Nyhendekommentar

Noregs friaste* talarstol

*men berre innanfor eit kort tidsrom og så lenge styret ikkje allereie har avgjort kva vi skal meina.

Publisert Sist oppdatert

Etter fleire år i Trondheim er eg ikkje framand for å nytta laurdagskvelden min i Storsalen på noko av det eg likar best ved Studentersamfundet, nemleg eit godt samfundsmøte. Særleg når det er sett opp gode tema, er det få stader eg heller vil vera.

Når dei første samfundsmøta i haust har vore lite politiske, og det endeleg var duka for temaet «Krig i Europa» med gode innleiarar og attpåtil ein resolusjon om studiestønad, var eg sjølvsagt ikkje i tvil om kva eg skulle gjera den laurdagen.

HUGSAR DU DENNE: Hvem er for ekstrem for talerstolen?

No sit eg att med ei kjensle av at styret gjerne vil vera politiske utan at vi andre, medlemmane, dei det er absolutt flest av både i organisasjonen og i Storsalen, skal få blanda oss for mykje. Utan at vi får reelt rom til å ytra oss, verken under sofapraten eller når det kjem til å vedta politikk.

Eg vil stilla meg bak leiar Jonas som sa at det er viktig at vi fremjar resolusjonar og nyttar stemma vi har i Storsalen. Det bør då vera sjølvsagt at vi viser evne til debatt kring resolusjonane vi nyttar stemma vår til å fremje. Styret bør ta ansvar for å fasilitera diskusjon under møtet, ikkje berre for å få folk til å møta opp for å stemma på det dei har diskutert ferdig.

Dette handlar om fleire ting. Det handlar om å setja av tid til at dei med meiningar kan kjenna seg komfortable til å nytta denne frie talarstolen vår. Det handlar om å stilla gode spørsmål og faktisk leggja opp til debatt, heller enn å berre leggja fram ei politisk meining som fakta vi sjølvsagt skal stemma fram. Og det handlar om å formidla kva moglegheiter vi har til å fremja ein resolusjon sjølv eller å seia at vi heller vil ha eit betre forslag seinare. For det er vel mogleg, eller?

I 2020 fekk Studentersamfundet 75 000 kroner i stønad frå Fritt ord.

I saka om studiestønad er det ikkje beint fram kva som er best politikk, og det er nok difor Samfundet no meiner noko anna enn Norsk studentorganisasjon. Då er det desto meir grunn til å lata Storsalen diskutera det, eller kanskje til og med leggja fram alternative forslag å stemma over.

Heilt anekdotisk til slutt vil eg nemna at eg etter laurdagens møte høyrde fleire seia at dei ikkje var heilt einige i resolusjonen, men at dei forstod det slik at anten kan Samfundet meina dette, eller ikkje ha ei meining i det heile. Då har ikkje styret gjort ein god nok jobb med å informera om moglegheitene.

Kva skal vi med Noregs friaste talarstol om vi ikkje har tid til å vera ueinige?

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS