Olavsfest 2022

Fullstendig overtydande frå Kae Tempest

Tempest overtyder formidabelt, men lydtekniske vanskar legg band på formidlinga.

Publisert Sist oppdatert

Nidarosdomen synest å ha ekstra takhøgde når eit blanda publikum er samla for å oppleve poeten, dramatikaren, forfattaren og rapparen Kae Tempest. Scena er plassert midt i katedralen, omslutta av stolrader på alle kantar og rett under kunstinstallasjonen «Gaia» — eit syn som minner om albumkunsten til Tempest sitt andre studioalbum Let Them Eat Chaos. Alt lys er slekt, unnateken den strålande jordkloden oppunder taket og eit enkelt spotlys på artisten.

Salen jublar i det Tempest grip mikrofonen for å ynskje oss velkomne, ikledd ei audmjuk, blå skjorte og svarte bukser. Hen takkar oss og seier at det er gjævt å få opptre i eit slikt lokale, men at det er éin ting som må nemnast: – Dette er ein institusjon som for ikkje lenge sidan ville ha teke livet av nokon som meg, poengterer artisten som kom ut som ikkje-binær i 2020. Hen identifiserer seg som korkje kvinne eller mann.

Kyrkjerommet fyllast brått av eit pulserande, raudt lys i det opningslåta «Priority Boredom» frå det nye albumet The Line Is A Curve byrjar. Her gjennomgår heile domen ein metamorfose; iskalde syntar kombinert med ei diabolsk lyssetting omskapar katedralen til ein slags fangekjellar, og den dystre tematikken i låtane greier å gjere rommet litt grelt. Stemninga blir ibsensk når teksten i «Salt Coast» rungar gjennom det nær tusen år gamle bygget: «Salt coast, foul wind…Old ghosts, scrap tin…»..

MEIR FRÅ OLAVSFEST: Ei eiga musikalsk verd inne i Nidarosdomen

Tempest synest å røre seg rundt på scena med ein energi som både er trassig og varsam, indignert og taktfull. Ikkje eitt ord blir sagt mellom låtane. Hen held på eit kompromisslaust personleg uttrykk utan å verke respektlaus overfor rommet. Store låtar som «Europe Is Lost» og «Ketamine For Breakfast» vart ikkje framført, moglegvis fordi tekstlinjer som «they abduct kids and fuck the heads of dead pigs» blir i overkant vulgære for ein slik arena.

Valet av Nidarosdomen som lokale er verknadsfullt, men ein kan lure på om gimmiken er verdt det. Lydteknisk er rommet vanskeleg å jobbe med, noko som pregar opplevinga så mykje at det er reint sturent. Stundom minner bakgrunnssporet om ein telefonhøgtalar inni eit tomt ølglas, og det blei klart at diksjonen til rapparen frå søraust-London ikkje lèt seg kombinere med fire sekunder resonans.

Om ein ikkje kan tekstane frå før av, får ein truleg ikkje med seg særleg av bodskapen. Dette er synd, særleg når det blir meir og meir grautete etter kvart som artisten let lidenskapen sin og raseriet sitt vekse. Lyden er merkbart betre i stundene med eit meir nedtona akkompagnement, som under «Firesmoke» og «Grace». Eit høgdepunkt kjem òg i form av eit lengre mellomspel under «Holy Elixir», som best kan skildrast som eit fandenivoldsk vampyr-rave frå underverda, der ein vegg av lyd trengjer seg gjennom eitkvart hjarte i salen. – Ka i absolutte hælvete, kjem det frå sidemannen min. Eg nikkar samd.

MEIR FRÅ OLAVSFEST: Takk, takk, takk til Björk

Ein kan ytarleg la seg distrahere av ein lysteknikar som på dette tidspunktet kunne nytt godt av ein ritalinpille. Å skifte mellom komplett mørkre og apokalyptisk skarlagensol kvart anna sekund er ikkje naudsynt.

Konserten avsluttar med «People’s Faces», og Tempest trer no ned på golvet og går blant publikummarane; studerer andleta deira og pratar til dei. Det var ein augneblink som kunne vare evig. – Tusen takk, seier hen, og mottek ein blomsterbukett hen momentant kastar ned i langkoret. Artisten nektar plent å posisjonere seg over nokon.

Mogleg sit ein att med eit fornya inntrykk av Kae Tempest som person, så vel som artist. Ja, hen er eit lyrisk geni. Det var ikkje ukjend. Likevel rørar hen publikum med ein personlegdom som utstrålar så mykje aktsemd for verda rundt seg. Hen står fram som ein varmblodig og ivrig observatør av menneska og maktstrukturane vi er føydde inn i, og demonstrerer integriteten sin ved kvart einaste høve. Det er eksplosivt, det er enorm poesi, det er ei intens, kollektiv liding omdanna til kunst om kjærleik og overleving. Det hadde vore fint om ein slapp å velje vekk lydkvalitet for slagkraft. Det må ein forvente når ein har å gjere med ein såpass lyrisk intensiv artist.

Powered by Labrador CMS