Neon: Bianca

Råsterk prestasjon frå stjerneskotet.

Publisert Sist oppdatert

Nestemann ut er utvilsamt den med færrest streams på festivalen, men det verkar ikkje slik. Sidan ho nylig gjorde namnbytte og byrja å rappe på norsk har ho kun sluppe dritbra musikk. Som B-Boy treng ho å få spelt for alle dei som kanskje først og fremst er på festivalen for å sjå Karpe og Kjartan Lauritzen.

LES OGSÅ: Starta dagen med eit snilt pang!

Bianca gjer det mesterfullt på scena, og eg spår at då alle har fått gitt ho sjansen sin om eit år kjem ho til å bli ein av dei store favorittane. Musikken går skithardt, og ho kosar seg på scena. Ho køddar med idiotar som byrjar å rope om at Arif skal kome ut, ho tek ikkje seg sjøl høgtideleg i det heile sjølv om ho gjerne skulle fått lov av meg. Det heile skin av potensiale til å ta ein plass blant dei store.

LES OGSÅ: Sparker i gang festivalsommeren

Det er klinkande klart at dei som har høyrt seg opp på musikken til det unge talentet elskar ho, her er det berre å vente på at resten henger seg på. Bianca blir eit eventyr å følge med på.

Powered by Labrador CMS