NYTT: Lager11 opna midt i juni i eit gult industrilager frå syttitalet.

No skjer det faktisk noko på Sluppen

I sommar har det kome mathall, kulturkollektiv og nytt klatresenter til byen. Alt i eit lagerbygg på Sluppen.

Publisert Sist oppdatert

Det er inga sjølvfølgje at det skal skje noko på Sluppen. Eit grått område, fullt av svære lagerhus, næringslivs-bygg, bilveg og parkeringsplassar. Utanom eksamenslokalet til NTNU, har det ikkje funnest så veldig mange gode grunnar til å ta turen ut hit. Det vil seie, ikkje før i sommar.

Lager11 opna midt i juni i eit gult industrilager frå syttitalet. Her er det mathall med åtte street food-buar, dessertbu og bar. I same bygget har Grip Klatring, som allereie driv klatresenter på Leangen og i Stjørdal, opna ein rykande fersk innandørs buldre- og klatrevegg.

Stor pågang på gatemat

– Vi var veldig spente på det med Sluppen. Om folk ville kome.

KULTURELL VARIASJON: Mette Moen Baatvik meiner at Lager11 tilbyr eit mangfald som er unikt i mat-Trondheim.

Det seier marknads- og kommunikasjonsansvarleg Mette Moen Baatvik ved Lager11. Den usikkerheita har så langt vist seg å vere ugrunna.

– All erfaring til no tilseier ­at folk er interesserte i å kome hit. Vi hadde i utgangspunktet berre tenkt å ha drop-in, men no har vi opna for at folk kan booke bord. Delvis på grunn av koronasituasjonen, men mest fordi pågangen har vore så stor, seier Baatvik.

LES OGSÅ: Sexklubbsjefen er anmeldt for hallikvirksomhet, selv mener han klubben er et sted for pleie

Då eigedomsutviklar R. Kjeldsberg saman med Austmann Bryggeri & Taproom arrangerte bydelsfestivalen Sluppenfest i 2019, fekk dei teikn på at det fanst potensial for eit mat- og kulturtilbod også utanfor Midtbyen. Erfaringane derfrå førte til at R. Kjeldsberg, som også eig mykje av bygga i området, initierte det som no er blitt Lager11.

Smittevernomsyn har gjort at dei ikkje kan ta imot så mange besøkande som dei hadde ønskja, men ho seier dei likevel er heldige som har god nok plass til å huse mange gjestar.

FARGEKLATT: Utenom Lager11 er Sluppen eit grått område, fullt av svære lagerhus, næringslivs-bygg, bilveg og parkeringsplassar.

Brus og bølgjeblekk

– Her er det visst brus på golvet, kommenterer Baatvik, som følgje av lyden av skosolane våre som klistrar seg til golvet. Eit sikkert teikn på at her er det liv om kveldane, global pandemi til trass.

Mathallen, som er eit lite torg av småbuer som tilbyr gatemat av mange nasjonalitetar, har henta inspirasjon frå andre mathallar i København, London, Oslo og Liverpool, fortel Baatvik. Fargepaletten, som er dominert av raudt, gult og grønt, er samstundes umiskjenneleg trondheimsk. I taket heng det ein lysinstallasjon av gamle vasstankar, sjølvlysande i neonfargar. På det opne golvet og på mesaninen står det lange, fargerike benkar og bord.

Berekraft har vore eit nøkkelord i utforminga av lokalet. Oppunder det høge taket heng ventilasjonsanlegget nakent, omkransa av vegger i bølgjeblekkplater.

– Vi har vore opptekne av gjenbruk. Det har jo vore industri her, og vi prøver ikkje å skjule det. Vi har langt på veg brukt den gamle lagerbygninga slik ho var.

LES OGSÅ: Millionoverskudd etter UKA-19

Mangfald i fokus

Sju av matbuene er etablert og blir drivne av folk med innvandrarbakgrunn. Baatvik meiner at dette gir ein større kulturell variasjon, som gjer at Lager11 stikk seg ut blant andre spisestader i Trondheim.

