Eit annleis val: Leiarvalet i år vil berre ha plass til 100 personar som deltar fysisk. Slik såg det ut under valet i 2020.

Digital avstemming ved val av Samfundetleiar

Valet av ny leiar for Samfundet blir haldt 24. februar.

Publisert

Det vil berre vere mogleg for 100 medlemmer å delta på arrangementet fysisk og det krever påmelding på førehand.

Samfundet strøymer også valet på eigne nettsider og på Youtube. Sjølve avstemminga går føre seg digitalt på Samfundet sine nettsider.

Eigeutvikla voteringssystem

Samfundet har utvikla eit eige voteringssystem på nettsidene sine, der medlemmer ved Samfundet kan stemme ved leiarvalet.

Systemet blei testa for fyrste gong på Samfundsmøtet laurdag 30. januar, då Storsalen vedtok forprosjektering av nybygget.

Samfundetleiar Karen Mjør meiner den digitale avstemminga fungerte godt.

– Eg er veldig nøgd. Det digitale systemet gjorde at me òg fekk med stemmene som me ikkje ville gjort med ei vanleg votering, seier ho.

Ifølgje Mjør var det over 300 personar som stemte ved voteringa laurdag. Ho meiner at det viser at det er viktig å få på plass alternative løysingar når kapasiteten er såpass avgrensa i Storsalen.

LES OGSÅ: Gjerdrum-raset forsinker neppe Samfundets nybygg

Auka tilgjenge

Digital votering kan gjere valet meir tilgjengeleg for medlemmene til Samfundet, hevdar Mjør.

– Eg mistenker at det senker terskelen for å stemme. Eg trur det fører til at fleire deltar. Det gjer at me òg fangar opp stemmene frå medlemmene våre som ikkje bur i Trondheim, seier ho.

Mjør presiserer at den digitale stemmeavleggjinga er ei mellombels løysing. Ho meiner at Samfundet så langt ikkje har nok erfaring til å avgjere om digital avstemming skal brukast òg etter at pandemien er over.

Ho vedgår at det digitale systemet kan auke sannsynet for at nokre vel å stemme på venane sine, utan å få med seg innlegg og utspørjingar på førehand. Ho presiserer samstundes at dette òg kan vere eit problem under fysiske avstemmingar med stemmeurner.

Fleire aktuelle kandidatar: Mjør har allereie vore i kontakt med aktuelle leiarkandidatar. Her er ho avbilda under leiarvalet i 2020.

Systemet er meir enn trygt nok

På samfundsmøtet 30. januar var ikkje heile teksten i vedtaksforslaget inkludert i det digitale voteringssystemet. Dette kom fyrst fram under møtekritikken. Mjør tilskriv feilen ein teknisk glipp som dei skal arbeide for å unngå i framtida.

Ho forsikrar at systemet er godt nok for å halde avstemminger ved Samfundet framover.

– Det finst alltid nokre generelle truslar ved digitale val, men systemet skal vere meir enn trygt nok, seier ho.

Mjør seier at dei ikkje opplevde nokon tryggleiksproblem ved avstemminga 30. januar.

– Og skulle det dukke opp nokon tekniske problem med stemmesystemet under leiarvalet, vil valet bli forkasta, forsikrar ho.

LES OGSÅ: Slik vil brexit påvirke konsertprogrammet

Inga alkoholservering

Grunna regel om fastmonterte seter ved arrangement er kapasiteten på det fysiske arrangementet i Storsalen avgrensa til 100 deltakarar. Samfundetleiaren seier at det då er naturleg at medlemmer blir prioritert, men at dei jobbar for å få på plass fleire fastmonterte sete i Storsalen slik at fleire kan delta.

Foreløpig vil det ikkje vere ope for kjøp av alkohol under det fysiske arrangementet. Mjør håpar at koronasituasjonen vil ha betra seg såpass mykje fram mot leiarvalet at det kan opnast for alkoholservering.

Mjør fortel at ho allereie har snakka med aktuelle leiarkandidatar. Det er fortsatt mogleg å melde seg som leiarkandidat, presiserer ho.

Grunna Isfit-arrangementa i februar vil Samfundsmøtet laurdag 6. februar vere siste høve til å melde kandidatur frå talarstolen i Storsalen. Mjør minner om at det mogleg er å sende inn kandidaturmeldinga òg etter laurdag.

LES OGSÅ UNDER DUSKEN LEDEREN: Unge politikere, men ikke en politikk for de unge

Powered by Labrador CMS