Ein scene å satse på

Martine har etablert ein scene som famnar stort og breitt, men etterlyser studentane sin utforskartrong.

Publisert

«Kor i all verda er inngangen?» skriv fotografen minuttane før vi skal møtast på Trykkeriet scene – Trondheim sin nyaste arena for kunst og kultur. Heldigvis har eg vore forvirra i desse traktene før, og slepp å ta fleire rundar i kvartalet for å finne rett dør.

I den vesle veita i Midtbyen stikk Martine Ildal Utne hovudet ut av ei tung jerndør. På veggen i trappegangen innanfor står det «Trykkeriet» i deira velkjende font, og den unge kulturarrangøren forklarar at dei i utgangspunktet har planar om å pusse opp inngangen.

– Men eg likar eigentleg den følelsen det gir no. Det minner litt om ein undergrunnsklubb i Berlin, og ein kan få følelsen av å ha oppdaga ein skjult skatt, forklarar Martine, medan ho fører oss ned i scenelokalet.

Rommet som opnar seg framfor oss, kan på mange måtar minne om ein mindre høgtideleg teatersal eller eit lite konsertlokale. Det er god takhøgde (i dobbel tyding), proft lydanlegg, eit galleri, ein heimesnekra bar og ikkje minst: ein passe stor scene.

Martine Ildal Utne er 29 år og frå Kolbotn. Ho kom til Trondheim i 2013 for å bli sjukepleiar, men etter å ha drive med drama og teater på vidaregåande og folkehøgskule, sende ho som sjukepleiar kulturlivet lange blikk. I dag er ho dagleg leiar på Trykkeriet scene, teaterinstruktør for barn og unge, og sjukepleiar innanfor psykiatri.

– Sjukepleiar er den fornuftige biten av meg. Eg merka at eg heile tida hadde lidenskapen ein annan stad, men det verka heilt usannsynleg å kunne leve av det. Så ser ein plutseleg at det kan ein. Då blir ein meir og meir trekt den vegen.

SKJULT SKATT: Trykkeriet scene ligg gøymt i Kattveita i same bygg som Trondheim Camping og Moskus bar.

Frå avslag til millionstøtte

No er det eit mål for henne å hovudsakleg jobbe innanfor kulturbransjen. Det er her ho har funne lidenskapen sin, og ho fortel at det er her ho vil pensjonere seg.

– Eg har bakgrunn i improteater og var på utkikk etter ein stad mellom Antikvariatet og Olavshallen: ein medium stor scene som er open for folket og ikkje berre for spesielt interesserte. Ikkje berre for dei profesjonelle som har kome seg gjennom nålauga, men ein scene som kunne favne stort og breitt.

Sjølv om Trykkeriet scene no har fått stønad frå både stat og kommune, fortel Martine at vegen dit har vore beintøff.

– Heilt sidan 2014 har eg jobba hardt for å prøve å bygge opp det vi sit i no. Ein fri scene for byen, for det frie scenekunstfeltet.

Ho begynte med å banke på dører, ringe rundt og sende fleire store søknader for å få støtte til å etablere scenen ho meinte Trondheim hadde behov for. Ho blei stort sett møtt med klapp på hovudet og avslag.

– Eg blei sett på som ung, drøymande og naiv, og det fyrte meg opp endå meir, fortel ho engasjert.

Likevel gav ho ikkje opp, og trua på sin eigen idé og sitt eige prosjekt gav til slutt avkasting. Plutseleg, i 2020, blei idéen teke imot med opne armar på Folkets hus, og etter å ha sendt ein diger søknad til statlege Kulturrom fekk Trykkeriet scene ei tildeling på 2,6 millionar kroner.

– Eg trur det var den største tildelinga i heile landet. Vi var ein av dei som hadde arrangert mest under pandemien, og dei såg ei drivkraft i oss. Eit kjempepotensiale. Dei hadde trua på at vi var noko som tilførte byen næring under ei kulturtørke.

LES OGSÅ: Anmeldelse: En kultursnobb konverteres?

Ein scene for alle

Både store og små, profesjonelle og amatørar skal få plass på scenen, og Martine fortel at det til tider kan vere vanskeleg å velje mellom alle som tar kontakt. Samtidig er ho klar på at dei tør å satse på dei gode idéane framfor dei som betalar godt.

