko godt.

LES OGSÅ: Studenter bruker hypnose mot eksamensangst

Ikkje redd for trøbbel

Guiden vår for kvelden er i ferd med å vurdere om ein pakke servelat er verdt å ta med heim, då to butikktilsette kjem ut av bakinngangen, tilsynelatande på veg heim etter stenging. Dei ofrar oss ikkje meir enn eit halvt blikk på vegen forbi.

– Som de ser, synest dei fleste tilsette at det er heilt greitt at ein søppeldykkar. Men viss ein treff butikkeigaren, er dei som regel ikkje så glade, kommenterer Bendik. Då gjeld det å halde hovudet kaldt, snakke med dei, og i alle høve ikkje springe din veg.

Ein del butikkar vel å låse konteinarane sine. Viss ikkje dei låser, tolkar han det som at det er fritt fram å plukke fra bosset deira, forklarer han. Så lenge det ser fint ut etter ein har vore der, vel å merke.

– Viss nokon ikkje ryddar etter seg, blir det dårleg stemning. Både frå søppeldykkarar og frå butikkane si side, og konteinarane blir låste. Berre ikkje ver ein drittsekk, seier han med ei alvorleg mine.

Søppeldykking er i det ein kan kalle ei juridisk gråsone, ettersom søppel blir rekna som privat eigedom. Til trd.by har kommunikasjonsrådgjevar Hege Marie Vikaunet i Trøndelag politidistrikt uttalt at søppeldykking likevel ikkje er straffbart, så lenge ein viser omsyn. For at søppeldykkarar skal få halde fram, er dei derfor avhengige av at butikkeigarane ikkje blir lei av dei.

– Eg har aldri høyrt om nokon som har fått bot for søppeldykking. Blir eg den fyrste, skal eg ta den bota med glede, konstaterer Bendik.

KAFFIMAT: Bananar, nektarinar og Kvikk-lunsj er blant godsakene Bendik tar med seg heim.

Draumen om sjokolade

Tredje og siste konteinar for kvelden, og følget har så å seie gitt opp håpet om å finne den heilage gralen: sjokolade. Bendik sjølv verker skeptisk. Den sterke lukta av boss gjer at han kvir seg for å hoppe oppi. Ei potte med lyng som ikkje ser så verst ut, er likevel motivasjon nok.

Lyngen sender han ut gjennom opninga, saman med tre korger med nektarinar som ser ferske ut, og nok ein klase bananar. Og der finn vi det, gøymt under noko pappavfall.

– Her er det sjokolade, ropar Bendik entusiastisk.

Det er ikkje Troika, men dette er nesten like bra, meiner Bendik. Han rekk ut to boksar med innpakka småsjokoladar frå Freia. Dei er gått ut på dato, men elles fine.

– Å fy, no må eg ut. Det luktar ganske grufullt her inne, det blei nesten ein brekning. Eg hadde sikkert ikkje hoppa oppi i det heile tatt, viss eg ikkje hadde hatt med dykk. Men då hadde eg heller ikkje funne sjokoladen. Eg er litt svak for sjokolade, seier Bendik og gliser.

Powered by Labrador CMS