SOSIALT BÆREKRAFTIG: Kvar bylab er spesialtilpassa sin lokasjon og bebuarane kan vere med på å forme han.

Gi-bort-biblioteket på Elgeseter

Bøker og bylab gir både lesestoff og lokale i bytte mot ein meir levande og inkluderande bydel.

Publisert

Eg er i byens tyngdepunkt for kunnskap, forsking og innovasjon og trafikken ljomar i øyregangen idet eg stig inn på Bøker og bylab på Elgeseter. Eg henger frå meg kåpa på ein stumtenar og blir møtt med eit hyggeleg «velkommen» frå sida. I eit konferanserom framfor meg føregjeng det eit videomøte, og vidare inn i lokalet møter eg rad på rad med bøker og eit nytt «velkommen» frå ei studentgruppe ved eit langbord.

TREFFPUNKT: Her blir gode idear testa ut. Gratis bøker, kunst til sals og lokale til låns. Her ved Mathilde Lilleeng.

– Bøker og bylab er eit pilotprosjekt som skal vere med på å gjere Elgeseter til ein meir attraktiv og levande bydel, fortel rådgjevar Ann Marit Longva og tilbyr kaffi.

Akkurat no er bydelen ei transportåre, men visjonen er at det også skal vere ein stad der bebuarane kan møtast.

Ho fortel at det skal vere ein nøytral arena der folk kan kome med innspel og idear kring byutviklinga, og på den måten skape engasjement og eigarskap til Elgeseter. Pilotprosjektet er eit samarbeid mellom kommunen, Bærekraftsenteret og Trondheim Folkebibliotek.

– Det er eit samskapingsprosjekt, seier koordinatoren for Bøker og bylab, Troels Vestergaard Jensen.

Bøker og bylab blei etablert hausten 2019, og fekk prøve seg eit snautt halvår før det stengte ned. Longva fortel at det likevel har blitt godt mottatt, og mange er nysgjerrige og kjem innom.

LES OGSÅ: Fargemarka ble ghosta av kommunen

Redd ei bok ved å ta ho med deg heim – gratis!

Bøkene frå folkebiblioteket utgjer ein viktig del av prosjektet. Fleire tusen bøker blir kasserte kvart år på grunn av plassmangel, og i staden for å resirkulere dei, har dei etablert eit gi- bort-bibliotek.

Gi-bort-biblioteket skal sørge for at bøkene får eit ekstra liv. Kven som helst kan kome innom å plukke med seg så mange bøker ein vil, heilt gratis. Her kan ein finne gamle teikneseriar, rutete kokebøker og klassikarar, men også nyare titlar.

– Det er ikkje berre gamle bøker som blir kasserte, av og til må biblioteket ta inn ekstra av same bok fordi det er så lang venteliste. Når ventelista minkar blir avsette bøker sendt hit, fortel Troels.

Hyllene får nye tilskot kvar onsdag, og Longva fortel at mange bokreddarar dreg med armane fulle, medan andre føler seg småkriminelle og ikkje tør å ta til seg.

– Vi blir berre glade for at folk tar med seg mange bøker, fortel Vestergaard Jensen.

LES OGSÅ: Disse vil sitte i NTNU-styret

Samskaping med studentar

Bylaben kan på mange måtar samanliknast med eit moderne samfunnshus, der målet er å skape større engasjement og tilhøyrsle til bydelen. Lokalet er opent og stort, og fungerer som møterom, idéverkstad, galleri og leseplass.

– Det er arkitekturstudentar som har teikna og bygd interiøret. Det har heile tida vore fokus på berekraft, så resten er gjenbruksmøblar, fortel Longva.

Dei luftige bokreolane, store vindauga og varme trefargane medverkar til ei lun atmosfære i lokalet. Det er langbord, benkegrupper og ein tribune som viser veg til skjønnlitterære romanar, og det ser ut til at folk føler seg som heime der.

Arkitekturstudentane er ikkje dei einaste som har hatt eit prosjekt på Bøker og bylab. I eit hjørne mellom øyrelappstolar og diktbøker, under maleri av sjødyr, står det ei blå hylle som skil seg frå resten. Ho er fylt med atlas, havspel, bøker om fiskesafari, Titanic og Kaptein Sabeltann og ein prisvinnande dokumentar av David Attenborough på VHS.

– Hylla skal fremje kunnskap om havet, fortel studenten Anna Berg Brakstad og tar ut ei bok om økologi. Ho og Mathilde Lilleeng fortel entusiastisk om prosjektet dei har heldt på med på nyåret, i samband med masteremnet Humanister i praksis.

– Vi har farta rundt i ulike bruktbutikkar for å finne havrelatert innhald til hylla. I tillegg har vi tatt kontakt med kunstnar Aurora Huldra, som har stilt ut måleri som har samanheng med havet, seier Lilleeng og viser kunsten som heng på veggen.

Ein kan også finne kunstnaren sine penselstrøk på hylla til studentane, der ho har måla strandlinje og fyrtårn.

SOM JULEKVELDEN: Det er spennende å vere med å opne kassene og sortere dei kasserte bøkene som kjem frå biblioteket. Her ved Anna Berg Brakstad.

– Det var eit høgdepunkt å få setje opp havkroken, og vi grua oss til prosjektet skulle ta slutt. Å formidle kunnskap om havet på denne måten viser at også humanistar trengs i prosjekt som omhandlar berekraft og innovasjon. Det har vore givande å arbeide med, seier dei einigheit.

LES OGSÅ: Advokatfirma har konkludert: Eikrem må holdes ansvarlig

Eksperimentering

Vestergaard Jensen og Longva legg vekt på at heile konseptet med Bøker og bylab er at det kan brukast til mykje ymse.

– Huset skal sirkulere. Sidan det er eit pilotprosjekt, er det lov til å eksperimentere. Har du ein god idé har vi moglegheit til å prøve det ut, seier dei.

– Det er ein samskapingsarena. Bøker og bylab skal vere ein stad for alle. Treng ein eit lokale til opne arrangement kan ein låne huset gratis. Er arrangementet lukka kan det leigast for ein avtalt sum.

– Om ein studentorganisasjon treng ein stad å vere er det berre å ta kontakt, vi treng fleire vertar, seier dei og fortel at ein kan låne lokalet gratis mot at ein held eit auge med staden og ynskjer folk velkomne.

Powered by Labrador CMS