GJENG OMVEGAR: Avstikkarane i studieløpet er med på å bygge og danne eit menneske, seier Bye.

Tragikomisk om kjærleik, lengsel og Tinder

Debutforfattar Kari Anne Bye er genuint nysgjerrig på nettdating og meiner studia blir best med høgt lån og mange avstikkarar.

Publisert Sist oppdatert

Kari Anne Bye

Alder: 37

Aktuell med: Eg et før eg kjem (diktsamling)

Nokre kjappe:

Topp 3 favorittforfattarar?

Marit Eikemo, imponerande evne til å spegle mentaliteten i samfunnet. Joakim Kjørsvik og Mads Rage, fordi du aldri veit kor du har dei.

Største kulturoppleving?

No er eg skikkeleg sjølvsentrert, men det er vel det å få gitt ut bok, då. Ellers vil eg trekkje fram då eg var med i juryen til P2-lytterane sin romanpris.

Guilty pleasure?

Unge Mødre DK, seier ho lattermildt og raudnar.

Kvifor DK?

Serien er heilt forferdeleg. På eit tidspunkt går ei av mødrene ut på trappa for å røyke, slik at ungen ikkje blir utsatt for passiv røyking, men bornet hennar er jo i magen hennar.

Råd til studentar?

Hald fast på gleda av å lære og ikkje tenk at noko er bortkasta. Du kjem til å vere så nøgd etterpå, trass i stort studielån og mange avstikkarar.

Stort sett har alle høyrt historier om å vere på Tinder. Mange er på plattforma sjølve og har eigne historier å fortelje, andre kjenner nokon som er der. Ikkje alle har skrive ei diktbok om det, slik trønderen Kari Anne Bye har gjort.

Trass i midlertidig bustad på hytta, grunna mugg i huset, verka debutforfattaren motivert til å ta turen inn til Trondheim for å møtast for ein prat. Faktisk såpass ivrig at første moglegheit blei litt for snar for underteiknande.

Det var ein av dei siste dagane med sommarvarme, men vi valde likevel å møtast på ein kaffibar. Ein kaffibar der det kanskje var moglegheit for å bli servert cortado i sjukt små glas av ein tømmerhoggar i krympa klede, nett som i eitt av dikta til Bye.

– Eg likar tanken på å møtast på ein kaffibar, typ heile boka er jo i ein, svarar forfattaren då det blir avtala stad og tidspunkt.

Den ferske forfattaren kjem inn i kaffibaren med eit stort smil og ei t-skjorte som promoterer diktsamlinga. Vi set oss ned med koronaavstand og pappkrus.

Eit lite spørsmål om boka hennar er alt som skal til for at ho engasjert byrjar å fortelje.

– Eg plar å seie at det er ei morosam og leiken diktsamling om einsemd og tinderdating.

Kva vi balar med når vi balar med Tinder

– Eg, i likskap med mange andre, har venner, seier Bye.

Ho bryt ut i latter av sitt eige utsegn. Det ho meiner er at det ofte er ein snakkis i vennegjengen. Debutforfattaren har merka seg at datingplattformer og «crazy date»- opplevingar blir gitt ganske stor merksemd, og fascinasjonen for denne tematikken gjorde at ho ville undersøkje meir. Resultatet var til slutt debutboka Eg et før eg kjem, som kom ut i august.

– Eg ville skrive om korleis det er å vere på Tinder.

Ifølge Bye er handlinga i boka sentrera rundt ei ung kvinne, som ikkje er så ung som ho skulle ønske lenger. Utfordringane hovudpersonen går igjennom er nok noko mange studentar kan kjenne seg igjen i.

– Ho balar med dei same tinga som dei unge. Ho prøvar å finne seg sjølv, finne meining, finne tilhøyr, finne kjærleik og finne jobb, seier Bye.

Sjølv om ho hevdar at ein sjølv må ha vore på tinder for å kunne skrive om det, er ikkje dikta hennar berre basert på eigne erfaringar.

– Det er fiksjon. Eg har heile tida prøvd å finne ut av kva som er greia med nettdating, forklarar ho vidare.

