Noregs beste studieby, snart også på samisk?

Det er på høg tid at samisk får sin rettmessige plass både i studentmiljøet og på NTNU.

Publisert

Dette innlegget er skrive i samarbeid med Saemien Studeenth Tråantesne.

Visste du at det einaste emnet på NTNU med «samisk» eller «same» i tittelen er Nordisk musikk: Frå nasjonalromantikk til samisk rapp? På trass av at Trondheim ligg i Sørsamisk område, er det i dag ikkje mogleg å ta enkeltemne som gir ei rein innføring i samisk kultur, språk eller historie.

Fornorskingspolitikken mot samar er ein mørk del av norsk historie. Den aktive politikken er avslutta, men ein ser framleis fleire etterverknadar, også innanfor akademia. Sørsamisk språk og kultur er viktig både historisk og i notida for Trondheimsområdet. Det er på høg tid at det får sin rettmessige plass i studiebyen Trondheim.

LES OGSÅ: Digital avstemming ved val av Samfundetleiar

Nye undersøkingar syner at heile tre av fire unge samar har vert utsett for diskriminering. Desse tala er skremmande høge, og lyt takast på alvor. Fleire har fremja at kunnskapsmangel er ein del av årsaka til denne diskrimineringa. NTNU burde vera ein viktig bidragsytar for å spre denne kunnskapen.

Universitetet mistar viktig kulturforståing, kompetanse og kulturkunnskap ved å ikkje tilby samiske fag. Det å tilby fleire samiske fag er også viktig for at NTNU skal verta ein meir inkluderande utdanningsinstitusjon.

Studenttinget ved NTNU vedtok i april 2019 ein resolusjon som krev at NTNU skal innføra ei rekke konkrete tiltak for å fremja samiske perspektiv i utdanningstilbodet deira. Noko har heldigvis skjedd sidan den gong, og institutt for lærarutdanning har gått framfor som eit godt eksempel og arbeidar no for å laga eit samisk kurs til lærarutdanninga. Eg håpar fleire institutt snarast følgjer etter.

NTNU har eit spesielt ansvar for å ivareta, spre og tilgjengeleggjera kunnskap om samisk kultur. Likevel skal heller ikkje Samfundet fråskriva seg ansvaret. Det samiske har heller ikkje fått ei sentral nok rolle hos oss, men dette er noko me no jobbar med å endra.

LES OGSÅ: Leder studentene fra hjemmekontor

Den 6. februar inviterer Samfundet til Festmøte: Samenes nasjonaldag. Det er på høg tid at me startar å markera nasjonaldagen til samane på Samfundet, og eg håpar at dette kan bli ein fast tradisjon i åra som kjem. Me kan også bli langt betre på å omfamna den samiske kulturen i området på ein dagleg basis.

På samanes nasjonaldag feirar me den samiske nasjonen og kulturen. Dette fokuset er det viktig at ein ber med seg året rundt, og at det ikkje vert avgrensa til den 6. februar. Ansvaret er felles, men NTNU og Trondheim kommune må gå i spissen for å gjera samisk kultur og historie til ein langt meir sentral del av studiebyen Trondheim.

Læhkoe biejjine! Gratulera med dagen!