Frå Trøndelag Teater til prisvinnar i Cannes

Verdens verste menneske er nær unisont hylla i inn- og utland, men kåra er tronge for norsk film, meiner hovudpersonen sjølv.

Publisert Sist oppdatert

− Ein blir jo litt galen av å snakke så mykje om seg sjølv, seier Renate Reinsve.

I sofaen på Britannia Hotel verkar ho likevel avslappa. Om nokre timar skal ho presentere sin nye film, Verdens verste menneske, for eit knippe publikummarar på Prinsen kino.

Sidan filmfestivalen i Cannes i sommar har det vore eit kjør. Filmen fekk strålande kritikkar, og Reinsve sjølv fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle. Det har ingen nordmann gjort før henne.

− Vi var jo så glade berre for å vere i hovudkonkurransen i Cannes, så tok det berre heilt av. Det var heilt koko bananas.

Renate Reinsve (f. 1987)

  • Utdanna ved Teaterhøgskulen, Kunsthøgskolen i Oslo.
  • Tidlegare tilknytt Trøndelag Teater og Det Norske Teatret, no Nationaltheatret.
  • Vann Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar i 2014, for rolla som lærar i Besøk av gammel dame på Trøndelag Teater.
  • Speler hovudrolla som Julie i Joachim Triers Verdens verste menneske, som hadde norsk kinopremiere 15. oktober.
  • Filmen er vald ut som Noreg sin Oscar-kandidat i kategorien beste internasjonale film.

I djupna av livet

Sidan i sommar har Reinsve brukt mykje intervjutid på å snakke om det eineståande i å jobbe med Joachim Trier, som har regi på Verdens verste menneske. Manuset har han skrive saman med den faste makkeren Eskil Vogt.

− Joachim er veldig nyfiken på kva det vil seie å vere eit menneske. Han og Eskil skriv ut karakterane først, og deretter skriv dei situasjonane. Det er det veldig få som gjer.

Reinsve peiker på at i det som blir laga av film og tv i Noreg, er det ofte plottet som får stå i sentrum.

I FARTA: − Det er ein veldig overgang, utan eigentleg å få slappe av, seier Renate Reinsve om livet etter Cannes.

Trier og Vogt tar på si side djupdykket ned i det eksistensielle. Dei utforskar blant anna kva kjærleik eigentleg er, kva det vil seie å ta val og kva som er konsekvensane av vala. For Reinsve si hovudrolle i filmen, Julie, er desse spørsmåla sentrale.

− Å få spele ein så kompleks karakter som er så veldig menneskeleg, det er veldig sjeldan. Det er sjeldan i Noreg uansett, at det blir skrive ein så fin karakter.

Vanskelege vilkår

Dei som lagar film og TV i Noreg, får for lite tid til å utvikle dei kunstnariske aspekta, meiner Reinsve. Det blir gitt for lite ressursar, samstundes som dei store, kommersielle prosjekta tar all plass. Resultatet er det ho omtalar som eit frustrerande miljø å jobbe i. Det medverka til at ho eigentleg hadde bestemt seg for å gje seg, seinast dagen før ho blei tilbydd rolla som Julie.

− I Noreg har vi ein lang veg å gå for å ha sjølvtillit i eige uttrykk. Eskil og Joachim har jobba i dritmange år med å utvikle deira ting, og blitt betre og betre. Det tar lang tid å bli god på noko. Det er viktig at Noreg satsar på det.

PÅ GLØSHAUGEN SATSES DET PÅ REVY: Nytt revylag på kryss og tvers av studieretninger

Satsinga må kome frå politisk hold, meiner ho. Både i form av pengar og andre typar prioriteringar. Om ressursane kjem, skal det ikkje stå på manglande talent.

Blir eg sponsa av Kaffebrenneriet, kjem økonomien til å gå rundt igjen.

− Det er så mykje gode folk, men det er så sjukt vanskeleg å kome gjennom søknadsprosessane. Du kan liksom ha ein film inne til produksjonssøknad i åtte år før du får lage han.