Gjennom samtaler, podkastar og bøker har ho funne ut så mykje som mogleg om dette fenomenet. Det er tydeleg at ho har gjort grundig forarbeid. Alt frå biletbruk, tinderbiografi, avhengigheita og måtar å kommunisere på.

LES OGSÅ: Strålende perspektiver og selvlysende skumringer

Om lengtinga etter noko betre

Den nybakte forfattaren ser ut på folka som går forbi og held fram med å fortelje om det ho har funne ut.

– Ein kan bli litt lamslått av det hypotetiske utvalet. Vel ein å satse på ein person, må ein samtidig velje vekk mange andre. Dette blir særleg visuelt på slike plattformer. Nesten som biletlotto. Nettopp dette gjer det vanskelegare å vere til stades der og då, og også forplikte seg til noko både den eine kvelden eller seinare.

Bye byrjar å le litt og raudnar.

– Eg må innrømme at eg sjølv har vore på ein fysisk bar med ei veninne og sveipa på Tinder.

Det viser seg at dette ikkje er eit ukjent fenomen.

– I ein amerikansk podkast eg høyrde, snakka dei om ein mann som gjekk på bar for å finne seg nokon, men enda opp med å måtte ta i bruk ein av appane fordi alle sat med telefonane tett opp mot ansiktet, fortel diktaren og ler.

– Det er alltid eit potensielt betre menneske der ute, legg ho til.

Bye fortel at hovudpersonen slit med å finne sitt nivå i den moderne datingkulturen og nemner at dette kan vere ein utfordring for mange. Å sikte for lågt fører til skuffelse og å sikte for høgt fører til klandring av seg sjølv. Då hovudpersonen til slutt har peila seg inn på sitt nivå, tør ho ikkje å satse.

– Det er ei bok om å peile, når ein ikkje heilt har peiling.

Kaffibar: Typ heile boka er i ein kaffibar, forteller Bye

Bye fortel at boka handlar om meir enn berre tinder, sjølv om det ofte er slik ho blir framstilt.

– Det er også ei bok om kjærleik, lengsel og einsemd.

Då ho i utgangspunktet syntest at hovudpersonen hadde gått igjennom nok ubehag og hatt meir enn nok av kjipe menn, bad redaktøren henne om å gjere det endå litt sårare. Bye skjer ein grimase og viser med hendene korleis ho måtte trykke dei siste restane av sårbarheit ut av ein imaginær klut.

– Boka skulle vere sår, så kjipe menn og kjipe situasjonar var naudsynt.

LES OGSÅ: – Når vi gir ut en låt er den ikke vår lenger, den tilhører alle

Verdifulle avstikkarar

I arbeidet med boka sat Bye mykje aleine. Redaktøren hennar sat i Oslo og mykje av kommunikasjonen føregjekk på e-post. Ho fortel at ho ofte sat heime i Trondheim og skreiv og at det difor var ein periode der ho berre arbeidde med teksten og nesten ikkje såg andre menneske.

Hovudet hennar søkk ned mellom skuldrene då ho skildrar aleinearbeidet som ei mørk hole.

– Å sitje slik aleine gjer at ein blir veldig sjølvkritisk. Eg visste ikkje om det eg skreiv var bra nok og om dette i det heile var noko å satse på, seier ho undrande.

Å kome på forlaget i Oslo etter mykje tid for seg sjølv, blei difor ei heilt spesiell oppleving. Då ho kom dit var det som om nokon plutseleg skrudde på ljoset, og ho møtte ei mengde folk som var begeistra for boka hennar.

– Det var veldig sjokk, men også veldig fint. Eg er kjempenøgd, seier ho og strålar.

For ho hadde ikkje ei straumlinjeforma ferd mot rolla som forfattar. Avstikkarar undervegs gjorde vegen hennar meir krunglete enn den i utgangspunktet måtte vere, men dette er omvegar ho ikkje ville ha vore forutan.

– Avstikkarane er verdifulle, dei er med på å bygge og danne ein som menneske.

