DEBATT:

Sex er digg, om alle er gira

Det er på tide at valdtektsparagrafen tar eit nei på alvor.

Publisert Sist oppdatert

Eg er blant dei ni av ti kvinnene som enno ikkje har opplevd eit seksuelt overgrep, men eg er fullt klar over at dette også kan skje meg eller nokon som står meg nær. Til då håpar eg at me har fått på plass ei lov som beskyttar offera.

Fokuset i dagens valdtektsparagraf ligg utelukkande på om gjerningsmannen har brukt «vald eller truande åtferd», eller om offeret er medvettslaust. Samtykke står ikkje nemnt. Ifølge norsk straffelov er det nemleg ikkje nok å seie nei.

Storsalen ved Studentersamfundet i Trondhjem tok eit tydeleg standpunkt i 2018 då dei vedtok at sex utan samtykke er valdtekt. Då bad ein om at norske politikarar ved fyrste høve skulle ta ansvar for rettstryggleiken til valdtektsoffer. No står me her skuffa to år seinare, sidan saka ikkje har hatt vidare framgang.

LES OGSÅ: Student slått i hodet av medstudent i forelesning

Det er lett å tenkja at ein skulle klart å gjera motstand om ein vart utsett for eit overgrep. At ein skulle slått og sparka, og at fysisk vald måtte vera til stades for at overgrepet skulle kunne skje. Statistikken viser diverre noko heilt anna. Over 70 prosent av valdtektsutsette «frys», slik at dei ikkje kan røra seg eller gjera motstand under overgrepet. Om du skulle vera så uheldig å vera på feil side av denne statistikken, har du i realiteten inkje rettsvern. Om du skulle vera tøff nok til å melda eit slikt overgrep til politiet, ville nok saka di vorte henlagt etter kort tid. Det er på tide at valdtektsparagrafen tar eit nei på alvor.

I tillegg til dei reine valdtektssakene, er det også mykje som er i gråsona. NRK har nyleg utført ei undersøking som viser at heile ein av fire i 20-årsalderen har hatt uønska sex. I dei fleste tilfella vil dei ikkje kategorisera det som valdtekt, men heller som situasjonar der det var lettare å la det skje enn å seie nei. Med ei samtykkelov vil ein i tillegg til betre rettsvern også innføra ei tydelegare normgiving. Når lova seier at sex utan samtykke er valdtekt, sender ein eit tydeleg signal. Det vil i langt større grad enn dagens lovverk krevja at samtykke er til stades. Dette kan føra til færre valdtekter, og vel så viktig: at gråsona vert mindre. Ein kan lettare definera om det som har skjedd er ei kriminell handling eller ikkje.

La oss saman heva stemmene våre for eit lovverk som tar vare på offera. La oss saman kvitta oss med den forelda oppfatninga av at valdtekt berre er definert av blåmerke og fysisk tvang. La oss saman visa alle som har blitt utsett for den store påkjenninga det er å oppleva eit overgrep, at me står saman med og kjempar for dei.

Dagens lovverk er ikkje tilstrekkeleg. Me veit at sex utan samtykke er valdtekt, det er på tide at lova også reflekterer dette.

LES OGSÅ: Færre menn blir psykologer

Powered by Labrador CMS