Eitt av filmprosjekta ho har lyst til å gjere framover, høyrer til filmskaparen Halfdan Ullmann Tøndel. Tøndel har fått stønad til skriving lenge, men enno ikkje til å lage filmen.

− Han er jo eit geni, meiner eg. Han har skrive eit heilt vanvettig bra manus. Den rolla er så sjukt kul, så eg håper filmen får produksjonsstøtte no.

Kaffispons

Reinsve er ikkje heilt på ukjente trakter når ho tar med seg filmen sin til Trondheim. Frå 2013 til 2015 jobba ho på Trøndelag Teater − og debuterte her som nyutdanna i Peer Gynt.

− Eg er veldig glad for tida ved teateret her. Det var veldig viktig, faktisk.

Ho skildrar eit miljø på teateret der skodespelarane fekk plass til å utvikle si eiga greie, og der ein heia kvarandre fram. Dei eldre skodespelarane lærte henne mykje, men lærdommen gjekk også andre vegen, følte ho.

HEIMKOMEN: Tilbake på Britannia Hotel, der Reinsve budde i fleire månader i 2015 grunna «noko fuckup med teaterleilegheita».

Miljøet elles i byen tok ho derimot ikkje større del i. Med prøver og framsyningar både dag og kveld, var det ikkje mykje tid til overs. Men éin plass utvikla ho eit varmt forhold til: Både til og frå jobb la ho turen innom Kaffebrenneriet på Bakklandet. Kvar dag.

Du blei intervjua av Under Dusken for seks år sidan ...

− Snakka eg om Kaffebrenneriet då også? Altså, eg er heilt hekta.

Det var din sigarett, sa du.

Reinsve seier ho har vurdert å slutte for å spare pengane.

− Men så har eg tenkt: Nei, det gir meg så jævleg mykje livsglede, så då bruker eg alle pengane mine der. Det kan vere det same med spons for desse kleda. Blir eg sponsa av Kaffebrenneriet, kjem økonomien til å gå rundt igjen.

Her kan du lese det forrige intervjuet Under Dusken hadde med Renate Reinsve.

Til utlandet

Etter at Verdens verste menneske hadde premiere 15. oktober, har ho endeleg kunne vise fram filmen til vener, og resten av Noreg for den del.

− Vi var jo i kinosalen, og då får vi jo berre høyre fine ting. Men vi fekk høyre at på Frogner kino, der ingen av oss var, der hadde det vore trampeklapp. Eg føler folk er så gira på å ta del i heile greia. Dette har jo skjedd med Noreg, på ein måte, ikkje berre oss i filmen. No reknar ho med ei veke eller to med litt lågare tempo. Litt tid til å setje seg litt ned og tenke «Okei, kva skjedde no?».

Nokre kjappe:

  • Beste kulturoppleving i år? Eg må jo seie Cannesfestivalen. Det var sjukt.
  • Kven vil du aller mest jobbe med? Isabelle Huppert sa faktisk til meg i Frankrike at ho ville jobbe med meg. Det hadde vore heilt sinnssjukt.
  • Korleis vere eit godt menneske? Det der er ein evig jobb. Ein må jobbe med seg sjølv og prøve å ha verdiane sine på stell. Prøve å skjøne korleis ein skal navigere i sitt eige kjensleliv, så blir ein betre til å vere der med andre.

Men snart går turen til Los Angeles for å presentere filmen for medlemmar av Oscar-akademiet. At produsentar i det store utland har fått auga opp for Reinsve, var eit faktum allereie i Cannes.

− Eg har hatt møte med nokre gigantiske personar i industrien i USA. Dei har jo ikkje sett filmen, men har fått veldig sterkt anbefalt at dei bør møte med meg. Det er ein stor ting å få møte med castingsjefen i Marvel. Folk som styrer Hollywood, liksom.

Vil du bli superhelt viss du kan?

− Først vil eg gjere denne typen filmar ein stund. Men eg hadde jo ikkje sagt nei, heller.

Powered by Labrador CMS