Ho hadde seinast denne dagen gått nedover ei brusteinsbelagd gate og tenkt: «Dæsken, eg har mykje studielån!» Bye ler godt, og det ser ikkje ut til at ho tar studielånet særleg tungt.

– Det er ikkje slik at ein berre har så mykje plass i hovudet, seier ho og viser ein liten firkant med hendene på panna.

LES OGSÅ: No skjer det faktisk noko på Sluppen

Fordjupa i si eiga nysgjerrigheit

Hennar klare råd til studentane er å ta vare på gleda av å lære. Det er noko heilt spesielt å vere student, å få moglegheita til å fordjupe seg i noko driven av eigen nysgjerrigheit. Sjølv om samfunnet legg opp til at ein skal fullføre utdanninga på normert tid og helst rett ut i arbeid, legg ho vekt på kor givande ein omveg faktisk kan vere.

– All kunnskap heng saman med anna kunnskap. Ikkje tenk at ting er bortkasta. Skift fagretning, bruk lengre tid, finn på noko anna. Dette er med på å gje erfaring og byggje kompetanse, seier ho innstendig.

Det er tydeleg at dette er eit råd ho verkeleg vil at studentar skal ta til seg. Sjølv meiner ho at studielånet har vore med på å gjere ho til den ho er i dag.

– Alt eg har opplevd, erfart, lært og funne ut av har gjort at eg kan skrive slik eg gjer, seier ho bestemt og legg til at ho lenge leita etter si eiga stemme og stil.

Debutforfattar: Kari Anne Bye er aktuell med boka Eg et før eg kjem

Frå kaos til struktur

I utgangspunktet brukte ho begge målformer når ho skreiv, slik fleire forfattarar gjer. Etterkvart fann ho ut, klisjéaktig nok, at det var nynorsk som kom sigrande ut då tvikampen var i diktskriving.

– «Jeg spiser før jeg kommer» blir liksom ikkje det same som «Eg et før eg kjem». Bokmål har ei distanse, medan nynorsk verkar nærmare slik eg tenkjer, snakkar og føler. Målformene bidreg med ulike ting. Eg trur nok kanskje at stemma mi kan vere nynorsk, seier ho med handa på haka og blikket ettertenksamt ut i lufta.

Også forma og stilen er noko ho har arbeidd lenge med å finne. Sjølv om mange av dikta står i god stil med den pågåande trenden med Instagram- poesi, var ikkje dette eit strategisk og bevisst val.

– Først tenkte eg at det var kortprosatekstar og ikkje dikt eg skreiv. Det var redaktøren som etter ei tid byrja å kalle dei for dikt.

Forfattaren vil likevel ikkje kalle boka ei rein diktsamling. Nokre av tekstane er korte dikt, medan andre er lengre og meir prosaaktige. Konklusjonen er at forma på boka er ein hybrid. Tekstane ho levera inn til forlaget var like fragmentariske og kaotiske som Tinder sjølv, seier ho og held fram:

– Sidan eg hadde fått avslag på avslag på tekstane eg hadde sendt inn, var eg bestemt på å ta til meg alle råda eg kunne få.

Dette gjorde at ho, etter råd frå redaktøren, la inn kapittel, dramaturgi og kronologi, og strukturerte tekstane meir enn ho først hadde tenkt.

– Det blei faktisk mykje betre, innrømmer ho, og er glad ho tok råda på alvor.

Grobotn for nye prosjekt

Ein kan tenkje seg at ho, som mange andre, kanskje har nytta korona-perioden på å dyrke kreative idear og sett i gang nye prosjekt. På den vesle spaserturen langs sykkelverkstadar og kaffibarar, kjem det derimot fram at det var i denne tida at ho oppdaga muggen i huset.

– Eg hadde luftvegsinfeksjon i fleire veker i strekk før eg oppdaga det, seier ho lattermildt, men litt oppgitt.

Det blir likevel spennande å sjå om det berre var mugg som blei produsert i denne tida, eller om det også gav grobotn for andre prosjekt som med tida vil syne seg.

Powered by Labrador CMS