– Det har skjedd mykje på matfronten i Trondheim dei siste åra, men det er stort sett innan «fine dining». Blant det øvrige restauranttilbodet i byen går det mykje i det same, meiner Baatvik.

AUTENTISK: Sju av åtte matbuer ved Lager11 blir drivne av folk med innvandrerbakgrunn.

Ho peiker på at ikkje mange andre plasser i byen kan by på eit like stort utval av autentisk mat frå heile verda. Mangfaldet av nasjonalitetar er samstundes ikkje berre for å tilfredsstille publikum. Å gje innvandrarar ein moglegheit til å skape og drive ei eiga bedrift har vore eit aktivt mål i utarbeidinga av mathallen.

SE VIDEO FRA LAGER11:

– Vi er den første streetfood-plassen i Trondheim.

SE VIDEO HER!

– Vi vil at Lager11 skal vere ein stad der mange ulike kulturar er til stades. Det skal vere ein plass med lav terskel for både å besøke og jobbe. Vi vil gjerne vere den første arbeidsplassen, anten du er ung, eller ny i Noreg.

Den koreanskinspirerte bua Sesam-stasjonen er kanskje Lager11 sitt fremste døme på dette. Den blir drifta av 22B, ein organisasjon eigd av Salem meinigheit. I samarbeid med Trondheim kommune driv dei miljøarbeid retta mot ungdom. Sesam-stasjonen er blitt ein arbeidsplass der særleg ungdomar som har kome til Noreg som innvandrar eller som har falt utanfor skulesystemet kan få tilbod om å jobbe.

Ikkje berre gatemat

Lager11 har også ambisjonar utover å forsyne Trondheims innbyggjarar med mat og drikke. Ein betydeleg del av lokala er vigd til kontorfelleskap. Dei har totalt 25 kontorplassar som dei leiger ut til småbedrifter og sjølvstendige aktørar som jobbar innan kulturfeltet. Her har folk som driv med alt frå dans, dramatikk og teater til fotografi, poesi og grafisk design sin daglege arbeidsplass.

– Målet er at det å dele kontorlokale skal skape samarbeid. Vi ønsker å skape reelle fellesskap, der det kan oppstå synergiar mellom forskjellige folk, som resulterer i nye prosjekt innan kunst og kultur, forklarer Aimée Kaspersen.

SYNERGIAR: Aimée Kaspersen trur kontorfellesskapa på Lager11 vil gje nye samarbeid innan kunst og kultur.

Kaspersen er leigetakar i kontor-fellesskapet og ein del av Propellen Teater, i tillegg til å vikariere i Lager11 sitt kulturteam. Ho snakkar ivrig om det som røyrer seg mellom veggane på huset.

– Vi har allereie hatt framsyningar i Blackboxen vår, basert på samarbeid som har oppstått her, fortel Kaspersen.

I følgje Baatvik kan Lager11 vere ein bra plass for folk som ønskjer å satse på kultur.

– Kulturbransjen kan vere uføre-seieleg, og mange er avhengige av deltidsjobbar på sida. Det kan vere ein tøff arbeidsmarknad å kome inn i. Ved å leige ut kontorplassar til folk i kreative næringar kan vi vere med på å gje folk moglegheit til å satse på det dei eigentleg driv med.

LES OGSÅ: Leiemarkedet på ville veier

Ein umetteleg klatremarknad

I same bygg, berre rundt hjørnet til høgre, finn du det nye buldre- og klatresenteret til Grip Klatring. Om du ikkje veit kvar du skal, er det slett ikkje sikkert at du legg merke til inngangen. Berre ei trapp som ser litt nyare ut enn resten av bygget, og eit skilt på fasaden som, til Sluppen å vere, er ganske beskjedent. Men inne er det magasinet Klatring omtalar som «et av Norges mest moderne buldresenter».