– Vi prøver å ha ein god balanse mellom å tilby dei som er heilt ferske og dei som kan betale mykje. Nokreon gonger har vi valt bort dei som betalar godt for å få inn ei gruppe som har ein kjempegod idé. Noko som er superkult og berre må visast fram. Fordelen der er at eg ikkje er så god på økonomi, så eg tenkjer ikkje så veldig på om det drar inn masse pengar, seier ho og ler.

Ho er klar på at Trykkeriet scene skal vere ein stad der ein kan vise fram det ein held på med utan at det kostar titals tusen.

– Vi i Trondheim har ei ekstremt stor breidde av forskjellige typar kultur. Vi er nøydde til å vise det fram. Det er ekstremt mange dyktige frilansarar i byen, men det dei produserer blir sjeldan vist fram her. Det er veldig synd at kunstnarar som held til i byen må vise kunsten utanfor.

UREDD: Med bakgrunn i improteater er ho ikkje ukjent med å by på seg sjølv.

Tør å satse

Etter tildelinga av støtte har det å vere ung og optimistisk etter kvart vore ein klar fordel. Ho trekk fram lærevilje og lytteevne som viktige eigenskapar ein har som fersk kulturarrangør.

– Ung og naiv kan ha ein effekt på dei som deler ut støttemiddel. Dei synest det er inspirerande å sjå nokon som trur så fælt på eigne prosjekt. Vi tør å hoppe i det og satse litt. Vi lærer enormt raskt. Vi er flinke til å lytte til byen og ta pulsen på kva Trondheim treng. Vi er ikkje «grodd fast» i bestseljarar og liknande, men tør å tenkje nytt.

Denne innstillinga gjer at Trondheim er ein by som tilbyr arrangement som kvisskonsert, blekkfest, gaongbad og ulike former for improteater, i tillegg til meir tradisjonelle førestillingar og konsertar.

– Dei aller fleste som vil sjå teater oppsøker Trondheim teater, fordi det er det dei veit at finst. Ein må sjå litt utover også. Eg trur det er viktig å ha breidde. Ikkje nødvendigvis for konkurranse, men for å få ulike perspektiv på ting. Eg tenkjer at vi saman vil kunne generere meir kultur og etterspurnad.

Martine snakkar varmt om samarbeidet mellom dei ulike arrangørane i byen, og skildrar det som eit godt naboskap der ein støttar kvarandre heller enn å sjå på kvarandre som konkurrentar.

STUDENTENGASJEMENT: Studentane er ein viktig del av kulturlivet i Trondheim, fortel ho.

Avhengig av jungeltelegrafen

Ho fortel vidare kor viktige studentane er for kulturlivet i Trondheim. Nesten 80 prosent av publikum er studentar, men no merkar ho at nokre kull har gått tapt på grunn av pandemien. Ho opplever det som vanskelegare å nå ut til dei.

– Studentane oppsøker nye plassar i mindre grad enn før. Det er dødsvanskeleg å nå ut til unge vaksne som vil sjå på noko gøy og ta ein øl. Kvifor er det ikkje fleire slike ting som skjer? Ta ein kaffi og gjere ein lågterskel kviss, i staden for å berre ta ein kaffi, foreslår ho.

LES OGSÅ: Anmeldelse: «På denne scene vil jeg bygge min revy»

Då ho sjølv var ny i Trondheim, søkte ho opp arrangement i byen for å sjå kva som skulle skje. Etter kvart fekk ho vite frå venner og kjende om ting som skjedde, og slik oppdaga ho arrangement også utanom Samfundet.

– Jungeltelegrafen gjekk. Folk fortalde vennene sine om det som skjedde i byen, og dette gjorde det nesten unødvendig å legge ut arrangement på Facebook. Det var fullt hus kvar gong.

Ho refererer til tida då ho dreiv med improteater på Antikvariatet. No har arrangementet flytta til Trykkeriet, som har ein meir eigna scene, og ho merkar at dei er totalt avhengig av jungeltelegrafen. Dei siste åra har dei mista den typen marknadsføring fullstendig, og ho har derfor ei klar oppfordring til studentane:

– Utforsk! Oppsøk nye plassar! Når eg ser tilbake på livet som student no, ser eg kor snevert det var, og kor mange kule, skjulte plassar Trondheim har. Mange anar ikkje kva Trykkeriet er, kor det er eller kva som skjer her. Ver ein oppdagar i eigen by.

Det står derfor igjen å sjå om jungeltelegrafen vil ta seg opp igjen, slik at undergrunnskjensla kan bestå, eller om dei blir nøydde til å pusse opp inngangen for å bli meir synlege.

Powered by Labrador CMS