GLAD: Prisen Karoline Brændjord har vunne er på 60 000 kroner. Pengane kjem godt med i eit elles trangt diktarbudsjett.

Årets debutant:

Her er årets Vesaas-vinnar

Med diktsamlinga Jeg vil våkne til verden er Karoline Brændjord den femtisjuande vinnaren av Vesaas´ debutantpris.

Publisert Sist oppdatert

– Det er jo eigentleg for godt til å vere sant!

Det seier den nykåra vinnaren av Tarjei Vesaas' debutantpris på telefon til Under Dusken.

– Eg blei veldig glad, eg hadde sjølvsagt håpa på det, seier debutforfattaren.

Karoline Brændjord (f. 1990) har gått på Universitetet i Oslo og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Diktsamlinga har kome med på fleire lister over årets beste bøker i 2020, og fleire meldte at både debuten og forfattaren kom til å gjere det stort.

Den norske Forfatterforening deler ut Vesaas-prisen kvart år til beste unge skjønnlitterære debutant. Eit samstemd litterært råd har utnemd Brændjord som vinnar. Juryen skriv at debuten «vitner om stort talent, lyrisk overskudd og forbløffende språklig kontroll.”

Prisen ho har vunne er eit handslag til framtida og ungdommen frå Tarjei Vesaas, og er på 60 000 kroner. Vinnaren seier pengane kjem godt med i eit elles trangt diktarbudsjett.

KRITIKERROST: Jeg vil våkne til verden har blitt nominert til fleire prisar og fått overstrøymande god kritikk.

Blant tidlegare vinnarar finn ein Zeshan Shakar (2017), Helga Flatland (2010), Tore Renberg (1995) og Lars Saabye Christensen (1976). Brændjord seier det er gøy å bli ein del av rekka:

– Det er ei ære i det. Veldig gøy at namnet mitt skal stå blant prisvinnarar for alltid, seier Brændjord.

Debutforfattaren fortel at det var vrient, fordi ho allereie hadde fått mange gode omtaler på debuten, så ho trudde ho kunne vinne.

LES OGSÅ: Nytt system for stans av booking-boter hos Sit

Diktsamlinga Jeg vil våkne til verden kretsar rundt ei mor som har tatt sitt eige liv, utan at dikta «handlar om» mora sin død, ifølge juryen. Vidare i grunngjevinga står det at

– … verdenen som Karoline Brændjord skriver frem, er ikke urban eller menneskeskapt, den er natur, full av liv, luft og lys, av ting som svever, flyr og faller

Rådet skildrar dikta som kloke, modne og muntre, trass i den dystre undertonen.

– Eg blei tidleg utnemnd som kandidat, så då blei fallhøgda stor, sier Brændjord.

Det er einigheit om at Jeg vil våkne til verden er sterk og oppsiktsvekkande. Som NRK skriv, «ein diktdebut av dei sjeldne». I Under Dusken si eige omtale blir diktsamlinga skildra som «kanskje den mest slående diktsamlingen (...). Den er ikke-kryptisk, tankevekkende og rørende».

Brændjord er i gang med å sjå over utkastet til den danske omsettaren, men seier at ho gler seg til å starte på noko nytt og setje i gang med å skrive att.

– Eg har brukt mykje krefter på media, og då får ein ei slik sjølvbevisst mentalitet, seier ho, før ho legg til:

– Eg likar best å skrive og lese og reise på festival.

LES OGSÅ: UAs redaktør meiner professor Aksel Tjora burde heldt kjeft

Powered by Labrador CMS