I VEKST: Erik Hattestad (t.v) og Daniel Heyler set ruter. Dei meiner Trondheim har plass til endå fleire klatresenter.

Midt i hallen held Erik Hattestad og Daniel Heyler på med å «setje ruter». Dei jobbar begge fast med rutesetjing på Grip Klatring sine senter.

– Vi skrur no fast plastikkbitar på veggen, og prøver å lage noko som er artig og utfordrande å klatre på. Det handlar jo om å gje noko til alle. Ein må ha noko som er alt frå superlett til kjempevanskeleg, forklarer Heyler.

Dei har begge drive med buldring og klatring i mange år; Heyler i ti, og Hattestad i tjueto. Lengje nok til å leggje merke til at sporten har utvikla seg mykje dei siste åra.

– Før var det mykje galningar og utskot som dreiv med det, og det var kanskje litt vanskeleg å kome inn i klatremiljøet. No har mange skjønt at det er lett å starte med klatring. Det er berre å leige seg klatresko, og så schmækk, seier Hattestad. Med ei rørsle med armen visualiserer han ein nybyrjar si ferd frå inngangsdøra til toppen av buldreveggen.

ERFAREN: Erik Hattestad har klatra i tjueto år.

Verken den noko perifere plasseringa til senteret eller avgrensingar på grunn av pandemien har stoppa ein svært god start for det nye senteret.

– Det har kome like mange som vi hadde sett føre oss, og vel så det. Det er heller nesten så vi er bekymra av og til, om ein klarar å halde avstand, fortel Heyler.

Han skildrar ein marknad som verker umetteleg, der storleiken på klatrefolket har vakse i takt med klatresentera. Han trur at det berre i Trondheim er rom for eit par-tre senter til.

– Hadde vi berre hatt senteret på Leangen no, hadde pågangen vore så stor at det ikkje hadde vore mogleg, supplerer Hattestad.

LES OGSÅ: Mange vegrer seg for å ta turen tilbake på grunn av den nåværende situasjonen. Calisthenics kan være løsningen for deg.

Posteksamens-klatring

I den eine enden av hallen treff vi på biologistudent Ailin Østerås og indøk-student Mika Myrseth, begge på tredje året. Dei fortel gjerne om kva dei synest om klatresenteret.

– Det er veldig deilig at det er nytt. Nye klatretak og nye veggar, det merkar ein godt når ein klatrar. Ikkje at Leangen og andre plassar ikkje er bra, altså, for det er dei absolutt, seier Østerås. Myrseth nikkar einig.

NØGDE: Ailin Østerås og Mika Myrseth har vært mykje på Sluppen etter at det nye senteret opna i sommar.

Ingen av dei er nye i sporten. Begge har drive aktivt med klatring i halvanna år, og litt av og på i fleire år før det. Trondheim har mange moglegheiter for klatring, og dei to har prøvd både buldring og klatring ute og inne, blant anna i Korsvika, i Ilsvika og senteret på Leangen.

– No klatrar vi mest her. Det er nær­mare for oss, sidan vi bur på Byåsen, også liker vi oss godt her, legg Myrseth til.

– Det er jo ikkje så langt frå sentrum. Det er tolv minutt på sykkel frå Gløs­haugen, så det er overkommeleg å kome seg hit, meiner Østerås.

Ho ser ikkje på avstanden til sentrum som noko problem. Tvert om påpeiker ho at nærleiken til eksamensbygget kan vere ein god moglegheit.

– Å ta eksamen, og så ei klatreøkt etterpå, det anbefaler eg. Eg har tatt med ei god matpakke, slappa av, klatra litt, det er deilig altså, fortel ho entusiastisk.

– Kunne jo hatt tidleg morgon­klatring for å få hjernen i gang før eksamen, føreslår Myrseth.

Powered by Labrador CMS